– Her har vi direktørar med skyhøge lønningar, og så får dei desse rause tilleggsgodtgjeringane. Det meiner eg er uspiseleg. Og når nokon også får dekt eigen bil, har det gått langt over streken.
Det meiner Kathy Lie, Sosialistisk Venstreparti sin helsepolitiske talsperson på Stortinget, etter NRK sin avsløring onsdag.
26 sjukehusdirektørar fekk dekka over 4,3 millionar kroner til pendling i fjor.
Lie får følge av helsepolitikar Kristian August Eilertsen i Framstegspartiet.
– Det ser ut til å vere ein galopp i utgiftene til pendling og andre frynsegode. Avstanden har blitt for stor mellom vilkåra til dei som jobbar i førstelinja i direktørsjiktet, meiner han.
Ein av ti pendlar
NRK har kartlagt utgiftene landets 37 helseføretak har til direktørpendling.
Det er flest pendlande direktørar innan eller til Nord-Noreg.
Men den dyraste pendlinga blant direktørar i det offentlege sjukehus-Noreg, var i fjor administrerande direktør Øyvind Bakke ved Sykehuset i Vestfold. Han pendlar frå Oslo til Tønsberg, og hadde i fjor både firmabil og pendlarbustad.
– Han ønska det, og vi innvilga det, forklarte styreleiar Per Christian Voss.
– Det er nesten ikkje til å tru, meinte leiaren i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe i Senterpartiet.
– Ukultur
Til samanlikning har administrerande direktør i Helse Nord-Trøndelag akkurat like lang køyretur – også frå Trondheim til Levanger tar det rundt 80 minutt. Men Annamaria Forsmark har kravd og fått null kroner til pendling.
Tvert i mot har ho ofte nøydd seg med å overnatta på sovesofaen på kontoret.
Øyvind Bakke har knapt halvannan times køyretid mellom Oslo og jobben i Tønsberg.
Dette kosta helseføretaket 377.000 kroner i fjor.
Lenger nord har Annamaria Forsmark same køyretid frå heimen i Trondheim til jobben i Levanger.
Dette kosta helseføretaket 0 kroner i fjor.
Den dyraste pendlinga i fjor var altså langs Oslofjorden – ikkje ein «søring i Nord-Noreg».
– Ære vere henne og helseføretaket for det. Dette viser at nokre helseføretak framleis har ein ukultur, mens andre er meir nøysame, meiner Toppe.
Det er også døme på at administrerande direktørar har arbeidsavtale om at pendlarbustaden skal vera stor nok til at familien kan komme på besøk, eller at kvoten med gratis flyreiser også kan brukast av ektefellen.
Langs heile det politiske spekteret på Stortinget blir pendlarordningane kritisert.
Nadir Alam / NRK
Nestleiar Ida Lindtveit Røse (KrF) : – Gullkanta
– Det er påfallande at nokre sjukehusdirektørar får svært gode pendlarordningar, medan andre klarer seg utan. Desse gullkanta ordningane kjem samtidig som helsevesenet knakar i samanføyingane og slit med å rekruttere personell. Det er viktig med gode leiarar, men det er noko med signaleffekten. Når enkelte sjukehus manglar skittentøykorger og pauserom for dei tilsette, blir kontrastane for store.
Jenny Marie Sveen / NRK
Seher Aydar (Raudt): – Systemfeil
– Utgiftene sjukehusa har til direktørpendling er eit symptom på ein større systemfeil. Det er eit enormt gap mellom goda til direktørane, og dei harde prioriteringane på sjukehusa.
– Det er på tide å flytte makta tilbake til dei folkevalde og tilsette. Vi treng ikkje overbetalte pendlar-direktørar langt borte frå sjukehusa og menneska som blir ramma. Vi treng betre bemanning i førstelinja.
Kjersti Hetland
Margret Hagerup (H): – Best kvalifiserte
– Det er opp til det enkelte helseføretaket å avgjere kven som blir tilsett og på kva vilkår. Eg føreset at helseføretaka held kostnadane lågast mogleg, og samtidig tilbyr konkurransedyktige vilkår for å kunne rekruttere og halde på kvalifiserte leiarar.
– Eventuelle pendlarordningar må vurderast konkret og stå i eit rimeleg forhold til behovet for å få den best kvalifiserte kandidaten.
Storm Pessl-Kleiven / NRK
Marius Dalin (MDG): – Uheldig
– I utgangspunktet er det uheldig at leiarar i helsevesenet ikkje bur i området som dei jobbar. Dette handlar om tilhøyrsle, pengar og klimafotavtrykk. Men dette må naturlegvis vegast opp mot kompetanse og andre omsyn.
