Terrorstemplar narkokartell: – Trur militære planar er vurderte og lagde

1 hour ago 2



Situasjonen i Karibia spissar seg stadig meir til.

For om lag ei veke sidan varsla det amerikanske utanriksdepartementet at dei vil stempla det venezuelanske Cártel de los Soles – «Solkartellet» – som ein terrororganisasjon.

Terrorstempelet trer i kraft måndag.

USA meiner president Nicolás Maduro i Venezuela leiar gruppa. Maduro sjølv nektar for det.

Nicolas Maduro med bart og dress og slips

Venezuela sin president Nicolás Maduro avviser USA sine påstandar.

Foto: JUAN BARRETO / AFP / NTB

Også Venezuela si regjering har avvist påstandane til USA. Dei omtalar det heile som ein «latterleg» amerikansk plan, melder nyheitsbyrået Reuters.

I helga eskalerte situasjonen i Venezuela, då fleire flygingar til landet blei stansa. Amerikanske luftfartsstyresmakter åtvara om auka militær aktivitet i området.

Mange fryktar at det kan bety at USA vil starta ein militæroperasjon mot Venezuela.

Militære kjøretøy kjører langs en vei, bevoktet av soldater i uniform. Flagg er festet til kjøretøyene, som bærer teksten "Paz y Victoria". Omgivelsene inkluderer grønne trær og en asfaltert vei. Bilde viser en militærparade i en urbane setting.

Det venezuelanske militæret under ei øving i hovudstaden Caracas 20. september.

Foto: JUAN BARRETO / AFP / NTB

Det vert meir og meir sannsynleg jo fleire truslar som kjem.

Det seier Benedicte Bull, professor og ekspert på Latin-Amerika. Ho trur at terrorstemplinga er eit grep for å halda dørene opne for ei slags avtale mellom USA og Venezuela.

– Det kan sjåast på som ein ny «deadline» frå USA for at Maduro skal trekka seg. No vert det nok forhandla ganske kraftig på bakrommet om ein mogleg avgang, seier Bull til NRK.

Følg utviklinga i mellom landa her:

Avgjerande for Maduro-regimet

Tenketanken InSight Crime har i fleire år kartlagt narkotikabransjen i Venezuela.

Dei meiner «Solkartellet», som USA no gir terrorstempel, ikkje er eit kartell i tradisjonell forstand med ein leiar på toppen.

Det er likevel eit omfattande nettverk av korrupsjon i Maduro-regimet som er innblanda i narkotikasmugling, skriv InSight Crime.

– Dette systemet er avgjerande for å oppretthalda Maduro-regimet.

Det seier direktør Jeremy McDermott i InSight Crime til NRK, som òg er ein av grunnleggarane.

En militær leder taler til en samling soldater, som står i oppstilling. Lederen holder en gjenstand i hånden, muligens en mikrofon eller stokk. Soldatene er iført camouflert uniform, og bakgrunnen viser grønne åser. Omgivelsene indikerer en utendørs militær øvelse.

President Nicolás Maduro held ein tale for venezuelanske soldatar under ein treningsleir i hovudstaden Caracas.

Foto: ZURIMAR CAMPOS / AFP / NTB

«Solkartellet» refererer til stjerneforma merke som tilsette i det venezuelanske militæret ber på uniformene sine. Merket viser rang eller grad i hæren.

Det er vanleg at det venezuelanske militæret garanterer sikker passasje for narkosmugling, ifølgje McDermott.

– Den einaste måten Maduro kan sikre lojaliteten til generalar og andre høgtståande tenestemenn i regimet på, er å gi dei tilgang til og la dei tene pengar på kriminelle aktivitetar, seier direktøren for nettstaden.

Dette er eit nettverk som har eksistert i mange år – i eit land som er i økonomisk og politisk krise.

En mann iført en formell uniform med gullkjede står med ryggen til kameraet. Bakgrunnen viser en gruppe mennesker og soldater, som er uskarpe. Han har grått hår og ser ut til å delta i en offisiell seremoni. Omgivelsene gir en festlig stemning, men detaljer om arrangementet er ikke synlige.

Nicolás Maduro nektar for USA sine skuldingar.

Foto: JUAN BARRETO / AFP / NTB

Det er likevel ingen bevis for at Maduro leiar gruppa – slik USA peikar på, ifølgje nyheitsbyrået AFP og InSight Crime.

– Han er arkitekten bak dette kriminelle systemet som lar statlege tilsette bli involvert i narkotikahandel, gullsmugling og så vidare, seier McDermott.

– Men vi har ingen bevis for at han er direkte involvert i koordinering av narkotikasendingar, legg han til.

Dette er Venezuela

  • Et land i dyp krise

    Venezuela er et av de største landene i Latin-Amerika og har i underkant av 30 millioner innbyggere. Landet har hatt store økonomiske og politiske problemer i årevis.

    • Over 80 prosent av befolkningen lever i fattigdom, ifølge FN.
    • Korrupsjon er utbredt, inflasjonen er skyhøy og lønningene lave.
    • Mat er mangelvare og sykehus mangler medisiner.
    • I tillegg er det farlig å kritisere regimet offentlig. De fleste av Maduros politiske motstandere er i fengsel.
    • Nesten 8 millioner venezuelanere – hver fjerde innbygger – har rømt landet.
  • En forhatt president

    Nicolás Maduro har vært president i Venezuela siden 2013 og representerer landets sosialistiske parti. Han overtok makten da partifellen Hugo Chavéz døde.

    Maduro ble raskt kjent for sin autoritære lederstil og for å slå hardt ned på regimekritikere.

