– Eg håper Tystad tek til seg konsekvensane av situasjonen, seier Alexander Papas i SV.
Han er blant fylkespolitikarane i Vestland som er oppgitte over Trond Tystad i Bergenslisten.
Onsdag gav dei han refs for å forlate eit fylkestingsmøte for å stille i badebukse for NRK.
Tystad bad om permisjon, men fekk avslag, då fylkestinget ikkje synest grunnen var god nok. Men han drog likevel.
I Tystads fråvær tapte han ei sak han sjølv var med å foreslå saman med SV og Ap: å opprette eit lobbyregister for fylkeskommunen.
Utan han var salen delt på midten, med stemmetalet 32–32.
Då avgjorde dobbeltstemma til fylkesordførar Jon Askeland (Sp), som stemte mot forslaget grunna usemje om formuleringar.
– Det er maksimal uflaks. Eg har sete i fylkestinget i to år og dette er det einaste sekundet mi stemme ville vore avgjerande, seier Tystad til NRK.
– Fekk politisk konsekvens
Initiativtakar til forslaget om lobbyregisteret, Alexander Papas i SV, er skuffa og provosert over framferda til Tystad.
– Her har vi eit døme på ein folkevald som valde badstove framfor demokratiet, og det fekk ein politisk konsekvens, nemleg mindre innsyn og openheit i Vestland, seier Papas.
Alexander Papas er skuffa over framferda til Tystad.
Foto: PrivatHan påpeikar at det ikkje er første gang Tystad har fått korreks i eit fylkesmøte.
– Eg opplever at Trond Tystad ikkje alltid tar jobben sin veldig seriøst. Og det synest eg er trist. Eit sånt minimum må vi kunne forvente av folkevalde, at han i alle fall stiller i møte, voterer og er til stades, seier Papas.
Fleire parti stemmer i kritikken mot Tystad.
– Fullstendig respektlaust overfor resten av fylkestinget, seier Aleksander Øren Heen (Sp).
– At det går an, seier Elias Eide (H).
– Heile fylkestinget reagerte på ein permisjonssøknad som var utanfor krava til permisjonssøknad. Det nærmar seg grensa for at du latterleggjer eit folkevald organ, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).
– Unekteleg spesielt
Også Åsta Dyrnes Nordø, førsteamanuensis og forskar ved Institutt for politikk og forvalting på Universitetet i Bergen, reagerer.
– Det er unekteleg spesielt å dra frå eit fylkestingsmøte der viktige avgjerder blir tekne, for å gjere intervju med NRK, når han har fått nei til søknad om permisjon, seier Nordø.
Det er unekteleg spesielt å dra frå eit fylkestingsmøte for å gjere intervju, meiner førsteamanuensis Åsta Dyrnes Nordø ved Universitetet i Bergen.
Foto: Leif Rune Løland / NRKHo peikar på at folkevalde bør stille i møta der avgjerder blir tekne for å sikre at ulike stemmer og argument blir høyrde.
– Om folkevalde vel å ikkje stille i slike møte, kan ein svekke legitimiteten til avgjerdene. Mi oppfatning er likevel at folkevalde generelt respekterer møteplikta. Og så blir ein jo honorert for å stille, og det burde forplikte ekstra til å unngå å måtte avbryte et møte i folkevald organ med mindre det er strengt nødvendig.
– Er det eit problem at enkelte politikarar har verv i både kommune og fylke som kolliderer i tid og stad?
– Ja, det kan vere problematisk. Ein har jo varaordningar som løyser denne problematikken reint praktisk. Men det er klart at ein person kan ikkje vere fleire stadar samtidig. Når ein er folkevald på fleire nivå, kan det vere utfordrande å skulle representere veljarane sine på ein fullgod måte, seier Nordø.
Aldri vore på vippen i fylket
Tystad seier det er beklageleg at saka blei nedstemt når han ein sjeldan gang var på vippen i ei sak.
– Det sjølvsagt uheldig og dumt. Papas får berre ta saka opp att ved neste høve, så skal eg vere til stades og stemme for.
Fylkestinget har fem møte i 2025, og det er lagt opp til fire møte i 2026.
Papas seier til NRK at han skal sjå på om han får lagt inn eit endra forslag til våren.
Tystad forklarar fråværet med at han hadde jobba onsdagen med å få til intervjuavtalen med NRK og Noregs badstulaug om den nasjonale helsesaka.
– Det fall på ei pause som var litt kort, så då rakk eg ikkje tilbake att. Men eg fekk jo presentert ei anna viktig sak, så personleg er det greitt for meg at eg fekk gjort det sånn, seier Tystad.
Han påpeikar at han ikkje visste at intervjuet ville ta så lang tid. Han var borte frå fylkestinget ein halvannan time.
Trond Tystad på veg inn att i fylkestingsmøtet etter badeturen.
Foto: Bård Siem / NRK– Ikkje uvanleg med forfall
Vidare understrekar Bergenslisten-toppen at han langt frå er den einaste som tek ut permisjon frå møter i blant.
– Eg har sett gjennom protokollar frå fylkestinget. Det er ikkje så uvanleg at nokon har forfall i delar av eit fylkestingsmøte som det kunne høyrast ut som, seier Tystad.
Også i Stortinget har parti hatt oppmøte-problematikk som har fått politiske konsekvensar.
I sommar kunne eit omstridd vedtak om å gi meir budsjettmakt til regjeringa ha blitt stansa, hadde MDG hatt alle sine politikarar på plass.
Og om dei møter opp, har ikkje alltid stortingsrepresentantane kustus på grøn og raud knapp.
Tystad: – Sånn eg er
Men tilbake til Tystad.
– Fleire hevdar at du stikk av ofte. Det er ikkje første gangen du kjem inn og ut av møte og gjer det som passar deg?
– Eg gjer ikkje det som passar meg, men eg er ivrig og har eit veldig praktisk politisk engasjement, mange kontaktar og mykje å gjere. Eg stikk ikkje av garde for å ligge på ryggen og late meg, for å seie det slik, seier Tystad.
Trond Tystad seier at han har mykje å gjere. – Eg stikk ikkje av garde for å ligge på ryggen og late meg, svarar han kritikarane.
Foto: Hannah Hægeland Blom / NRKStatsvitar Åsta Dyrnes Nordø meiner Tystad i utgangspunktet skal vere med på alt, sjølv om han måtte meine at han er effektiv og til stades.
– Kommunelova er tydeleg på at ein har møteplikt når ein er valt inn som representant for eit parti.
– Vil du endre deg eller halde fram som før, Tystad?
– Eg har vel vore litt sånn bakarste benk frå eg begynte på skulen, men eg gjer no ein jobb heile tida. Det er vel sånn eg er, seier fylkespolitikaren frå Bergen.
Publisert 12.12.2025, kl. 14.06


















English (US)