No blir planane om folkehøgskule på Vega tatt fram igjen, skriv Brønnøysunds Avis.
Det er kommunedirektøren som foreslår at prosjektet for at opprettinga av folkehøgskulen blir starta på nytt.
Planane om ein folkehøgskule på Vega starta for seks år sidan. Men prosjektet kom aldri så langt at det blei sendt inn ein søknad om etablering. Ettersom oppstartstilbodet blir bevilga over statsbudsjettet, er det Stortinget som avgjer kva som skal bli oppretta av folkehøgskular eller ikkje.
6. juni i år blei det vedtatt ei ny lov om folkehøgskular på Stortinget. Prosessen tok fleire år, noko som resulterte i at Utdanningsdirektoratet stoppa mottak og behandling av søknader om nye folkehøgskular i 2023.
Derfor sette Vega sitt prosjekt på vent. No som lova er vedtatt, gjer det at Vega på nytt kan forsøke å få til ei etablering.
I formannskapsmøtet 28. august skal politikarane ta stilling til om dei vil følge kommunedirektøren si tilråding om at prosjektet blir tatt opp igjen.