Tenåringar frikjende for å ha fyrt av fyrverkeri mot Sindre

1 month ago 50



Fredag kom dommen i saka der to tenåringar var tiltalt for uaktsam omgang med fyrverkeri i Surnadal.

Begge to blei frikjende i Møre og Romsdal tingrett for å ha gjort skade på Sindre Fiske, fordi retten meiner det ikkje er godt nok bevist at det var fyrverkeriet deira som treft han.

Dei blir likevel dømde til å betale bøter på høvesvis 10.000 og 7.500 kroner for uvettig handtering av fyrverkeri. Dei må ikkje betale sakskostnader.

Blei treft av fyrverkeri

Natt til 1. januar 2024 var det ifølge politiet 150 personar til stades ved ei rundkøyring i Surnadal på Nordmøre. Her er det tradisjon å samle seg for å feire inngangen til eit nytt år.

Men denne kvelden var det kaotiske tilstandar, ifølge forklaringar under rettssaka. Fleire fortalde at fyrverkeri blei fyrt av på kryss og tvers i området.

Sindre Fiske blei treft av fyrverkeriet, og fekk øydelagt synet.

Han fekk 50 prosent synstap på høgre øye, noko som pregar kvardagen hans i dag.

– Det trengst mykje konsentrasjon for å sjå med det synet eg har. Det tappar meg for energi, sa Fiske i retten.

Sindre Fiske

Sindre Fiske måtte sendast til sjukehus etter hendinga.

Foto: Privat

I ettertid oppretta politiet ei straffesak og to tenåringar blei tiltalte.

Ein 18-åring var tiltalt for å ha fyrt av fyrverkeri mot ei folkemengde, og ein 19-åring var tiltalt for å ha gitt 18-åringen fyrverkeriet, og bede han fyre av mot området med folk.

Dei to erkjente ikkje straffskuld da dei møtte i Møre og Romsdal tingrett i slutten av februar.

Ein ser beina til det som tydeleg er ein ung mann, med jeans og sneakers, som går inne i eit rom.

To tenåringar måtte møte i Møre og Romsdal tingrett.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Bad om fengselsstraff

Då saka gjekk for retten meinte forsvararane til dei tiltalte at det ikkje kan bevisast at det var fyrverkeriet deira som skadde Fiske, og at dei derfor burde bli frikjende.

Politiadvokaten, Lina Ersvik Pettersen, meinte på si side at dei kan bevise at dei tiltalte er skuldige.

Ho viste mellom anna til eit vitne som i retten forklarte at ho såg at det var fyrverkeriet til ein av dei tiltalte som trefte Fiske.

Politiadvokat Lina Ersvik Pettersen står i en rettssal. Hun har brunt halvlangt hår, sort kappe, og ser alvorlig i kamera.

Politiadvokaten, Lina Ersvik Pettersen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ersvik Pettersen bad om 21 dagar fengsel utan vilkår for 19-åringen, og 30 timar med samfunnsstraff for 18-åringen.

Bistandsadvokaten la også ned eit krav om 120.000 kroner i oppreisingserstatning.

Dette er utdrag av videoar som forsvararen til 18-åringen la frami retten. Den viser noko av kaoset på staden. Forsvararen meiner videoane viser at fleire sende opp fyrverkeri på ein uforsvarleg måte. NRK har forvrengt stemmene i videoen for å anonymisere.

Publisert 07.03.2025, kl. 11.19 Oppdatert 07.03.2025, kl. 11.37

Read Entire Article