Sponsing av fylkes­kommunen er ingen sensasjon, Aftenbladet

1 hour ago 1



Kjell Nes fotografert på Ombo saman med kona Eli Grindhaug Nes i 2021. Foto: Tommy Ellingsen
  • Kjell Nes

    Tidlegare ordførar i Finnøy kommune

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Stavanger Aftenblad har dei siste dagane hatt nokre «sensasjonelle» oppslag om ein varaordførar som har arbeidd for å utvikla lokalsamfunn på Finnøy. «Sensasjonen» er for oss i kommunedelen gledeleg nytt.

Det finst altså enno politikarar som arbeider for oss og. Det skulle ha vore sjølvsagt, men etter det store vonbrotet då avtalen me gjekk til val på, den såkalla Intensjonsavtalen for samanslåinga, vart kasta på dungen etter etableringa, har me sett lite til politikk som gir ei utvikling i vårt område.

Andre kommunar som gjekk saman, såg på avtaleverk som var forhandla fram før nyetableringa, nærast som ei grunnlov. Men ikkje i Stavanger.

Sponsing av fylkeskommunen er ingen sensasjon på våre kantar, Aftenbladet!

No har altså Aftenbladet med alle sine graveressursar, funne ut at Henrik Halleland har kameratar, også feriekameratar frå Finnøy. Då er det mistenkjeleg at han arbeider for å få etablert skulevegar som er sikre for alle, dersom det og kjem kameratar til gode.

Eg kan gå god for at det Henrik Halleland her har gjort, har han vore opptatt av heilt frå den tida me sat i kommunestyret saman. For meg er det ikkje noko mistenkjeleg med dette. Det er derimot flott at han ikkje har gløymt oss.

I dag kom det ei ny opplysing i Aftenbladet. Varaordføraren har føreslått budsjettmiddel til å regulera denne sykkel- og gangvegen. Og det til ei fylkeskommunal oppgåve, sikring av ein fylkesveg. Skal dette ver ein ny sensasjon? Eg kan tipsa Aftenbladet om at det er heilt vanleg i kommunedelen vår å sponsa fylkeskommunen. Finnøy kommune har gjort det mange gonger når fylkeskommunen ikkje greier si oppgåve som regional utviklar. Eit godt døme kan vera ferjekaien på Judaberg som kommunen måtte finansiera store delar av.

Eit anna døme, Finnøytunnelen, der me lokalt betalte hundrevis av millionar kroner på ein fylkesveg, heilt til FrP fekk kvittert ut resten av lånet i statsbudsjett. Så me er van med å gjera slikt som eigentleg er fylkeskommunen si oppgåve.

Så dersom ein varaordførar ikkje skal kunna ta initiativ som dette i Stavanger kommune, må det vera eit sterkt varsku til andre småkommunar som kan ha tankar om å gå saman med ei bykommune. Me gjorde nok eit mistak.

Publisert:

Publisert: 20. februar 2026 13:24

Read Entire Article