Den tyske statsleiaren skulle ha ete middag i Oslo i kveld.
I staden droppar han noregsbesøket og skal heller ete på lukka restaurant i Brussel.
Der skal han og EU-presidenten gjere sitt for å overtale Belgia til å gå med på å gi eit gigantlån til Ukraina, med garanti i pengar som står i Brussel.
For no tikkar klokka.
Ukraina treng sårt meir pengar. Denne veka la dei fram statsbudsjettet for 2026, som går med syngande underskot. Dei manglar omtrent to tredelar av det dei treng for å kunne forsvare seg mot Russland og samstundes drifte staten.
Og jo dårlege forsvarsøkonomi, jo svakare forhandlingsposisjon i ein meklingsprosess der USA pressar på for ein fredsavtale i Vladimir Putins favør.
– Om Ukraina ikkje får meir pengar raskt, vil det bety fleire døde på slagmarka, og lågare tillit i samfunnet, seier tidlegare finansminister i Ukraina, Timofij Malovanov i eit intervju med NRK.
I dag leiar han Kyiv School of Economics.
Timofij Malovanov.
Foto: Margret Helland / NRK– Er det nok pengar i budsjettet til å kjempe denne krigen og også styre samfunnet?
– Vel, der trefte du spikaren på hovudet. Nei, er det korte svaret.
EU har lova å dekke over hola i forsvarsøkonomien. Planen var å flekse unionsmusklane og trekke opp minst 90 milliardar euro til både forsvar og statsdrift.
Men fleire medlemsland har sett seg på bakbeina, og no er det i staden eit splitta EU som forhandlar for harde livet med seg sjølv for å få landa ei finansieringsløysing.
– Om ein ikkje får det til, er det veldig pinleg for EU, seier analytikar Varg Folkman ved tankesmia European Policy Centre i Brussel.
Belgias statsminister Bart De Wever.
Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTBKrisemiddag
Krisemiddagen skal forbundskanslar Friedrich Merz dele med EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, og Belgias statsminister Bart De Wever.
– Presset mot De Wever er veldig sterkt no. Merz og Von der Leyen er blant dei mektigaste i EU, så dette tyder på at dei jobbar hardt, seier Folkman.
Økonomien er dårleg i fleire EU-land, og viljen og kapasiteten til å gi eller låne Ukraina pengar utover statsbudsjetta har minka. Difor vil EU finne ein annan måte å halde oppe den økonomiske støtta på.
EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen.
Foto: NTBDenne veka la president von der Leyen fram to forslag til korleis dei skal greie å finansiere to tredelar av det ukrainske statsbudsjettet i 2026 og 2027:
- Ta opp eit felles EU-lån på den internasjonale finansmarknaden.
- Gi Ukraina eit gigantlån med garantiar i fryste russiske midlar verd 290 milliardar euro.
Det ligg fleire hinder i vegen for begge forslaga.
Fryktar gjengjelding
Eit felles EU-lån har det historisk vore utbreidd skepsis til.
For det første krev det fullstendig einigheit blant unionen sine 27 medlemsland, der ikkje alle er like innstilte på å støtte Ukraina. I tillegg fryktar fleire av dei store landa, særleg Tyskland, at det i praksis blir dei som endar opp med å betale på lånet.
Tysklands Merz heier heller på alternativ nummer ein. Og då må han altså overtale Belgia.
For mesteparten av dei 290 milliardar euroane, som er fryste gjennom EU sine sanksjonspakkar mot Russland, står i den belgiske oppgjersbanken Euroclear, i Brussel.
Euroclear sitt hovudkvarter i Brussel.
Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTBÅ gi desse midlane direkte til Ukraina, ville vere å konfiskere midlane til eit anna land. Difor er tanken å bruke dei som garanti for eit kjempelån i staden.
– Men om EU skulle avslutte sanksjonspolitikken, til dømes ved at Ungarn la ned veto mot den, ville Russland ha henta heim dei fryste pengane. Og då kan plutseleg Belgia sitte med ansvaret for å betale ned på dei fleire hundre millionar store låna, seier Folkman.
