Tatt av skjermen etter boksjokk: – Fleire såg prega ut

2 hours ago 1



Kunstløpsporten er ikkje uvand med drama, men dette er kanskje det største vi har opplevd i OL-samanheng sidan Tonya Harding og Nancy Kerrigan kom til Hamar for 1994-leikane.

Bak dei breie smila i «kiss-and-cry»-sofaen skjuler det seg ofte atskilleg turbulens og kontroversar.

To personer står ved kanten av en isbane iført treningsklær. Den ene har på en blomstret drakt, mens den andre har en svart topp og blomstret shorts. Begge ser mot isen, og det er en kopp og en eske med papirlommetørklær på benken foran dem. Omgivelsene er en isarena med en glinsende isflate i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

1994: Tonya Harding (til venstre) og Nancy Kerrigan i 1994 på Hamar under OL.

Foto: Doug Mills / AP / NTB

Guillaume Cizeron er regjerande olympisk meister og vann nyleg EM-gull i isdans saman med den nye partnaren sin Laurence Fournier Beaudry.

Men det handlar først og fremst om den tidlegare partnaren hans Gabriella Papadakis.

La oss ta det frå starten:

Guillaume Cizeron og Gabriella Papadakis tok OL-gull saman for Frankrike i 2022-OL etter å ha sikra seg sølv fire år tidlegare.

Dei kunngjorde at dei skulle ta ein pause frå sporten, men i 2024 blei det kjent at dei brøyt samarbeidet for godt.

«Svertekampanje»

Førre veke kom ei bok av Papadakis, der Cizeron ikkje kjem så heldig ut.

Guillaume Cizeron skuldar den tidlegare partnaren sin for å spreie feilaktig informasjon om han i ein «svertekampanje».

Det amerikanske TV-selskapet NBC, som hadde hyra inn Papadakis som ekspert, fekk kalde føter og har bestemt seg for å droppe henne i sendingane sine.

Laurence Fournier Beaudry og Guillaume Cizeron,

Slik stod fram Laurence Fournier Beaudry og Guillaume Cizeron da dei dansa friprogrammet i EM sist helg.

Foto: Danny Lawson / AP / NTB

Med tanke på kor stort OL er i USA, kanskje enda større enn i Europa, og at kunstløp er den viktigaste idretten for ein amerikansk rettshavar, så er dette dramatikk på øvste hylle.

Cizeron meiner at ho har publisert «ærekrenkande utsegner» om han i ei ny bok som blir lansert torsdag.

Papadakis’ sjølvbiografi har fått namnet «Pour ne pas disparaître» («For ikkje å forsvinne»). Der kjem ho med fleire sterke skuldingar mot den tidlegare dansepartnaren sin:

«Kontrollerande»

Ho beskriv forholdet som «ikkje balansert» og kallar Cizeron for «kontrollerande». Ho omtaler han også som «krevjande» og «kritisk».

Papadakis skriv at ho i periodar kjente seg som om ho var «under grepet hans» og at ho ved fleire høve ikkje likte å vere aleine med han.

Ho meiner også at ho hadde ei underordna rolle, og at det oppstod problem da ho ønskte å ha ei likeverdig rolle.

Gabriella Papadakis hevdar at forholdet mellom dei er eit symptom på eit større problem i sporten der det er «mannleg dominans» og at kvinner blir leidde og kroppane deira blir objekt for prestasjon.

Konkret nemner ho at Cizeron skal ha uttalt at han ikkje ville gå på skøyter med ho lenger dersom ho valde å melde eit tidlegare overgrep ho hadde vore utsett for. Ho meiner også at han viste manglande støtte for helsa hennar og ein abort.

Gabriella Papadakis og Guillaume Cizeron

GULLDANS: Gabriella Papadakis og Guillaume Cizeron under OL i 2022.

Foto: Bernat Armangue / AP / NTB

Guillaume Cizeron har på si side avvist alle skuldingane. Han meiner at boka inneheld løgner og sitat som han aldri har komme med.

Paret begynte å gå saman allereie som barn og er blant dei mest dekorerte kunstløparane i historia. I tillegg til OL-gullet i Beijing og sølvet fire år tidlegare, har dei vunne fem VM-titlar saman.

– I møte med denne svertekampanjen ønsker eg å uttrykke den manglande forståinga og usemja mi i merkelappane som blir sette på meg, uttalte Cizeron i samband med EM i Sheffield sist helg.

– Gjensidig støtte

– Boka inneheld feilaktig informasjon, inkludert utsegner eg aldri har komme med, noko eg ser på som alvorleg, sa Cizeron ifølge nyheitsbyrået AP.

Cizeron la til at han har sett advokatane sine på saka.

– I over 20 år har eg vist djup respekt for Gabriella Papadakis, sa Cizeron.

– Trass i den gradvise svekkinga av bandet mellom oss, var forholdet bygd på eit likeverdig samarbeid og prega av suksess og gjensidig støtte.

Guillaume Cizeron har etter kvart blitt 31 år, men satsar altså på eit tredje OL med ny partnar. Sigeren i EM sist viser at han og Laurence Fournier Beaudry meiner alvor.