    Under fjorårets presidentvalg erklærte han valgseier til tross for at opposisjonen hevdet de fikk flest stemmer. Demonstranter tok til gatene og anklaget Maduro for å ha stjålet valget.

    Mens land som Russland, Cuba og Bolivia tidlig gratulerte Maduro med en ny periode, har store deler av verdenssamfunnet aldri anerkjent valgresultatet som gyldig.

  • En kontroversiell fredsprisvinner

    Nylig ble opposisjonslederen María Corina Machado tildelt Nobels fredspris for sitt «utrettelige arbeid som fremmer demokratiske rettigheter for folket i Venezuela».

    Da takket hun president Trump:

    – Jeg dedikerer denne prisen til det lidende folket i Venezuela og til president Trump for hans avgjørende støtte til vår sak, uttalte hun.

    Hun har siden fått kritikk for sine nære bånd til Trump og for å ikke ha tatt avstand fra de amerikanske angrepene utenfor Venezuela.

    Machado fronter den høyreorienterte opposisjonen som Maduro erklærte valgseier over i fjor. Selv lever hun i skjul og leder opposisjonen fra et hemmelig sted.

Fleire angrep

Dramaet starta for fullt i september, då USA byrja å angripa sivile båtar utanfor kysten til Venezuela.

Amerikanske styresmakter hevdar båtane vart brukte til å smugla narkotika inn til USA, i regi av narkotikakartell – men har ikkje lagt fram noko bevis for det.

Minst 83 menneske er drepne.

Ifølgje Det amerikanske narkotikapolitiet (DEA) går rundt 74 prosent av kokainen frå Sør-Amerika til USA via Stillehavet.

I tillegg går mykje med fly. Fentanyl kjem frå Mexico.

Vil ikkje fly til Venezuela

Laurdag vart situasjonen enda meir spent, då fleire flyselskap stansa flygingar til Venezuela.

Kort tid etter publiserte Reuters opplysningar frå fire anonyme amerikanske tenestepersonar.

Ifølgje dei står USA klare til å innleia ein ny fase av operasjonar retta mot Venezuela.

Eit av alternativa er å prøva å styrta Maduro sitt regime, hevdar to av kjeldene til nyheitsbyrået. Det mest nærliggande er å innleia «skjulte operasjonar» i landet, ifølgje kjeldene.

Opplysningane er ikkje stadfesta.

Det er førebels usikkert kva det inneber, men Trump har allereie gitt grønt lys til CIA-operasjonar i Venezuela.

Nicolas Maduro i rød skjorte holder Venezuelas flagg, omringet av tilskuere. Det er et politisk arrangement med flere personer samlet. Bakgrunnen er dominert av mørkeblå og svarte farger.

Nicolás Maduro har blitt attvald til president i Venezuela to gonger. Men fleire land er skeptiske til legitimiteten og det har komme fleire påstandar om valfusk.

Foto: STRINGER / AFP / NTB

Ekspert: Militæroperasjon stadig meir sannsynleg

Benedicte Bull trur ikkje det er sannsynleg at landa blir einige om ein avtale. Ho trur heller ikkje at Maduro vil trekka seg.

Då aukar vel sannsynet for at noko vil skje?

Ja, viss ikkje dei finn på ein ny «deadline». For eg trur ikkje Trump er spesielt ivrig på å senda troppar til Venezuela no, svarar Bull.

  • Statsviter og professor Benedicte Bull.

    Benedicte Bull

    • Statsviter og ekspert på Latin-Amerika.
    • Professor ved Senter for global bærekraft ved Universitetet i Oslo (UiO).

Trur ikkje Trump ønsker å angripe

I oktober vart det kjent at USA sender verdas største hangarskip til Karibia for å hjelpe til i det dei kallar «kampen mot narkotikasmugling».

Trass i det, trur ikkje Bull at Trump eigentleg ønsker å angripa mål inne i Venezuela.

Eg trur militære planar er vurderte og lagde, men eg trur ikkje noka endeleg avgjerd er tatt, seier Bull.

En person i svart frakk og rød genser står ute, med en bygning og trær i bakgrunnen. Det er overskyet vær. Personen ser ned og ser ut til å være i tankene. Bildeutsnittet fokuserer på overkroppen.

Bull har ikkje tru på at USA sin president Donald Trump ønsker å angripa mål i Venezuela.

Foto: Aaron Schwartz / Reuters / NTB

Ho peikar på at det å bruka militærmakt i Venezuela er upopulært i USA, spesielt i Maga-rørsla.

Trump har tidlegare antyda planar om angrep inne i Venezuela – og sidan avvist at slike planar finst.

Professoren trur det kan skje noko allereie denne veka, og at det kan vera ein ønsker å gjere noko før 10. desember.

Da blir nemleg delt Nobels fredspris ut til den venezuelanske opposisjonsleiaren María Corina Machado i Oslo.

En kvinne holder opp Venezuelas flagg på en scene, omgitt av flere personer. De ser ut til å delta på en demonstrasjon, og noen har plakater og mikrofoner. Omgivelsene er åpne, med en lys himmel i bakgrunnen. Stemningen virker energisk og engasjert.

Opposisjonspolitikaren Maria Corina Machado er fredsprisvinnaren i år. Ho har mykje støtte i heimlandet, men er også ein kontroversiell figur.

Foto: FEDERICO PARRA / AFP / NTB

Interessert i meir frå Urix? Høyr redaksjonen sin podkast:

Publisert 24.11.2025, kl. 16.15

Read Entire Article