Støre kritisert for avtalekaos

2 hours ago 1



Klokka to i natt var det pressekonferanse der MDG og SV kunngjorde at også dei var einige med regjeringa om statsbudsjettet for 2026.

Ein omstillingskommisjon for oljeindustrien er eitt av avtalepunkta.

I Stortinget onsdag føremiddag møtte Støre krass kritikk for å ha inngått ein uklar avtale som avtalepartnarane forstår heilt forskjellig.

Gir bort veslefingeren

Sylvi Listhaug i Stortingets spørretime 3. desember 2025.

Sylvi Listhaug i spørjetimen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner Støre set norsk oljenæring i spel og at han er inne på ein farleg veg når han gir delsigrar til MDG som vil avvikle oljenæringa.

– No har regjeringa gitt veslefingeren til eit parti som vil legge ned Noregs viktigaste næring. Tenk kva dei gamle industribyggarane i Arbeidarpartiet ville ha tenkt, sa Listhaug i Stortingets spørjetime.

– Det finst ikkje eitt ord om å avvikle næring her, svarte Støre, og argumenterte for at det uansett kjem ei energiomstilling som politikarane må henge med på.

– Vi høyrer kva du seier, men vi ser kva du gjer, sa Listhaug.

MDG jublar for omstillingskommisjon

MDG braut statsbudsjettforhandlingane i helga, og kritiserte at forhandlingane hadde bidrege til meir klimautslepp enn det regjeringa foreslo i budsjettforslaget i oktober.

Etter ekstrarundar dei tre siste dagane hadde MDG-pipa fått ein annan lyd, og MDG jublar no for ein kommisjon som det oljekritiske partiet meiner er historisk.

– Vi startar no å skrive det siste kapittelet i norsk oljehistorie og opnar difor for alle dei eventyra som skal bygge Noreg vidare, sa MDGs finanspolitiske talsperson Ingrid Liland i natt.

Omstillingskommisjonen skal gje ein strategi for siste fasen av norsk sokkel, sa ho.

– Det verkar som eit tynt gjennomslag?

– Verkeleg ikkje. Her skal fagrørsla, miljørørsla og fagfolk sitte saman og sjå korleis vi skal utvikle norsk økonomi som heilskap i ein fase der norsk sokkel blir mindre aktiv. Då er det avgjerande at det blir litt mindre «Drill, baby, drill» slik det har vore litt for mykje til no. Det får vi sat i gang no.

forhandlingsleder for MDG Ingrid Liland

MDGs forhandlingsleiar Ingrid Liland.

Foto: Benyamin Farnam / NRK

– Det står jo ingenting om utfasing, avvikling, leitestans eller avgrensing av areal?

– Men det står at dei skal legge ein strategi for denne nedgangsfasen av norsk sokkel. Det har vore heile vårt poeng. Det kjem nedgangstider fordi Europa og Noreg skal omstille seg til eit nullutsleppssamfunn. Då må ein tilpasse politikken deretter.

– Kva seier du til klimaengasjerte som ikkje vil ha eit offentleg utval, men handling?

– Eg er heilt einig.

– Kvifor har du underskrive på dette då?

– Fordi det står svart på kvitt at den fasen vi skal inn i no er noko heilt anna enn det som ligg bak oss. Å få andre parti til å erkjenne det, har vore som å trekke tenner.

Ulikt syn på høgresida

Men også på høgresida i politikken er det heilt ulikt syn på ein omstillingskommisjon. Mens Listhaug åtvarar mot for store oljesigrar for MDG, er venstreleiar Guri Melby klar for å støtte kommisjonen.

Guri Melby sitter i en stol

Venstreleiar Guri Melby.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Ein oljekommisjon kan godt vere starten på ei omstilling i Noreg, men dette kuttar jo ikkje eit einaste tonn CO₂.

Ho viser til at Stortinget var einige i fjor etter budsjettforhandlingar om å etablere eit offentleg utval som blant anna skulle lage ein strategi for å betre omstillingsevna når olje- og gassproduksjonen går ned.

Dette utvalet er enno ikkje etablert, og statsminister Støre avklarte i Stortinget i dag at det berre blir eitt - ikkje to - slike utval.

Også Melby meiner avtalen frå i natt illustrerer kaos på raudgrøn side.

– Problemet er at partia legg heilt ulike ting i kommisjonen. MDG legg noko heilt anna enn Sp og Ap i dette. MDG har overselt dette, utsleppa ved dette budsjettet aukar, her er det berre knappar og glansbilde, meiner Melby.

Pressekonferanse om natta, ueinige om morgonen?

I Stortingets spørjetime åtte timar etter den nattlege pressekonferansen gratulerte MDG og statsministeren kvarandre med avtalen.

Samtidig gjekk Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum ut og kritiserte MDG for å villeie om kommisjonen. Til VG sa Vedum onsdag morgon at MDG har «overselt sigeren sin».

Høgres finanspolitiske talsperson Nikolai Astrup meiner dei fem partia som no stemmer for statsbudsjettet slett ikkje er einige om kva dei er einige om.

Du var i ein debatt i Politisk kvarter i dag tidleg som viser at forlikspartane ikkje er einige om det som står i avtalen, sa Astrup. Han gav statsministeren ein pastillpose av merket «Tutti Frutti» for å illustrere poenget, og måtte tole kjeft frå stortingspresidenten for det etterpå.

Nikolai Astrup med tuttifruttipose

TUTTIFRUTTI: Nikolai Astrup gir statsministeren ein pose Tuttifrutti, men må tole korreks frå stortingspresidenten etterpå.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Representantane for opposisjonen lagar no store historier om at budsjettpartnarane har heilt ulike tolkingar av kva vi er samde om. Eg har ikkje sett noko av det. Vi står godt saman om dette, var Støre si forteljing i spørjetimen.

Han fekk iallfall heilhjarta støtte frå SV-leiar Kirsti Bergstø som påstod i Stortinget at «verdas beste budsjett har blitt endå betre».

Det er til å leve med at opposisjonen kallar dette kaos, sa Støre til Høgres Astrup.

Korleis skal dette gå framover når ein må ha pressekonferanse klokka to om natta fordi ein er redd for at semja ryk dersom ein ventar til morgonkvisten, spurde Astrup.

For nokon av oss er klokka to om natta morgonkvisten, parerte Støre.

Publisert 03.12.2025, kl. 13.04 Oppdatert 03.12.2025, kl. 13.08

Read Entire Article