Strøymer til Noreg for «coolcation»: – Det er ei drastisk forandring

4 hours ago 2



– Vêret er utruleg, det er nydeleg for oss. Det er ein god følelse.

Indiske Priyanka smiler sjølv om gradestokken viser ti grader på Sommarøy i Tromsø.

Ho og venninna Sanjivani beskriv heimlandet som steikande varmt for tida, og Noregsferien har dei planlagt lenge.

Og medan nordmenn helst vil at sommartemperaturen stig, synest dei to venninnene den er akkurat passe.

– Å bu i det varmaste landet, og så komme hit – det er ei drastisk forandring. Det er fint for oss å oppleve, seier Priyanka.

Dei er ikkje aleine om å føretrekke ein litt kjøligare ferie.

Fjoråret blei eit rekordår for norsk reiseliv, med vekst i både utanlandske og norske besøkande, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Kristin Krohn Devold vår

Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv, merker auka interesse for «coolcation».

Foto: Oda Hveem/NHO Reiseliv / NHO Reiseliv | Oda Hveem

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, fortel om auka interesse for ferie i kjøligare land, såkalla «coolcation».

– Vi merker jo tilstrøyming frå land som kanskje ikkje har vore her så mykje før, som India og Spania. Det handlar om at det er kjøligare, seier ho.

Devold fortel vidare at utanlandske turistar blir verande sjølv om det regner.

– Dei tykkjer det er flott med regn.

Kjølig vêr som trekkplaster

På Sommarøy merkar dei godt at utanlandske turistar kjem på «coolcation» til Noreg.

Uansett kva vêrmeldinga viser, har dei tilsette ved Sommarøya Arctic Hotel mykje å gjere før årets sommarsesong.

Halldor Gislason, markedsambassadør, Sommarøya hotell

Haldor Gislason merkar at interessa for Sommarøy stig i takt med temperaturen lenger sør i Europa.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

For administrerande direktør Haldor Gislason har nettopp «coolcation» funka som eit trekkplaster, når hotellet no er fullbooka.

– Vi leikar oss litt med det i digitale marknadsføringar, og det har funka. Når gradestokken stig i Sør-Europa, så byrjar etterspørselen og førespurnadene å ta seg opp her i nord, seier han.

Ifølgje Gislason er det arktisk natur, lokal mat og temperaturen som er viktig for dei utanlandske turistane.

Georges Bereta et al. stående ved siden av en varebil

Det tyske ekteparet Maria og Kalle reiser til Noreg for å kjøle seg ned.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Ekteparet Maria og Kalle frå Tyskland har kome til Sommarøy med bubilen sin.

Også i Tyskland synest dei det er i varmaste laget for tida.

– Heime er det over 30 grader, det er for mykje. Det er ein grunn til at vi reiser til Noreg og Skandinavia, seier Kalle.

  • Hans Cosson-Eide, redaksjonsleder for klima og teknologi.

    Difor vert Europa varmare

    Hetebølgene i Europa kjem oftare, varar lengre, og når høgare temperaturar enn før.

    Forskarane er no tydelege på at dette i stor grad er grunna menneskeskapte klimagassutslepp.

    Sveip for å lesa meir om korleis sommarane har endra seg, og kva me kan gjera med det.

  • En mann kjøler seg ned med vann fra en fontene i Spania.

    AP

    Så mykje varmare har det vorte

    Sannsynet for hetebølger i verda er nesten tre gonger så stor no, som ho var før den industrielle revolusjonen.

    Store delar av Europa har dei siste åra hatt makstemperaturar kring 10 gradar varmare enn normalt.

  • En kvinne slapper av i varmen i Tuileries-parken i Paris.

    AP

    Kvar grad tel

    Forskarar har studert påverknaden menneske har på klimaet sidan tidleg 1900-tal, og bevisa har vorte sterkare sidan. Likevel har utsleppa i verda halde fram med å auka.

    Dersom den globale oppvarminga når 2 grader, vil talet på hetebølger i verda truleg dobla seg frå dagens nivå. 4 gradars oppvarming kan dobla talet på hetebølger endå ein gong, ifølge FNs klimapanel.

    Men no skjer det noko.

  • Barn leker i en fontene i Aten.

    AP

    Finst det håp?

    Det kan henda verda omsider har nådd utsleppstoppen. Dess mindre klimagassar me slepp ut, dess mindre vil desse endringane halda fram med å eskalera.

    Mange storbyar har også blitt flinkare til å handtera hetebølger. Slike tiltak har allereie gjort at færre dør av heten, enn dei elles ville gjort.

Fleire blir turist i eige land

Men det er ikkje berre turistar frå varmare strøk som strøymer til Noreg for å feriere.

Årets spørjeundersøking frå NHO Reiseliv viser at også nordmenn har fått opp auga for å vere turist i eige land.

– Det er uvanleg mange som seier at dei skal feriere i Noreg i år. Det er faktisk 70 prosent som seier at heile eller deler av ferien skal føregå i Noreg.

Det seier reiselivsdirektøren i Innovasjon Noreg, Aase Marthe Horrigmo.

– Det er viktig at det blir fleire norske og utanlandske turistar som kjem til Noreg, seier ho.

Aase Marthe Horrigmo

Aase Marthe Horrigmo i Innovasjon Noreg er glad for at fleire vil feriera i eige land.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Men når både nordmenn og utanlandske turistar sjekkar inn i sommar, er det eigentleg plass?

– Det er plass til fleire gjester i Noreg, men det må gjerast på rett måte. Og vi må spreie dei som kjem hit over både sesongane og årstidene, og stader å vere på. Og så er det heilt grunnleggande viktig av vi utviklar reiselivet, seier Horrigmo.

Et skilt ved Sommarøy-brua. I bakgrunnen ser vi ei bru gå over vannet, og en bobil kjører mot kamera.

Grå skyer og regn freistar turistar frå varmare land.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, seier det viktigaste er at folk blir lenger på ein stad.

Ho har ei oppmoding til både norske og utanlandske turistar:

– Sånn type turisme der du berre fyk gjennom og det einaste lokalbefolkninga ser er eksosen frå bilen din, det er jo ikkje den berekraftige turismen. Finn ein lokal overnattingsstad, bli der ei veke, bruk dei lokale tilboda og bruk eigne bein. Det gjer eit berekraftig reiseliv.

På Sommarøy har ikkje den kjølige sommartemperaturen avskrekka dei to indiske venninnene, som går ein tur langs den kritkvite stranda.

– Vi klarar å tilpasse oss, seier Sanjivani.

Publisert 19.06.2025, kl. 05.54

Read Entire Article