Terrorangrep i Russland: Sikta skal ha fått øyret kutta av

1 month ago 21



Ein ung mann i rullestol blir trilla inn i retten i Basmanny i Moskva søndag.

Han skal ifølge det russiske nyheitsbyrået Tass hatt store problem med å prate, og på fanget ligg noko som ser ut som ein kateterpose.

Mannen er identifisert som 19 år gamle Mukhammadsobir Faizov, og er ein av fire menn som russiske sikkerheitsmyndigheiter har sikta for masseskytinga i ein konserthall utanfor Moskva fredag kveld.

Ifølge det statlege nyheitsbyrået Ria har Faizov vore arbeidsledig den siste tida, men tidlegare arbeidd som frisør.

Mukhammadsobir Faizov i rettsboksen. Sit i rullestol og med blått auge. Lukker augene.

Mukhammadsobir Faizov i rettsboksen i Moskva søndag.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Dei tre andre mennene er identifiserte som Dalerdzhon Mirzoyev (32), Shamsidin Fariduni (25) og Saidakrami Rachabalizoda (30). Dei fire blei dømde til to månaders varetektsfengsling, i påvente av rettssak.

Ifølge det russiske statlege nyheitsbyrået Tass er dei fire mennene frå Tadsjikistan.

Dalerdzhon Mirzoyev blir ført inn i ein rettssal i Basmanny i Moskva.

Videoar viser brutal behandling

Videoar og bilete lekka av russiske Telegram-kontoar viser brutal behandling av dei mistenkte.

På eit bilete ligg Fariduni på eit golv med buksa dratt ned, med ei elektrisk innretning kopla mot underlivet.

Ein annan video viser arrestasjonen av det som skal vere Rachabalizoda, som får øyret sitt kappa av og ført inn i sin eigen munn. Han møtte opp i retten i går med bandasjert øyre.

Det uavhengige russiske nyheitsbyrået Meduza geolokaliserte videoen av Rachabalizodas arrestasjon til Byransk-regionen i Russland, 140 kilometer frå grensa til Ukraina.

IS tar på seg skulda

Minst 137 menneske blei drepne då væpna menn opna eld mot publikum med automatgevær, før dei sette fyr på konserthuset.

11 personar som Russland hevdar har koplingar til angrepet, er arresterte, inkludert dei fire sikta.

Russiske styresmakter skal ha prøvd å knytte det heile til Ukraina, noko president Volodymyr Zelenskyj kallar «absurd».

I ein TV-sendt tale seier Russlands president Vladimir Putin at dei fire sikta rømte mot Ukraina, og har ikkje nemnd terrororganisasjonen Det islamske stat (IS) ein einaste gong, trass i at dei har tatt på seg skulda for angrepet.

Det er islamistgruppas afghanske fløy, ISKP, som har tatt på seg ansvaret.

Høyr Utanriksredaksjonens podkast om angrepet:

Publisert 25.03.2024, kl. 09.15 Oppdatert 25.03.2024, kl. 09.29

Read Entire Article