Spelarane avslører: Dette er ønskemotstandarane i fotball-VM

13 hours ago 1



Etter enda ein draumekveld på Ullevaal stadion, toler landslaget nå eit 0-8-tap i Milano, og vil likevel spele VM for første gong sidan 1998.

Trass i det, var det ikkje berre enkelt å få spelarane til å innkassere VM-billetten på direkten i intervjusona.

På eitt punkt gjekk det likevel an å få dei litt på glid. For kva motstand ønsker dei seg eigentleg framfor meisterskapet i Mexico, USA og Canada, neste sommar?

–⁠ Det hadde sjølvsagt vore veldig artig å kunne spelt mot nokon av dei aller beste, seier Patrick Berg til NRK.

– Kven er det da?

–⁠ Det er jo Argentina, Brasil, Frankrike, England, altså dei aller, aller beste.

– Spania har vi jo spelt mot og dei er jo kanskje det beste europeiske landslaget akkurat nå, som eg ser det. Så det artig å bryne seg mot dei også igjen. Vi nådde ikkje opp sist vi møtte dei, men kjensla vår er at vi har utvikla oss ganske mykje sidan den gongen, resonnerer Berg.

Messi Sheikh Tamim bin Hamad Al Thani

ØNSKA: Lionel Messi ønsker å krone eigen karriere med nok eit VM-trofé. Dette bildet er frå Qatar i 2022. Argentina vann sitt første gull i turneringa på 36 år.

Foto: HANNAH MCKAY

Vil bli køyrt defensivt

Så langt har VM-kvalifiseringa gått som ein draum. Sju kampar, sju sigrar, 21 poeng og 33–4 er fantastiske tal, uansett kva nasjon det dreier seg om.

Nå dreier det seg altså om Ståle Solbakkens Noreg.

Sondre Langås

VIL SLITE: Sondre Langås drøymer om Brasil.

Foto: NTB

Under meisterskapet som går mellom 11. juni til 19. juli neste år, blir kvaliteten på motstanden eit par hakk høgare:

– Det hadde vore kult å møte Argentina i eit VM, men eg trur også det hadde vore ganske kult å ha Mexico i opningskampen, seier David Møller Wolfe til NRK.

Midtstoppar Sondre Langås ønsker seg også søramerikansk motstand:

– Brasil, lyder svaret.

– Kvifor det?

– Nei, da kan du jo få køyrt deg defensivt, da. Du får testa deg mot gode spelarar, seier Langås som også røper overfor NRK at han har Frankrike på lista si.

Slenger inn Kapp Verde

Trekninga av VM-gruppene finn stad i Kennedy Center, Washington DC, fredag 5. desember. Ein som har litt andre ønske framfor trekkinga, er NRK-ekspert Kristoffer Løkberg.

– Heilt tunnelsyn og kynisme frå mi side, seier han i NRK-podkasten «Bakrommet», og klargjer at det for hans del berre handlar om det sportslege.

Til meisterskapet neste sommar kjem det heile 48 lag. Dei skal bli fordelt på tolv grupper med fire lag i kvar, eitt frå kvart av dei fire trekningsnivåa. Argentina, Frankrike og Brasil, også vertsnasjonane, oppheld seg alle i gruppe 1.

Erling Braut Haaland

BØLGE: Det norske landslaget har vore skrudd på i heile haust. Nå kan berre eit braktap i Milano øydelegge draumen med direkte VM-plass. Og det skjer neppe.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Slik ser draumegruppa til fotballekspert Løkberg ut:

– Canada er klink. Frå pott 2 er det verre, men Iran peikar seg ut som eit lag vi skal ta. Og så slenger vi Kapp Verde inn på slutten der.

Han forstår naturlegvis godt at Argentina er gjengangar blant dei norske landslagsspelarane. For eigen del er det noko av det siste han kan tenke seg:

– Eg skal ikkje ha noko romantisk Messi-møte berre for å tape. Det har ingen verdi for meg.

Vil vente med Argentina

Dei to beste laga i gruppa går direkte vidare til utslagsrunden. Dit kjem også åtte av dei tolv beste trearane.

– Eg skal langt ned på Fifa-rankinga. Eg skal ha gruppesiger og best mogleg veg vidare, og så kan vi ta Messis Argentina når dei byrjar å bli møre utover i meisterskapet, seier Løkberg.

Kristoffer Løkberg

KYNISK: Kristoffer Løkberg ønsker seg eit langt USA-opphald neste sommar.

Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

NRK-kollega Carl-Erik Torp ønsker seg Mexico frå pott 1, og har heilt klare preferansar når det gjeld nivået under.

– Det hadde vore utruleg gøy å få mitt kjære Uruguay mot Noreg. Eg har budd i Uruguay i nokre år, og har veldig mange venner og familie som eg har budd hos. Det hadde vore stort både for dei, og oss, meiner Torp.

Frå det siste nivået ønsker han seg Usbekistan.

Noreg ligg an til å hamne i pott 3 framfor trekninga. Berre eitt lag frå kvar konføderasjon hamnar i same gruppe, men det er gjort eit unntak for Europa. To europeiske lag kan nemleg hamne i same gruppe innleiingsvis.

Bilde frå @herrelandslaget på Instagram.

Publisert 14.11.2025, kl. 18.22

Read Entire Article