Førre veke vedtok KrF, Høgre, Venstre og Frp å innstille på ei massenedlegging av tannklinikkane i Agder.
Me i Senterpartiet er grunnleggande ueinige med dei andre posisjonspartia om denne saka, og vil kjempe til siste slutt saman med kommunane for å sikre tannklinikkane i fylket.
Då saka kom på bordet i vår var me sikre i vår sak – kommunane må seie si meining. Etter ein høyringsrunde no i sommar og tidleg haust er det klar for fylkespolitikarane kva kommunane meiner. Dei vil ha klinikk i sin kommune. Kostnaden for kommunane når brukarane skal transporterast langt, følgast av kommunalt tilsette, kan for einskilde kommunar bety ei stor kostnadsauke.
Vedtaket vil også bety at i kommunane som ikkje har eit godt utbygd kollektivtilbod er ein avhengig av foreldre som kan ta fri for å køyre barn. Me veit at mange familiar i dag allereie har det trongt. Å skulle forvente at familiar utan bil skal kunne legge ut for taxi-køyring i fleire mil, er ugreitt. Massenedlegginga går ut over dei svakaste. Organisasjonane som arbeider med inkludering i Agder er i fylkeskommunen representert i eit av medverknadsråda. Rådet var klare i sin sak – deira perspektiv på å ivareta dei som treng det mest, er utelatt i forslaget.
Vil legge ned 18 tannklinikker
Så kva vil ein spare? Nei, desse summane er framleis uklare. Ingen kan, verken politisk eller administrativt, seie noko om kva innsparinga ved å investere i storklinikkar, framfor å ta vare på det me har i dag. Ingen kan seie noko om kor mykje meir fylkeskommunen kjem til å måtte betale i skyssrefusjon til pasientane. Ein antek at sjukefråvêret vil gå ned. Å tru at det vil skje er etter vår meining ein utopi. Når systemet blir stor blir menneska små.