Tek rocken tilbake til kjelda: – Høyrer heime i fjellet

7 hours ago 3



Til hausten blir det servert tung rock og kompromisslaus metal under Besseggen.

Ein grell kontrast, eller er det nettopp her tungrocken høyrer heime?

– Den nordiske naturen, det rå, storslåtte og uregjerlege ligg nærast i DNA-et til rocken og den norske metalscenen, seier Lars Tefre Baade i Tons of Rock.

Nå tek dei rocken tilbake til kjelda.

Gjendesheim i tåke, med utsikt innover Gjende.

– Den nordiske naturen, det rå, storslåtte og uregjerlege ligg nærast i DNA-et til rocken og den norske metalscenen, meiner Lars Tefre Baade i Tons of Rock.

Foto: Fjellfilmfestivalen / DNT-fjellfilmfestivalen

Det er fyrste gong den populære musikkfestivalen tek musikken ut av hovudstaden.

– Vi har jakta på ei slik moglegheit ei stund, seier Pernille Holden Laukvik i Tons of Rock.

Initiativet kom frå verten på DNT-hytta Gjendesheim, Marius Haugaløkken.

– Det starta med at eg ville ha ein litt meir rocka konsert enn det som er vanleg i fjellheimen, og tok kontakt med festivalsjefen i Tons of Rock, Jarle Kvåle.

Marius Haugaløkken på veg inn i lokala til Tons of rock i Skippergata.

Verten på DNT-hytta Gjendesheim, Marius Haugaløkken meiner tøffe, tunge riff høyrer heime i fjellheimen.

Foto: Even Lusæter / NRK

I staden for konsert vart det eit unikt samarbeid mellom DNT og Tons of Rock. Nå er dei klare for rockefestival i fjellet.

– For oss er dette det mest naturlege samarbeidet. Norsk metal og rock midt i fjellheimen der inspirasjonen kjem frå, seier Laukvik.

Internasjonalt publikum

Når ein tenkjer på norske rockarar så er det ikkje gore tex-klede og lange fjellturar ein får på minnet.

Men Laukvik trur ganske mange vil overraske.

– Ein må ha bra kondis for å rocke hardt ein heil kveld på scenen, så mange kjem nok til å bruke denne anledninga til få seg ein fjelltur.

Publikum på Tons of Rock i 2023

Publikum på Tons of Rock på Ekebergsletta for nokre år sidan. Snart kan det sjå slik ut til fjells også.

Foto: Nima Taheri

Ho trur festivalen vil skilje seg kraftig frå andre rockefestivalar i fjellet.

– Her er det kvassare fjell, villare natur og mørkare, kompromisslaus rock.

På Tons of Rock på Ekebergsletta er det publikum frå alle verdshjørne, og Laukvik trur at mange av dei tilreisande festivaldeltakarane også vil ta turen til fjells.

Norsk svartmetall er ein kjent kultureksport. Det same kan ein seie om den ville, urørte, norske naturen.

– Vi har publikum frå 84 ulike land, så for mange av dei vil denne pakka med vakker natur og det beste av norsk rock vera ganske eksotisk.

I mange år vart fjellfilmfestivalen arrangert på Gjendesheim i Jotunheimen

I mange år vart fjellfilmfestivalen arrangert på Gjendesheim i Jotunheimen. Nå blir det rockefestival.

Foto: Fjellfilmfestivalen / DNT/Fjellfilmfestivalen

Rockens mest etablerte namn

– Eg meiner alle kulturuttrykk og musikksjangrar høyrer heime i fjellet. Og det har vorte fleire musikkfestivalar etter kvart, men det har mangla litt tøffe, tunge riff. Det får dei i haust på Gjendesheim, seier Haugaløkken på Gjendesheim.

I åra før pandemien arrangerte Gjendesheim Fjellfilmfestivalen, så DNT meiner dei er godt rusta for å ta imot rockepublikum.

– Vi har stresstesta dette med store festivalar i fleire år, så dette kjenner vi oss heilt trygge på, seier Haugaløkken.

Til hausthelga i fjellet kjem rockens mest etablerte namn.

Vreid promoteringsbilete

Sognametal-bandet Vreid kjem til Jotunheimen og Tons til fjells.

Foto: VREID

I dag melder Tons of Rock at både Gåte, Vreid og Backstreet Girls er klare for Tons til fjells.

Mads Martinsen er ein av nøkkelpersonane i Tons of Rock. Nå ser han fram til å avslutte sommaren med dei fremste og mest aktuelle namna innan norsk rock.

– Det spenner frå hard og svart metal til deilig boogie rock med Backstreet Girls. Både fest og moro og litt mørkt, smiler Mads Martinsen.

– Jotunheimen som backdrop

4.–6. september blir ei annleis helg på turisthytta Gjendesheim, og verten Marius Haugaløkken gler seg til å bytte ut DNT-vesten med skinnjakke.

Høst Knutshøe

Kanskje vil fleire nytte høvet til å kombinere rock og fjelltur. Her frå Knutshøe.

Foto: Knut Storvik / NRK

– Eg gler meg til å sjå stjernene i auga på folk, og den massive musikken med heile Jotunheimen som backdrop. Det blir vakkert, seier turistverten.

Haugaløkken seier at helga også vil by på fisking, fjellturar og ølsmaking. Og medgründer i Tons of Rock, Mads Martinsen, håpar mange brukar moglegheita til å smake litt på friluftslivet.

– Eg trur nok mange set pris på tilbodet, og så er det sikkert nokre som set seg inn på puben og tek ein øl i staden.

Publisert 21.04.2026, kl. 13.58

Read Entire Article