Staten dømd for tvangsbehandlinga av Inger-Mari: – Eg er heilt rørt

2 hours ago 1



Inger-Mari Eidsvik får medhald i retten i at legane har brote menneskerettane hennar.

Det slår Borgarting lagmannsrett fast.

Staten må også betale 2,2 millionar i sakskostnader.

«Saken er prinsipiell og er blitt ført som en pilotsak for å avklare rammene for tvang under tvungent psykisk helsevern», heiter det i dommen som blei avsagt fredag ettermiddag.

– Eg kjenner at eg er heilt rørt. Det er veldig sterkt for meg og eg er frykteleg glad, seier Eidsvik.

Retten konkluderer med at den konkrete tvangsmedisineringa av henne er i strid med lova. Det samme med ein av gongane ho blei isolert.

Under tvil er retten komen til at skjerminga av henne ikkje var i strid med lova.

Retten har også konkludert med at klagene hennar ikkje blei tatt alvorleg nok.

NRK har førebels ikkje fått kommentar frå Regjeringsadvokaten, som representerer Staten ved Helse- og omsorgsdepartementet.

Ville heller blitt behandla med søvn og kvile

60-åringen frå Ålesund er godt kjend i psykiatrien, og hevdar bestemt at legane har utsett henne for grove lovbrot medan ho har vore innlagt på sjukehus. Ho meiner dei ikkje burde tvangsmedisinert henne, sjølv om ho var psykotisk og utagerande.

60-åringen meiner ho heller burde blitt behandla med søvn, kvile, samtaleterapi og turar.

No får ho delvis medhald.

En person står foran døren til rettssal M31. Bak personen er et rom med flere dommerstoler og bord. Det henger lamper i taket, og det er tre paneler med lydabsorberende plater på veggen. En saksdokumentasjon er festet på døren med detaljer om saken.

Nyleg var Inger-Mari Eidsvik i Borgarting lagmannsrett for å kjempe for mindre tvang i psykiatrien.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Jobbar sjølv i helsevesenet

Inger-Mari Eidsvik er sjølv behandlar innanfor rus og psykiatri i dag. Arbeidsgjevaren er Helse Møre og Romsdal, der ho sjølv meiner ho blei utsett for grove lovbrot.

11 gonger har ho vore tvangsinnlagt, sist for 13 år sidan.

Kvar gong har ho nekta å få medisinar mot psykosen. Dermed har legane halde henne fast og sett sprøytene i henne med makt.

Borgarting lagmannsrett konkluderer med at menneskerettane hennar er brotne.

Dette er motsett konklusjonen som då Oslo tingrett behandla saka for eitt år sidan.

Diskusjon blant fagfolk

Fagfolka er ikkje samde om kor mykje tvang som bør brukast i psykiatrien. Dei siste åra har ekspertane diskutert om det er mogleg å bruke mindre medisinar og mindre tvang.

Likestillings- og diskrimineringsombodet har følgt nøye med på saka, og er kritisk til bruken av tvang i psykiatrien.

Dei siste åra har stadig fleire nordmenn blitt tvangsmedisinerte, trass i at behandlinga er omstridd. Berre i 2022 blei nærare 3750 menneske tvangsbehandla på ulike måtar.

Tilhøyrarbenkane var fulle av tidlegare pasientar og pårørande då saka gjekk i Borgarting lagmannsrett før jul.

En gruppe mennesker sitter i en rettssal, ordnet i to rader på benker av tre. Det er en stor skjerm bak dem, og rommet har moderne innredning. Deltakerne ser mot en usynlig foredragsholder, og noen har drikkevarer i hånden. Belysningen er dempet, noe som gir en seriøs atmosfære.

Tidlegare pasientar og pårørande følgde nøye med under rettsaka i Borgarting lagmannsrett før jul.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Håper på endring

Inger-Mari Eidsvik meiner at avgjerda betyr mykje både for henne personleg, men også for ei stor pasientgruppe som blir utsett for tvangsmedisinering og isolat.

Det vi blir utsette for, gjer at vi blir traumatiserte, seier Eidsvik.

Ho håper at dommen vil få konsekvensar for helsevesenet si behandlinga av psykisk sjuke framover.

– Når det er konkludert med at det er brot på menneskerettane, må dei ta det på alvor, seier Eidsvik.

Publisert 30.01.2026, kl. 14.58 Oppdatert 30.01.2026, kl. 15.37

Read Entire Article