Stortinget bør vedta overgangsordning frå monarki til republikk!

3 hours ago 2



DEBATT: Mangel på ei god overgangsordning hindrar Norge i å gjere det mest opplagde; å avskaffe monarkiet.

Kronprins Haakon fotografert da han åpnet SUS Ullandhaug 14. januar 2026. Foto: Anders Minge
  • Berit Moltu

    Folkevald vara for Stavanger Arbeiderparti

Publisert: Publisert:

For mindre enn 1 time siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Monarkiet er ein forelda institusjon som ikkje samsvarer med moderne verdiar om at makt ikkje kan gå i arv. I Norge har vår parlamentarisme vore tufta på verdiar som fridom, likskap og demokrati. Ingen andre stader i samfunnet, ville vi akseptere at posisjonar går i arv. Kva om ein kunne bli fødd til å bli statsminister, ordførar, dommar, høgstejustituarius, eller statsforvaltar? Sjølv om kongehuset ikkje har mykje formell makt, tillegg det mange gode og privilegium til institusjonen og det å vere kongeleg.

Gjennom å la kronprins Haakon Magnus sitje som landets første president i si levetid, som ei overgangsordning, og deretter ha ein folkevald president, gjer vi denne overgangen lettare.

Vakuumet for nummer to

Vi har hatt tre kongar sidan Norge vart sjølvstendig, som alle har hatt gode relasjonar til det norske folk. Vi kjenner alle bileta frå kong Olav som betaler billett på trikken, kronprinsbarna som går i offentleg norsk skule og kong Harald sin inkluderande tale om likeverd for alle uansett religion, legning, geografi eller opphav.

Men med nye generasjonar er vegen kort til Epstein, Valentino, luksusyachtar og privatskular. For ikkje å snakke om Coronamedaljongar og Exitmiljø med sine kvite striper. Monarkiet kan verke uheldig, om ikkje direkte skadeleg, for dei som ikkje er først i arverekkefølga til trona. Dette har vi sett både i det britiske og det norske kongehuset. Dei kjem ofte i eit vakuum, og eit offentleg søkjelys som hindrar dei i å leve heile liv.

Problemet utover den reint logiske bresten mellom dei norske verdiar om at makt ikkje kan gå i arv og monarkiet, er at Kongen og Dronninga er så flotte og likande personar. Dei beste representantar vi kan tenkje oss til å representere oss. Når vi i tillegg ikkje har noka god overgangsordning mellom monarki og republikk, så sit det langt inne å gjere endringar på noko som trass alt verkar samlande i urolege tider. Men det einaste prinsipielt og logisk rette vil vere å gå over til republikk etter islandsk modell med representasjon (parlamentarisk republikk). Vi har ein aldrande konge og mest sannsynleg eit generasjonsskifte i løpet av det neste tiåret. Vi kan nytte dette tidsvindauget til ei modernisering av Norges grunnlover på dette punktet.

Ein smidigare overgang

Gjennom å la kronprins Haakon Magnus sitje som landets første president i si levetid, som ei overgangsordning, og deretter ha ein folkevald president, gjer vi denne overgangen lettare. Haakon Magnus har trass alt innretta livet sitt på å vere tronarving, og vil kunne skjøtte vervet som landets første president aldeles utmerka. Vi får og ei tilvenning og ei langsamare endring av ein tradisjon som for mange er og har vore viktig. I neste runde vil det vere ein valt president. Om ein vil kan ein då velje ein Kåre Willoch, eller ei Gro Harlem Brundtland eller Ingrid Aleksandra for den del, er det same. Men då er det ein demokratisk valt posisjon. Vi bør difor vedta «Haakon for President!» som ei overgangsordning frå monarki til republikk i Norge.

Ønsker du at kronprins Haakon blir president i Norge, som en overgang til en folkevalgt president?

Anders Minge / Stavanger Aftenblad

Anders Minge / Stavanger Aftenblad

Ønsker du at kronprins Haakon blir president i Norge, som en overgang til en folkevalgt president?

Absolutt!

Slett ikke, vi bør ha en folkevalgt president fra starten av.

Kanskje det kan fungere.

Samme for meg.

Jeg ønsker monarkiet skal bestå.

Logg inn for å stemme i denne meningsmålingen

Publisert:

Publisert: 30. januar 2026 07:57

Oppdatert: 30. januar 2026 08:52

Read Entire Article