Sterke reaksjonar på Trumps handelstoll: – Det er jo litt uverkeleg dette

1 month ago 18



Onsdagens klare tale frå USA vekker bekymring blant norske verksemder, mellom anna innanfor sjømatnæringa.

Noreg blir pålagt ein generell toll til USA på 16 prosent, som kjem i tillegg til den ordinære tollen.

I ulike norske verksemder som eksporterer mot USA og EU er det no ein stor grad av usikkerheit.

For oppdrettsselskapet Marø Havbruk i Kinn kommune i Vestland er den amerikanske marknaden viktig, der mykje blir sendt ut gjennom eksportselskapet Seaborn.

Dagleg leiar Elin Tveit Sveen stadfestar at ho er spent på kva som skjer framover.

– Eg vil tru vi kjem til å merke det godt. I tillegg har du usikkerheita, kva som skjer mot Europa. Vil vi få toll mot Europa òg, eller er det mogleg å kome til semje med dei om at vi ikkje skal bli råka av den tollen som dei vil svare USA med? Det veit vi jo ikkje.

Jon Eirik Tveit og Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk på Svanøya

Elin Tveit Sveen (t.h) og Jon Eirik Tveit i Marø Havbruk produserer fisk som hamnar på den amerikanske marknaden.

Foto: Kaia Johnsen Viki / Bård Siem

Bekymring

Verksemda OSO Hotwater i Hokksund har sidan 1932 laga varmtvasstankar som blir eksporterte til store delar av verda.

Konsernsjef Roy André Magnussen er bekymra.

Bedrifta eksporterer det aller meste til EU og konkurrerer hardt med produsentar i lågkostområda i EU.

Dette vil svekke vår konkurransekraft inn i marknaden. Vi konkurrerer med lokale produsentar, og då vil våre produkt framstå som mykje dyrare, og vi vil miste volum.

Han trur Noreg kan bli råka dersom EU legg ein tollring rundt si eiga økonomiske sone.

en mann med skjegg

Konsernsjef i OSO Hotwater, Roy Andre Magnussen, er spent på korleis EU vil reagere på USA-tollen.

Foto: NYG

Avventande

Ekornes er ein av dei største møbelprodusentane i Noreg.

Selskapet med hovudkontor i Sykkylven har produksjon i Noreg, Litauen, USA og Thailand – og milliardomsetning i USA,

Administrerande direktør Tine Hammernes Leopold seier at dei enno ikkje veit utfallet av dei auka tollsatsane.

– Det konkrete utfallet av dei siste opplysningane er ikkje avklart, men i den grad det er naudsynt må vi justere prisane ved auka kostnadar.

Ekornes har tidlegare uttalt at dei er førebudd på å flytte rundt på både produksjon og vareflyt om det blir ein full handelskrig.

Tine Hammernes Leopold administrerande direktør i Ekornes

Administrerande direktør i Ekornes, Tine Hammernes Leopold, seier dei enno ikkje veit utfallet av dei auka tollsatsane.

Foto: Pressebilde

– Uverkeleg

NHO Vestland prøver no å få oversikt over korleis tollen vil råke medlemsbedriftene.

– Det er jo litt uverkeleg dette. Vi står i praksis på trappene til ein global handelskrig. Og det vil vere uheldig for alle, seier regiondirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer.

Ho er tydeleg på at konsekvensane kan bli alvorlege. Dersom dette treff ordentleg, kan det bli tap av arbeidsplassar og føre til høgare prisar i Noreg.

– Totalt sett så kan vi risikere ein svekka norsk økonomi.

Regiondirektør NHO Vestland

Regiondirektør i NHO Vestland, Helene Frihammer, seier den varsla tollen skapar stor grad av bekymring.

Foto: NRK

Sjømat Norge bekymra

Sjømat Norge er også bekymra på vegner av medlemmane.

– Ja dette er alvorleg. USA er vårt største enkeltmarknad. Berre i februar vart det eksportert sjømat for 1,6 milliardar, seier direktør for internasjonal avdeling i Sjømat Norge, Trond Davidsen.

I februar vart det eksportert sjømat til EU til ein verdi av 7,4 milliardar.

– Det meste er uoversiktleg. I kor stor grad vi blir råka er vanskeleg å seie akkurat no. Vi jobbar med å skaffe oss meir kunnskap om dei endelege tollsatsane.

viseadministrerende direktør Trond Davidsen i Sjømat Norge.

Trond Davidsen i Sjømat Norge er spent på korleis EU vil reagere på den varsla tollen frå USA.

Foto: Siv Dolmen / Sjømat Norge

Publisert 03.04.2025, kl. 11.00 Oppdatert 03.04.2025, kl. 11.24

Read Entire Article