– Eg trur det kjem til å bli veldig tøft for dei, seier Sebastian «Sebbe» Samuelsson til SVT.
– Da har han ikkje følgt med så godt, svarer Endre Strømsheim til NRK.
For første gong på ei årrekke tar skiskyttareliten fatt på ein ny sesong – utan brørne Bø på startstreken.
Det får den svenske stjerna til å tru på ein langt mindre dominans frå naboane i vest.
– Eg gleder meg til ein sesong utan så mange norske sigrar, fortset Samuelsson med eit smil.
Dei tre siste åra har Johannes Thingnes Bø tatt åtte av dei tolv individuelle VM-gulla som er delt ut i skiskyting. I same periode har også Sturla Holm Lægreid og Endre Strømsheim tatt kvar sin tittel, slik at dei norske herrane står med ti av tolv gull.
SKREMDE SVENSKANE: Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø har vore to markante skikkelsar i skiskyttarmiljøet. Denne vinteren blir dei ikkje å sjå på startstreken.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Meir press på dei andre
Sjølv om kommentarane er sagt med eit glimt i auget, verkar det som at den svenske leiren trur resten av dei norske skiskyttarane vil merke at berebjelkane er borte.
– Det blir litt meir press på dei andre løparane. Eg trur Johannes (Thingnes Bø) har tatt mykje av presset, for eg veit ikkje kor mange år han har vore den beste skiskyttaren i verda, og dei andre har klart å gli under radaren, seier Martin Ponsiluoma til den svenske kanalen.
– Ja, det er OL-sesong. Så det er klart at presset er ekstremt, seier Endre Strømsheim til NRK.
Det er likevel verken svenske konkurrentar eller fråværet av Bø-brørne som gjer at presset blir stort, ifølge den regjerande verdsmeisteren på fellesstart.
– Eg trur alle gutane kjenner på presset knytt til at det er hard norsk kamp om OL, og at alle er gira på å komme seg til OL og ta medalje for Noreg. Det presset er nok det desidert største.
Noreg får berre stille med fire løparar på kvar distanse i OL.
HAR VIST STORDOM: I 2023 viste Martin Ponsiluoma og Sebastian Samuelsson Johannes Thingnes Bø til bronseplass på VM-fellesstarten. Sidan har dei svenske herrane ikkje tatt individuell VM-medalje.
Foto: LISA LEUTNER / Reuters / NTB– Det han er best på
Strømsheim erkjenner at det er rivalar frå éin konkurrerande nasjon dei norske er litt meir merksame på.
– Vi kjenner oss sterke, og har eigentleg tenkt hakket meir på franskmennene enn svenskane, men det er bra at Sebbe viser at han har tenkt å vere med i år òg, seier han.
Stikka frå Sverige svarer han på med eit motstikk:
– Det er bra, det er det Sebastian er best på - å sende stikk. Der er han god, seier Strømsheim, og peikar på at dei svenske karane ikkje tok ein einaste medalje i VM i Lenzerheide sist vinter.
Det siste individuelle rennet i Lenzerheide, var fellesstarten. Den var det nettopp Strømsheim som vann, framfor Johannes Thingnes Bø og Sturla Holm Lægreid, som vann verdscupen samanlagt.
To av tre satsar altså vidare, saman med etablerte toppløparar som Vetle Sjåstad Christiansen og Johannes Dale-Skjevdal og eit koppel av svoltne unggutar som har dominert i IBU-cupen og allereie hevda seg i verdscupen.
– Eg trur nok «Sebbe» kjem til å få litt kamp i år, seier NRKs skiskyttarekspert, Marte Olsbu Røiseland.
INGA SVENSKEFRYKT: NRKs skiskyttarekspert, Marte Olsbu Røiseland, trur Noreg vil klare seg bra utan brørne Bø.
Foto: Anders Boine Verstad / NRKMeiner Bø blir sakna
Samtidig legg ho ikkje skjul på at det er noko alvor i det Samuelsson seier.
– Vi kjem til å sakne Johannes Tignes Bø på startstreken. Han har vore ei stjerne i veldig mange år, og vi kjem nok til å merke det. Men så har ein sett tidlegare at når stjerner legg opp, så kjem det alltid nokre nye.
I tillegg til dei etablerte, trur Røiseland at svenskane må sjå opp for nykommarane på elitelandslaget.
– Eg trur det er nokon av dei unge som kjem til å ta steg opp, men kven det blir, er heilt umogleg å seie. Men det norske laget har mange. Så eg trur vi skal sjå nokre gode resultat frå dei norske herrane i år òg.
Stikka frå Sverige kjem ikkje overraskande på Røiseland, som sjølv har vore ein del av skiskyttartoppen i mange år.
Ho meiner det er typisk før det for alvor brakar laus.
– Det er nok litt nervar ute og går, og eg trur vi kjem til å sjå fleire sånne meldingar før dei møtest i verdscupen, spår eksperten.
Se ville jubelscener i Brann-garderoben
Publisert 03.11.2025, kl. 20.11 Oppdatert 03.11.2025, kl. 20.25




















English (US)