Støre om arroganse-skuldingar: – Veldig fjernt

12 hours ago 4



– Eg stiller meg veldig uforståande og synst det er veldig fjernt. Eg har fått to spørsmål og eg har verkeleg lagt vekt på å svare grundig på det.

Det seier Støre til NRK, etter å ha fått med seg utbrotet Amundsen hadde mot statsministeren fredag føremiddag.

I ei pressemelding gjekk kontrollkomité-leiaren hardt ut mot Støre, og kalla han arrogant.

– Spesiell tone

Amundsen meiner Støre ikkje svare konkret på kva slags tiltak regjeringa har sett i verk for å rydde opp i det mange meiner er ei tillitskrise, som har kome i kjølvatnet av dei norske Epstein-koplingane.

per-willy

Leiar i kontrollkomiteen, Per-Willy Amundsen (Frp).

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eg synst det er ein spesiell tone, når no alle partia er samde om at vi skal kome til botns i dei spørsmåla folk har. Det skal vere høyringar og granskingskommisjon, og vi skal gjere alt vi kan for å bidra til det, seier Støre. Han legg til:

– Det får vere hans val å politisere tonen på den måten. Eg synst det ligg bortanfor politikken å snakke slik.

Spør om tiltak

– Det kan virke som at regjeringa ikkje har sett i verk nokon tiltak etter Epstein-avsløringane, skriv Amundsen. Har de sett i gang nokon tiltak?

– Jo, men ikkje sant... det er tre-fire veker sidan desse nyheitene kom, og vi har no raskt blitt samde om at vi skal finne ut om det har skjedd ting i Noreg dei siste åra som ein må sjå på med nye auge. Og korleis forheld vi oss til det? Jo, det er høg bevisstheit om at regelverket skal følgjast. Eg har i mi regjering stadig gjennomgangar om habilitetsspørsmål, seinast denne veka, seier Støre, og viser det fram som eit eksempel.

– Kva meiner du er viktigast å få svar på i den situasjonen som har oppstått etter Epstein-dokumenta har vist?

– Det er ikkje eg som skal stille dei spørsmåla. Vi skal gjere alt vi kan for å gi svar frå vår side, seier Støre.

– Men det må jo vere å få svar på den tvilen nokon måtte ha om norske tenestemenn- og kvinner, politikarar, embetsverk og ambassadørar har opptredd i tråd med dei verdiane vi vil at Noreg skal følgje, at vi er pålitelege, følgjer reglar og rapporterer på det vi gjer. Og at vi ikkje gir fordelar dei ikkje skal ha.

– Dette rører ved tilliten, og det er eg veldig opptatt av at skal gjenopprettast, seier Støre.

Ber statsråd vurdere å politimelde

Fredag bestemte Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget å sende Støre nye spørsmål om saka. Dei skal førast i pennen på deira neste møte, komande tysdag.

Utanriksminister Espen Barth Eide fekk derimot nytt brev med nye spørsmål fredag.

Komiteen ber blant anna utanriksministeren vurdere å melde til politiet det som kan vere ulovleg lagring av dei hemmlegstempla dokumenta som Økokrim fann i kjellarboda til diplomatekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul.

– Teoretisk sett kan dette vere dokument som er særs viktige for nasjonen si sikkerheit, og då er det ganske alvorleg lovbrot vi snakkar om. Det er ikkje unaturleg dersom Utanriksdepartementet går for å melde dette til politiet, seier komitéleiar Amundsen til NRK, når han grunngir kvifor komiteen stiller dette spørsmålet.

Han meiner også det vil vere naturleg om PST går inn i saka på eigen kjøl.

Komiteen opna i slutten av februar kontrollsak, kor dei vil granske om det er og har vore kritikkverdige forhold i utanrikstenesta.

I ein månads tid har dei brevutveksla både med utanriksministeren og statsministeren for å få svar på nettopp dette.

Publisert 12.03.2026, kl. 12.26 Oppdatert 12.03.2026, kl. 12.49

Read Entire Article