Startar ikkje etterforsking av Jon Helgheim (Frp)

2 hours ago 2



Politiet i Bergen kjem ikkje til å starte etterforsking av Jon Helgheim (Frp) for hans publisering i sosiale medium av valdshending i Bergen på 17. mai.

Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Helgheim blei meldt til politiet etter han posta ein usladda bilde av valdshendinga der fire personar angreip ein blåruss i Bergen sentrum.

Politiet meiner det ikkje er grunnlag for etterforsking då det er lite sannsynleg at vilkåra for straff blir oppfylte.

– Vi har lagt vekt på at publiseringa er utført med hensikt om å skape ein offentleg debatt, og ikkje for å krenke, seier politiadvokat Kristine Knudsen Berge.

Berge peiker også på at bildet som er publisert ikkje viser sjølve valdsutøvinga, og at fleire av dei identifiserte personane sjølv tiltrekte seg merksemd på offentleg stad under hendinga.

Politiet minner om at slike publiseringar kan vere kritikkverdige og uheldige utan å vere straffbare.

– Vi ønsker å oppmode til å ikkje dele både video og bilde frå denne hendinga eller andre liknande hendingar på nett, seier Berge.

Read Entire Article