Ho er ein veteran i isdans, 33 år gammal og har representert både Canada, Danmark og igjen Canada før ho frå 2025 deltar for Frankrike saman med Cizeron. Ho er saman med ein av dei tidlegare dansepartnarane sine, dansken Nikolaj Sørensen.

Gabriella Papadakis.

SJØLVBIOGRAFI: Slik framstår Gabriella Papadakis i samband med lanseringa av den ferske boka si.

Foto: JOEL SAGET / AFP / NTB

Til AFP fortel Papadakis at NBC ringde ho og fortalde at dei hadde ombestemt seg om kommentarrolla hennar, for «dei hadde fått signal om rettslege steg» frå den tidlegare partnaren hennar.

– Slik eg har forstått det, så kom det som ein reaksjon på varselet frå Guillaume, som gjorde at NBC meinte at nøytralitet var svekt og at eg ikkje kunne kommentere leikane, seier ho til L’Équipe.

– Eg taklar det ikkje særleg bra; eg har gråte mykje. Eg blei utruleg skuffa, fordi eg var akkurat i ferd med å starte ein karriere som kommentator.

– Dårleg stemning

Denne endringa i tolvte time kom mindre enn ei veke etter at Papadakis bidrog med isdans-analysar for NBC under den amerikanske meisterskapen i kunstløp. Der deltok ho saman med NBC-kommentator Terry Gannon og ekspertkommentator Johnny Weir.

NRKs kunstløpkommentator i OL, Fredrik Island Gustavsen, var til stades i EM-arenaen da boka blei sleppt, og han er klar på at innhaldet slo ned som ei bombe i miljøet:

– Alle snakka om boka. Det var mildt sagt dårleg stemning. Fleire såg prega ut, seier Gustavsen.

Han er klar på at timinga kan få sportslege konsekvensar:

– Å få ei slik bombe av ei bok i fanget midt under oppkøyringa til Cizeron og Fournier Beaudrys første OL må vere både tøft og uønskt i ein intensiv innspurt. Likevel viste paret at dei ikkje lét seg affisere under EM i Sheffield sist helg, der dei tok gull heile ti poeng framfor paret på sølvplass. Spørsmålet er om dei klarer å halde det same stramme fokuset inn mot OL, der dei nå også er medaljefavorittar.

Netflix-serie

Feidane og kontroversane i isdanssporten er tema for ein dokumentarserie som Netflix slepper om kort tid og som har fått namnet «Glitter and Gold».

Victoria Sinitsina og Nikita Katsalapov

DRAMA: Viktorija Sinitsina og Nikita Katsalapov dansa saman i OL i 2022 – etter at Katsapalov tidlegare hadde hatt Elena Ilinykh som partnar.

Foto: David J. Phillip / AP / NTB

Blant dei mange dramaa i isdans kan vi nemne desse fem:

  • Trekantdramaet i 1994. Dei to russiske para Oksana Grisjuk/Jevgenij Platov og Maia Usova/ Aleksandr Zjulin (som var gift) trena saman. Så blei det kjent at Grisjuk hadde ein affære med Zjulin. Etter OL i Noreg, der Grisjuk vann gull og Usova sølv, skal Usova ha angripe Grisjuk på ein restaurant i Hollywood ved å dra henne i håret og slå hovudet hennar inn i bardisken.
  • Spionasje og korrupsjon i Nagano i 1998. Den kanadiske dommaren Jean Senft tok opp ein telefonsamtale med ein ukrainsk dommar, Yuri Balkov. I opptaket foreslo Balkov ein «bytehandel». Han skulle stemme på det kanadiske paret viss Senft stemte på det ukrainske. Senft blei suspendert i seks månader og Balkov i eitt år. Skandalen var så alvorleg at IOC-medlemmer foreslo å fjerne isdans frå OL-programmet permanent.
  • «The Battle of the Schools»: Sjølv om dette dramaet var meir sportsleg enn personleg, var spenninga enorm fordi dei to beste para i verda, amerikanske Meryl Davis / Charlie White og kanadiske Tessa Virtue / Scott Moir, trena saman i Detroit under same trenar Marina Zoueva i tida 2010 til 2014. Det blei spekulert mykje i om trenaren favoriserte det eine paret framfor det andre. Etter at Davis/White vann OL-gull i 2014, uttrykte Virtue og Moir skuffelse over at trenaren ikkje hadde støtta dei nok.
  • Brotet i 2014. Etter å ha tatt bronse i OL i Sotsji og blitt spådd som det nye superparet til isdansen, sjokkerte russiske Elena Ilinykh og Nikita Katsalapov verda ved å skilje lag rett etter sesongen. Rykta sa at Katsalapov hadde bestemt seg for å byte partnar til Viktorija Sinitsina bak Ilinykhs rygg. Fansen blei rasande, og brotet blei beskrive som eit «forræderi» i russiske medium.
  • Gabriella Papadakis og Guillaume Cizeron opplevde eit drama saman i 2018-OL. Toppen hennar losna tidleg i dansen, og ho måtte fullføre kortprogrammet med brystet delvis eksponert på direktesendt TV. Likevel klarte dei sølv.

Publisert 24.01.2026, kl. 07.52

Read Entire Article