Mange kan gjere seg klare til 17. mai-feiring i strålande vêr. I Bergen har dei tatt eitt grep for å sikre ei god og trygg feiring for alle.

Publisert 16.05.2025 15:47
Det er dagen før dagen, og over heile landet gjer små og store seg klare til 17. mai-feiring.
17. mai er kjent som barnas dag, og i Bergen har dei sett seg nøydd til å ta grep for å sørge for riktig type støy i sentrum.
– Vi ser jo at ting eskalerer tidlegare på 17. mai enn andre helgedagar, seier Cecilie Lycke, formann i 17. mai-komiteen i Bergen.

«17. mai for alle»
I år som i fjor, førebur politiet seg på ei feiring prega av fyll og bråk.
– Etter pandemien har vi opplevd lite aktivitet i utelivet på 16. mai og natt til 17. mai. No er det feiring frå morgonen av på 17. mai som gjeld, sa seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen ved Bergen sentrum politistasjon, tidlegare i veka.
Cecilie Lycke har same oppleving.
Ho har vore med i 17. mai-komiteen i Bergen i snart tjue år. Dei siste åra har ho sett at det er blitt stadig meir open drikking og slåsting i sentrum på nasjonaldagen.

– Vi har hatt litt utfordringar med at det blir litt fyll og bråk når byromma står tomme, seier formann i 17. mai komiteen, Cecilie Lycke.
Som eit svar på utfordringane, har dei difor laga eit rekordstort program i år, med aktivitetar og opplegg som går slag i slag frå klokka sju om morgonen og heilt til midnatt.

– Vi såg i fjor at jo meir vi aktiviserer og engasjerer, desto mindre fyll og bråk og betre stemning blir det.
– Så det er framleis barnas dag, og det skal det framleis vere?
– Vårt motto er «17. mai for alle». Barna er sjølvsagt ein veldig viktig del av det, men vi ønskjer å inkludere så mange som mogleg i feiringa. Det er spegla i programmet vårt, seier ho.

Dette er værvinnaren
Det ligg an til å bli strålande vær i store delar av landet på 17. mai.
Til dei som vakna til regnbyer i dag, har værsjefen i TV 2 trøystande ord.
– Regnbyene vi har hatt nord i landet dei siste dagane, skal lette. Dei fleste får litt stigande temperaturar og stort sett opphaldsvêr, seier Eli Kari Gjengedal.

Sør-Noreg blir den store værvinnaren på nasjonaldagen. Her er det venta strålande sol og temperaturar over 20 grader fleire stader.
Det kan fort bli varmt når ein skal farte rundt i bunadar av ull. Værsjefen har difor tre tips til dei som skal ut å feire.

– Drikk nok så du ikkje blir dehydrert, dropp strømpebuksa og for all del, hugs solkrem. Sola er veldig sterk, seier ho.