Tek Jimmy Kimmel av lufta «på ubestemt tid»

7 hours ago 4



Talkshowet til Jimmy Kimmel vert teke av lufta «på ubestemt tid».

Det seier ein talsperson for TV-kanalen ABC ifølge fleire medium.

Det skjer etter kommentarar Kimmel har kome med i kjølvatnet av drapet på ytre høgre-aktivisten Charlie Kirk, skriv mellom anna Variety.

I ein monolog i denne vekas sending antyda Kimmel at mannen som er sikta for drapet, var ein støttespelar av Donald Trump.

– Me trefte nye lågpunkt i helga med Maga-folka som desperat prøver å karakterisera fyren som drap Charlie Kirk som noko anna enn ein av dei, og som gjer alt dei kan for å skåra politiske poeng på det, sa Kimmel ifølge Hollywood Reporter.

22 år gamle Tyler Robinson er sikta for drapet. Politiet har ikkje offentleg gjort greie for noko motiv.

– Støytande og ufølsame

Kort tid før ABC meldte at Kimmel vert teken av lufta, kunngjorde selskapet Nexstar at dei ikkje ville visa onsdagens episode på sine kanalar.

Nexstar er ein av dei største eigarane av lokale TV-stasjonar i USA.

– Kommentarane til Kimmel om drapet på Kirk er støytande og ufølsame på det som er eit kritisk punkt i den politiske samtalen i landet vårt, og me trur ikkje at dei gjenspeglar meiningane, synspunkta eller verdiane til lokalsamfunna der me er til stades.

Det seier Andrew Alford, sjefen for kringkastingsavdelinga til selskapet, i ei utsegn.

President Joe Biden og Jimmy Kimmel, begge ikledd dress, snakker sammen og smiler

Jimmy Kimmel har vore ein av dei mest kjende talkshow-vertane i USA. Her under eit intervju med tidlegare president Joe Biden i 2022.

Foto: JIM WATSON / AFP / NTB

Onsdag trua styreleiaren for Federal Communications Commission (FCC) med å «ta grep» mot ABC på grunn av kommentarane til Kimmel, skriv Variety.

Ifølge Deadline har Nexstar drive med lobbyverksemd for å få FCC til å letta på eigarskapsreglar for media. Dei vil nemleg kjøpa rivalen Tegna, men treng godkjenning frå nettopp FCC.

Kimmel sjølv har førebels ikkje kommentert saka.

Fleire har mista jobben

Fleire i USA har mista jobbane sine etter å ha ytra seg om drapet på Kirk, skriv BBC.

Pilotar, helsepersonell, lærarar og ein tilsett i Secret Service er blant dei som har vorte suspenderte eller fått sparken etter å ha lagt ut «upassande innlegg» om drapet i sosiale medium.

Spørsmål og svar

  • Hvem var Charlie Kirk?

    Charles James Kirk (31) var en konservativ og høyreorientert aktivist fra USA.

    Han stod bak podkasten «The Charlie Kirk Show» og ble regnet som en trofast støttespiller for president Donald Trump.

    I 2012 grunnla Kirk organisasjonen Turning Point USA, som siden har vokst til å bli en av de mest synlige konservative ungdomsbevegelsene i landet.

    Kirk var gift med Erika, og har to barn på 3 og 1 år.

  • Hva er Turning Point?

    Turning Point USA er en av de mest synlige konservative ungdomsbevegelsene i landet.

    På egne nettsider opplyser organisasjonen at de har over 800 lokallag på universiteter på tvers av USA. Lokallaget ved universitetet i Orem har 150 aktive medlemmer, ifølge Turning Point.

    Organisasjonen står også bak nettsiden «Professor Watchlist», som har et formål om å eksponere det organisasjonen mener er radikale akademikere.

    Turning Point var blant dem som fremmet påstanden om at det var juks som ga Joe Biden seieren over Trump i USA i 2020.

  • Hvilket arrangement deltok han på?

    Kirk var på turné med «The American Comeback Tour», som han etter planen skulle reise rundt i USA med.

    I forkant av arrangementet på Utah Valley University (UVU) ble det opprettet en underskriftskampanje mot besøket hans. I overkant av 900 personer skrev under, og kritiserte universitetet for å gi Kirks «splittende og marginaliserende retorikk» en plattform.

    Under arrangementet oppfordret Kirk til diskusjon og åpnet for debatt med folk som var uenige med ham.

  • Hvorfor var han så kontroversiell?

    Kirk var kjent for å reise rundt og debattere meningsmotstandere, ofte på universiteter rundt i USA. I en video som har spredt seg etter hans død, understreker han viktigheten av dialog - også med dem man er uenig med.

    Samtidig var han også kjent for svært konservative og kontroversielle meninger og utsagn.

    Han ytret blant annet sterkt negative synspunkter om homofile og andre minoriterer, mente at religionsfriheten burde innskrenkes, at kvinner bør underkaste seg sin mann og spredte desinformasjon om koronaviruset.

    Kirk var også en sterk forkjemper av retten til å bære våpen, som i USA er et eget punkt i grunnloven. Han mente denne retten var så viktig at den var «verdt» noen skytevåpen-relaterte dødsfall hvert år.

Visepresident J.D. Vance har bede folk om å rapportera dei som «feirar» drapet til arbeidsgivarane deira.

Fleire politikarar på høgresida i USA har kome med liknande utsegner.

Talkshow i over 20 år

Jimmy Kimmel har leia talkshowet «Jimmy Kimmel Live!» på ABC sidan 2003.

Det har vore eit av dei viktige kveldsprogramma på amerikansk TV, i tillegg til «The Late Show» på CBS og «The Tonight Show» på NBC.

Tidlegare i år kom beskjeden om at talkshowet til Stephen Colbert, «The Late Show», vert lagt ned neste år.

TV-kanalen CBS sa at pengar er grunnen til nedlegginga. Kritikarar meiner derimot at kanalen gav etter for press frå president Donald Trump, som har kritisert Colbert fleire gonger.

Etter kanselleringa uttalte Trump at det skjedde på grunn av «manglande talent», og meinte at «den endå mindre talentfulle Jimmy Kimmel» og at «den svake og veldig usikre Jimmy Fallon» var dei neste i køen, ifølge Variety.

«Fantastiske nyheiter for USA. Jimmy Kimmel show er KANSELLERT. Gratulerer til ABC for å endeleg ha mot til å gjera det som måtte gjerast. Kimmel har NULL talent, og endå dårlegare sjåartal enn Colbert, om det i det heile teke er mogleg», skriv Trump på Truth Social natt til torsdag.

Publisert 18.09.2025, kl. 01.35 Oppdatert 18.09.2025, kl. 05.49

Read Entire Article