I tillegg fryktar Belgia søksmål i ein internasjonal domstol, fordi dei fryktar at denne bruken av midlane kan bryte med internasjonale investeringskonvensjonar.
Bart De Wever krev difor steinharde garantiar frå dei andre EU-landa om at dei ikkje skal bli ståande åleine med konsekvensane.
Varg Folkman ved tankesmia European Policy Centre.
Foto: European Policy Centre– Men det er det ikkje sikkert at dei andre medlemslanda har lyst til å gi dei, for dei har heller ikkje lyst til å vere på kroken for desse milliardane, seier Folkman.
Tanken er at eit slikt gigantlån vil vise Russland at Ukraina har pengar nok til å kjempe i fleire år, og at dette igjen vil gi ukrainarane ein betre forhandlingsposisjon overfor russarane.
– Det er ein fin tanke å stele frå den slemme og gi til den gode. Men å stele fryste midlar frå eit anna land er noko som aldri har blitt gjort før, sa statsminister De Wever denne veka.
Samtidig pressar USA på, og prøver å overtale EU til ikkje å bruke fryste russiske midlar til Ukraina-hjelp, ifølge Bloomberg.
Konsekvensar for EU
Denne veka reiste Donald Trumps Russland-mann, Steve Witkoff, til Moskva for å forhandle direkte med Vladimir Putin.
Det skjedde i kjølvatnet av eit europeisk krisemøte for å prøve å korrigere eit fredsforslag frå Trump-administrasjonen som har blitt kalla ei «russisk ønskeliste».
Hendinga viste nok ein gong at Europa er blitt sett på sidelinja i forhandlingane, mykje fordi dei ikkje åleine er i stand til å hjelpe Ukraina med å forsvare seg mot Russland.
Det er det berre USA som har musklane til, og derfor er det USA og ikkje Europa ein no forheld seg til i forhandlingane, ifølge Folkman.
– Om Europa fell på trynet og ikkje greier å gi tilstrekkeleg økonomisk støtte heller, vil det vere eit skot for baugen når det kjem til dei europeiske landa si moglegheit til å vere ein seriøs aktør inn i forhandlingane, seier han.
Han seier det ligg i EUs natur at veldig tøffe avgjerder blir vanskelege og framstår splittande, all den tid dei må vere einstemmige eller få kvalifisert fleirtal blant 27 medlemsstatar.
– Men det står sjølvsagt veldig mykje på spel no. Dette er ein av dei tøffare situasjonane EU har vore i, det er heilt openbert.
Konsekvensar for Ukraina
Malovanov ved Kyiv School of Economics er optimistisk med tanke på at EU kjem til å finne ei løysing.
Faktisk så optimistisk at han reknar det som 60 til 70 prosent sannsynleg at Ukraina får tilgang til dei fryste russiske midlane i Brussel.
Utan dette, vil det bli vanskeleg. Slik han ser det, har Ukraina då to val:
- Å ofre sosiale velferdstenester, som pensjon og lærarlønn, for å prioritere militæret.
- Å ta av reservane i sentralbanken.
Ukraina har bygd opp sentralbanken sin over mange år, men ein kan berre ta ut pengar derfrå éin gong.
– Gjer vi det, kan vi ikkje ha fleire dårlege nyheiter, for då er det ikkje meir pengar igjen i sentralbanken, seier Malovanov.
Det kan øydelegge offentleg tillit, skape panikk og hyperinflasjon – noko økonomen ser for seg at Russland kjem til å dra nytte av.
Men han er tydeleg på éin ting:
– Om vi ikkje har pengar, kjem fleire folk til å døy. Men vi kjem ikkje til å overgi oss. Folk kjem til å kjempe med pinnar og berre nevane.
Publisert 05.12.2025, kl. 17.55


















English (US)