Terje fryktar at framtida til kysttorsken blir øydelagt av massiv utfylling

1 month ago 717



Sunnmøringen Terje Ekornåsvåg (65) har fiska sidan han var 13 år gamal. No kjempar han for framtida til kysttorsken.

Rett utanfor Ålesund by ligg Borgundfjorden – som blir rekna for å vere nasjonalt viktig gytefelt for kysttorsken.

Fordi torsken kvart år, på denne tida av året, kjem inn i Borgundfjorden for å gyte, fyllast fjorden opp av småbåtar som ønsker å få ein torsk på kroken under det tradisjonsrike Borgundfjordfisket.

Nyleg fekk utbyggarar ja til å dumpe 200 000 kubikk stein i fjorden for å utvide sentrum.

Denne veka, midt i gytesesongen, skal lastebilane etter planen starte arbeidet med å dumpe store mengder stein frå bygginga av den nye Lerstadtunnel på E39 like ved. Det har sett sinna i kok.

– For alle som brukar fjorden er dette ei katastrofe for framtida. Vi fryktar rett og slett at årets gyting blir katastrofal, når denne aktiviteten startar, seier Ekornåsvåg.

en mann i redningsvest som står på en brygge ved siden av båter

Terje Ekornåsvåg er ikkje glad for at det blir fylt ut i gytefeltet til kysttorsken.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Har sett unormalt strenge vilkår

Det er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som har sagt ja til dei omstridde planane. Fare for å uroe gytinga gjer at det normalt ikkje blir sagt ja til å fylle ut i sjø på denne tida av året.

I år har dei likevel gitt grønt lys, mellom anna ut frå samfunnsnytten. Underdirektør Christian Dahl seier dei har stilt ekstra strenge krav.

En mann sitter i en stol på et kontor, bak han er det et vindu. Han har på seg en rutete skjorte.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Kvifor har de ikkje lagt større vekt på fiskeriinteressene i denne saka?

– Vi har lagt stor vekt på fiskeriinteressene i denne saka, og det er difor vi har sett dei unormalt strenge vilkåra, seier Dahl.

en vannmasse med bygninger langs den

Det er her det skal fyllast ut med stein for å utvide Ålesund sentrum.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Men kvifor seier ikkje statsforvaltaren nei til denne søknaden?

– Vi ser at det er eit behov for at utfyllinga skjer no, og vi meiner at med dei strenge vilkåra vi har sett, er det mogleg å gjennomføre sjølv om det er ein gyteperiode.

Dahl viser til at utbyggaren må montere doble undersjøiske gardiner som samlar stein- og støvsprut frå dumpinga. I tillegg må utbyggaren overvake partikkelspreiinga med undervasskamera.

En siltgardin er plassert ut i Ålesund havn for å hindre forurenset masse i å spre seg når havna skal fylles ut med stein for å gjøre plass for boliger.

Denne siltgardina er plassert ut i Ålesund hamn for å hindre forurensa masse i å spreie seg når hamna blir fylt ut med stein.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Utryddingstrua torsk

Kysttorsken er utryddingstrua i Noreg. Forskarar har slått alarm i lang tid og foreslo nyleg historisk låge kvotar. Det skal hindre at fiskarane dreg opp for mykje torsk frå fjorden.

Christoph Noever er forskar ved Runde Miljøsenter. Han seier at Borgundfjorden er eit av dei viktigaste gyteområda for kysttorsken. Saman med Havforskingsinsituttet har dei i meir enn ti år overvaka kysttorsken i Borgundfjorden.

Ifølgje han viser undersøkingane at bestanden held seg på eit stabilt lavt nivå.

For å verne bestanden er det sett i verk fleire tiltak, blant anna at yrkesfiske ikkje er tillate i Borgundfjorden under gytetida.

Christoph Noever under feltarbeid i Borgundfjorden for to uker siden.

Christoph Noever er forsker ved Runde Miljøsenter. Kvart år gjennomfører dei prøvetaking av torskeegg i Borgundfjorden saman med Havforskingsinstituttet for å overvake bestandsutviklinga av kysttorsken som kjem til Borgundfjorden for å gyte.

Foto: Arild Hareide / Arild Hareide

No blir forskaren bekymra over at det skal dumpast stein i fjorden.

Dette er nesten heilt i toppen av gytinga, storparten er inne i fjorden, og då er det ganske uheldig at ein tillèt dumpinga midt i eit gytefelt.

Han meiner dei burde ha venta ein månad til gytinga er over.

Fiskeridirektoratet er usikre på konsekvensane

Men heller ikkje Fiskeridirektoratet, som har gitt råd i saka, har sagt nei til planane, trass i at dei er usikre på konsekvensane:

«Det er usikkert hvordan finpartikler og forurensing spres og fordeles i gytefeltet for torsk, og hvilken eventuell påvirkning det vil kunne medføre».

Seksjonssjef Tom Hansen, som har signert brevet, vil ikkje la seg intervjue om saka, men viser til presseavdelinga. Heller ikkje dei stiller til intervju, og viser til at dei aktuelle fagpersonane ikkje er tilgjengelege.

en byggeplass med bro

Det er herifrå den nye Lerstadtunnelen at steinen blir henta til å fylle ut ved Ålesund sentrum.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Vil reparere sjøbotn

Det er Kipervika Eiendom AS som har bedt om å få fylle ut 200 000 kubikk i gytefeltet.

Dagleg leiar Peter Johann Wahl Hareide seier dei har sett i verk fleire tiltak for at det skal skje så forsiktig som råd. Hareide seier dei har hatt ein lang dialog med statsforvaltaren før dei fekk løyve.

– Når dei seier at desse tiltaka som er foreslått er gode nok, må vi stole på at det er korrekt, seier han.

Han viser også til at havbotnen der utfyllinga skjer er svært forureina i dag, og seier målet er at alt skal bli dekt.

– På sikt vil det reparere sjøbotn, hevdar han.

en mann med skjegg

Peter Johann Wahl Hareide i Kipervika Eiendom seier dei stolar på vurderingane til statsforvaltaren.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Seier han snakkar for torsken

Terje Ekornåsvåg ser ikkje like lyst på framtidsutsiktene, og han trur det er for seint å få stoppa utfyllinga.

– Eg snakkar for alle, ikkje berre yrkesfiskarar, men alle som brukar fjorden, og eg snakkar også for borgundfjordtorsken og kysttorsken, som ikkje har ei stemme, seier han.

en person i gul vest på en båt

Terje Ekornåsvåg seier han må vere stemme for torsken.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 14.03.2025, kl. 05.19

Read Entire Article