Støre om kronprinsessas openheit: – Trur det kan gje tryggleik

8 hours ago 1



– Eg vil anerkjenna kronprinsessa for at ho deler. Eg trur det kan gje tryggleik at ho snakkar om helsesituasjonen.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.

Fredag vart det kjent at lungesjukdomen til kronprinsesse Mette Marit er forverra i haust, og at ho no vert forberedt på ein mogleg lungetransplantasjon.

– Eg trur heile Noreg ynsker henne alt mogleg godt, ei god behandling og god betring.

Støre meiner det er viktig med openheit om helse – innanfor grenser ein set sjølv.

– Men når kronprinsessa har vore open og delt på denne måten, trur eg det kan gi tryggleik for mange som føler at dei er åleine i ein vanskeleg helsesituasjon.

Levd med sjukdomen i fleire år

Kronprinsessa har sjukdomen lungefibrose. Det er sju år sidan ho fortalde offentleg at ho hadde fått diagnosen.

Lungefibrose gjer at vert danna arrvev på lungene, så dei vert stive, mindre elastiske og skrumpar inn.

Det gjer at det vert vanskelegare og vanskelegare å pusta etter kvart som sjukdomen utviklar seg.

Kronprinsparet har lenge vore førebudde på at sjukdomen vil gjera det naudsynt med ein transplantasjon.

– Men eg trur nok at det kom litt raskare enn iallfall eg hadde sett føre meg og hadde håpa på, seier kronprinsesse Mette-Marit til NRK.

Har same diagnose som kronprinsessa

– Det har berre hatt ein positiv innverknad. Det har vorte meir fokus i Noreg, og eg trur nordmenn generelt er mykje meir opptatte av lungefibrose og kva det er enn våre naboland.

Det seier John Solheim, president i Den europeiske lungefibroseføderasjonen, til NRK.

Han har sjølv same diagnose som kronprinsesse Mette-Marit. Også han rosar kronprinsessas openheit om sjukdomen.

– Det ho bringar av openheit, vil eg igjen rosa ho for. Det er viktig å vera open og stå fram, seier Solheim.

Publisert 19.12.2025, kl. 09.06 Oppdatert 19.12.2025, kl. 09.55

Read Entire Article