Svenske Petra måpte då ho opna Instagram: – Har strøymt inn norske meldingar

2 hours ago 1



– Eg er så æra! Det er så utruleg herleg å sjå herrelandslaget dansande der på min Insta, seier Petra Marklund til NRK.

Den svenske stjerna er kanskje mest kjent for superhitten «Händerna mot himlen» her til lands.

Torsdag blei songen «soundtracket» til Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard sin elleville feiring i garderoben etter 4-1-sigeren over Estland.

Med denne sigeren er Noreg så godt som klar for fotball-VM i USA, Canada og Mexico.

I ein video lagt ut på fotballandslaget sin Instagram ser vi spelarane synge og danse til songen som først blei gitt ut i 2012.

Bilde frå @herrelandslaget på Instagram.

Videoen tar heilt av på Instagram

Videoen har over 700.000 visningar og 50.000 likes.

– Det berre strøymde inn norske meldingar heilt plutseleg om dette. Eg blei veldig overraska. Men det er jo akkurat dette ein ønsker med musikken sin! Fantastisk, seier Marklund.

Om ein skrollar seg gjennom landslaget sin Instagram-profil, kan ein også sjå at songen blei brukt i garderoben etter storsigeren over Israel i oktober.

– Er det overraskande at nordmennene vel ein svensk song?

– Musikk er universell. Det er det som er så fint. Rop ut når de har vunne, så kjem eg og speler for dykk live, svarer ho engasjert.

Petra Marklund

SVENSK ARTIST: Petra Marklund er eit kjent namn både i Sverige og Noreg.

Foto: CARL SANDIN / Bildbyrån

– Gøy å sjå at han slår an hos dei yngre

Det er ikkje berre Petra Marklund som var overraska over musikkvalet. Den profilerte P3-programleiaren Arian Engebø beit seg også merke i songen som dundra ut av høgtalarane.

Ho påpeikar at songen ofte er ein hit på fest blant dei som er litt eldre enn Haaland og Ødegaard.

– Eg blei overraska då eg såg denne videoen. Dette er ein låt som alltid slår an på dansegolvet. Det blir allsong og hender mot himmelen. Men vi har eit ganske ungt lag, så eg tenkte at dette var ein låt som kanskje sat betre for eit litt eldre segment, seier Engbø og legg til:

– Men det er gøy å sjå at han slår an både hos dei eldre og litt yngre.

Arianhrod Engebø

P3-PROFIL: Arian Engebø beskriv songvalet til Noreg som «overraskande».

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Ho synest også det er spennande at det er ein svensk song som skaper allsong på ein norsk jubelkveld.

– Vi har jo mange gode allsong-songar frå norske artistar òg, som eg tenker at dei kunne ha brukt. Men Marklund si låt har likevel blitt ganske samlande for det norske folket og ho har ein veldig god funksjon til ein sigersaugeblink, påpeikar ho.

Noreg har sett seg sjølv i ein draumeposisjon før VM-kvaliken blir avslutta med bortekamp mot Italia søndag kveld. Viss Noreg unngår 0-9-tap eller verre, er VM eit faktum.

Petra Marklund er glad på vegner av Noreg.

– Hendene opp for dykk nå!, seier ho.

Publisert 15.11.2025, kl. 07.49

Read Entire Article