DEBATT: Stavanger kommune viser veg i pårørande-arbeidet, det er eg glad for, fordi vi alle blir pårørande gjennom livet.
Anne Kristin Bruns
Bystyrerepresentant, Stavanger (KrF)
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Som foreldre, barn, ektefelle, søsken eller ven. Og mange av oss opplever òg å bli pårørande til eigne foreldre når dei blir eldre og treng meir hjelp.
Når sjukdom, funksjonsnedsetjing, rus eller alderdom rammar, er det ofte dei næraste som står der først og lenge før systema kjem på plass.
Meiningsfullt og krevjande
Å vere pårørande kan vere meiningsfullt. Men det kan også vere svært krevjande.
Eg veit litt om det sjølv. Eg har vore pårørande då mi eiga dotter vart alvorleg sjuk og kjent på kor sårbart det er når ein ikkje blir trudd eller teken på alvor. No er eg pårørande til ei mor på sjukeheim i ein annan kommune, og ser kor stor forskjell det gjer når pårørande blir møtte med respekt, informasjon og samarbeid.
Det handlar ikkje berre om system. Det handlar om menneske.
Samtidig må vi tørre å snakke om belastninga mange pårørande står i over tid. I Aftenbladet 23. juni etterlyser Jo Inge Myhre betre måtar å fange opp urimeleg høg omsorgsbelastning på. Det er eit viktig poeng som eg og vil utfordre minister Vestre på.
Kan vera tøffe tak
Mange pårørande lever i eit konstant beredskapssystem, dag og natt. Dei kjenner på uro, søvnmangel og stress over lang tid. Nokon må redusere stillinga si eller blir sjukmelde fordi belastninga blir for stor.
Vi snakkar ofte om den som er sjuk. Men vi snakkar for lite om dei som står rundt. Dette er også ei folkehelseutfordring. For dersom vi ikkje tek vare på pårørande, risikerer vi at dei sjølve blir pasientar.
Difor er vedtaket i Stavanger bystyre denne veka viktig. Vi har vedteke ein eigen temaplan for pårørandesamarbeid, etter initiativ frå KrF.
Målet er klart: betre informasjon og rettleiing, meir støtte og avlasting, reell medverknad og tydelege rutinar for samarbeid. Vi har òg bede om å vurdere ei arbeidsgruppe der både pårørande, kommunen og frivillige deltek, og å sjå på ei ordning med «éi dør inn», eit fast kontaktpunkt for pårørande.
Me treng kvarandre
Det handlar om å gå frå gode intensjonar til konkrete løysingar.
Pårørande er ein uvurderleg ressurs i samfunnet vårt. Den uformelle omsorga som blir gitt kvar dag i norske heimar, er på storleik med dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Det seier noko om kor avhengige vi er av kvarandre.
I åra framover blir dette berre viktigare. Vi blir fleire eldre, fleire lever lenger med samansette behov, og presset på tenestene aukar. Då må vi både ta vare på pårørande og samarbeide betre med dei.
Stavanger går no føre. Det forpliktar. Dette er ikkje berre ein plan for pårørande. Det er eit steg mot eit varmare og meir medmenneskeleg samfunn.
Publisert:
Publisert: 25. juni 2026 09:55

11 hours ago
1


English (US)