– Likevel mistenker eg at styra i helseføretaka har for stor tru på å «resirkulere» helsetoppleiarar framfor å sjå etter leiarkandidatar regionalt med ferskare pasienterfaring.
Håvard Greger Hagen / NRK
Kathy Lie (SV): – Uspiseleg
– Så rause godtgjeringar er uspiseleg, mens sjukehusøkonomien er elendig: tilsette er for få og slit med å få endane til å møtast.
– Det er i og for seg ikkje skandaløst å få dekt reise og bustad (vi på Stortinget sit litt i glashus), men føretaksmodellen ser ut til å produsere uansvarleg pengebruk og fleire høgt løna direktørar.
– Helseformutvalet bør føreslå ein modell for betre ressursstyring.
Henrik Einangshaug / NRK
Kristian August Eilertsen (Frp): – Frynsegode
– Pengane Stortinget løyver til helse skal først og fremst brukast på pasientbehandlinga, ikkje ein galopp i utgiftene til pendling og andre frynsegode. Viss ventetidene var langt kortare og pasienttilboda ikkje blei kutta eller lagde ned, ville slike ordningar vore lettare å akseptere. Denne saka viser kvifor Frp vil legge ned dei regionale helseføretaka og redusere helsebyråkratiet.
Javad Parsa / NTB
Kjersti Toppe: – Ufatteleg
– Så høgt løna direktørar burde dekka pendlarkostnadane sjølve. 4,3 millionar kroner er ikkje kjempemykje , men kunne blitt spart, så pengane går til pasientane.
– Med dei veldige avstandane i nord kan ein forstå at ein kan dekke utgifter til pendling, men ikkje mellom Oslo og Tønsberg.
– Det er også heilt ufatteleg at kona skal kunne bli med på pendlarutgifter Bergen-Hammerfest betalt av staten.
Oslo Arbeiderparti
Arbeiderpartiet
Partiet viser til Helse- og omsorgsdepartementet for kommentarar.
Departementet: – Helseføretaka vurderer sjølv
Arbeidarpartiet på Stortinget vil ikkje kommentere NRKs kartlegging, og viser til Helse- og omsorgsdepartementet.
Men verken helseminister Jan Christian Vestre eller statssekretær Ole Martin Juel Slyngstadli vil svare konkret om funna.
– Sjølv om du stiller spørsmålet på eit generelt nivå, må eg vere varsam med å kommentere det, seier Slyngstadli.
– Men kva tenker de om at omtrent kvar tiande direktør i helseføretaka pendlar her i landet?
– Det er kvart enkelt helseføretak som kjenner organisasjonen sin og området sitt best. Dei sjølv må vurdere behova for kven dei tilset og kva ordningar dei gir.
Statssekretær Ole Martin Juel Slyngstadli vil ikkje kommentere pendlaravtalane helseføretaka har gitt direktørane sine.
Foto: Helse- og omsorgsdepartementet– Openheit er bra
Det einaste statssekretæren vil seie, er:
– Alle helseføretak skal følge retningslinjene for lønn og godtgjersle til leiande tilsette. Dei skal kunne tilby konkurransedyktige vilkår, men staten skal ikkje vere lønnsleiande, og ein skal utvise moderasjon. Det følger vi også opp med dei regionale helseføretaka.
– Trengst det nokon felles reglar for pendlarpolicy i helseføretaka?
– Vi har retningslinjer, og det er kvart enkelt helseføretak som må vurdere behova for slike ordningar.
– Då får ein forskjellar som at to direktørar som reiser like langt til jobb, får dekka alt frå null til 373.000 kroner i året for pendlinga si?
– Sjølv om du prøver å generalisere, kan eg ikkje kommentere på det som i realiteten vil bli å kommentere på samanlikning av enkeltsaker, svarar Slyngstadli.
Men han helsar debatten velkommen.
– Det å leie eit av helseføretaka våre, er eit tungt leiaransvar, der ein forvaltar stor tillit frå befolkninga. Derfor meiner eg også at det er bra at ein er open om slike avtalar, og det er bra at media gir det merksemd.
– Pussig
Redaktør Martin Gray i Dagens Medisin kommenterer NRKs funn slik:
– Det er ei litt pussig liste som NRK presenterer. Nokre leiarar med overraskande kort reiseveg får dekt veldig mykje.
Også han er særleg overraska over firmabil og pendlarbustad for sjukehusdirektøren i Vestfold.
– Ja, alle tillegga til Øyvind Bakke, som bur i Oslo og jobbar i Tønsberg, kan verke litt underleg. Det er nok lettare å sjå kvifor ein dekker pendlarleilegheit og reiseutgifter for folk som bur på Austlandet og som har valt å ta ein jobb i Helse Nord, meiner Gray.
Publisert 04.06.2026, kl. 19.16











English (US)