– Det skal ikkje forundre meg om dette blir ein Netflix-dokumentar om nokre år, seier Vilde Schanke Sundet, professor i medium og kommunikasjon ved Oslo Met.
Sagaen kjent under namnet «The Danish Deception» har florert på TikTok den siste tida.
Amerikanske Onyeka Ehie fortel i over 20 videoar om forholdet til ein mann ho trudde var dansk prins og olympisk meister.
NRK har forsøkt å kome i kontakt med mannen utan å lukkast.
Opplysningane kjem frå Ehie sine eigne videoar. Mannen har ikkje offentleg kommentert påstandane.
Mannens ansikt er sladda for anonymitet. Han er ikkje sikta eller dømt for påstandane frå Ehie.
Faksimile: TikTokGifta seg etter kort tid
Ehie og mannen gifta seg etter berre to månader.
Kort tid etter begynte fasaden å slå sprekker, ifølge Ehie.
– Eg meiner no at han er den mest avskyelege, falske, narsissistiske og vonde personen eg nokon gong har møtt i mitt liv, seier Ehie i den lange TikTok-serien.
Ho hevdar mannen svindla både ho, familien og vener for fleire hundre tusen dollar.
Han er ikkje sikta eller dømd for noko straffbart, og NRK namngir han difor ikkje.
Vi har vore i kontakt med dansk politi, og spurt om dei kjenner til ein mann med det aktuelle namnet, om han er sikta for forhold i Danmark, eller om politiet har mottatt førespurnader om bistand i saka frå amerikansk politi.
– På grunn av tausheitsplikta kan ikkje politiet opplyse om ein namngitt borgar har eller ikkje har vore politimeldt, svarar dansk politi.
Historia har skapt enormt engasjement på TikTok.
Det er både positive og negative reaksjonar på svindelhistoria.
Ein Tik-tok profil gjør narr av Ehie og meint Ehie trudde ho ville ende opp med ein prins slik Meghan Markle gjorde med prins Harry.
Andre lurer på kvifor venner og familie ikkje grep inn.
Det er også folk som meiner dei ikkje hadde blitt svindla av dansken dersom dei hadde vore i same situasjon.
For mange TikTok-brukarar har sagaen blitt ein føljetong dei ikkje klarer å sleppe, i det ho legg ut del etter del og bygger opp spenninga som ein dramaserie.
Sundet meiner at Ehie er ein god historieforteljar som forstår dramaturgi.
Forskar: Algoritmen prisar engasjement
Ifølge medieforskaren er TikTok spesielt godt rigga for slike fenomen fordi brukarar lagar reaksjonsvideoar og eigne teoriar.
Vilde Schanke Sundet, professor i medium og kommunikasjon ved Oslo Met.
Foto: UiOHo påpeikar også at algoritmen prisar alt som skapar engasjement.
– På sitt beste er slike fenomen underhaldande og av og til opplysande. På sitt verste kan dei bli hatske, uføreseielege og ukontrollerbare.
– Kvifor engasjerer slike historier så mange sjåarar?
– Menneske er svært nysgjerrige, og sosiale medium har gitt oss fleire arenaer å dyrke ho på, seier professoren.
Sundet peikar også på at Ehie allereie hadde eit følgjargrunnlag frå verkelegheits – TV, noko som kan ha bidratt til at historia spreidde seg raskt.
Ho minner om at historia inneheld alvorlege påstandar, og at gapestokk-mentaliteten kan slå inn når millionar av brukarar kastar seg på.
Millionar av engasjerte sjåarar
«The Danish Deception» har millionar av sjåarar som verkar svært engasjerte når ein les kommentarfeltet.
Nokre uttrykker støtte og sympati med Ehie, medan andre skuldar ho for å vere naiv.
– Det handlar ikkje om at ein er naiv, det handlar om at vi er menneske. Når du er på jakt etter kjærleik, er du sårbar berre av det, seier norske Cecilie Fjellhøy.
Cecilie Fjellhøy blei sjølv utsett for svindel frå ein mann ho var saman med. Ho er skapar av TV-serien «Love Con Revenge» og har skrive boka «Swindled Never After».
Foto: Nina Rangoy / NINA RANGOY PHOTOGRAPHYHo var fyrst kjent gjennom VG-avsløringa Tindersvindlaren og Netflix-dokumentaren med same namn, og blei sjølv utsett for økonomisk svindel av Simon Leviev.
I dag arbeider ho som ekspert på svindel og digital tillit, held foredrag om menneskeleg sårbarheit og lagar TV-serien «Love Con Revenge».
Fjellhøy viser til at alle menneske kan vere sårbare eller einsame på grunn av ulike årsaker som å vere nyskild, ha flytta til ein ny by.
– Dette viser at det kan skje med kven som helst, sjølv om mange liker å tru at det aldri ville skjedd med dei.
Israelske Leviev har sidan blitt pågripen og lauslaten i Georgia.
På TikTok delar «tindersvindleren» videoar av eit tilsynelatande luksusliv.
Faksimile: Simon Leviev / TikTok– Du tvilar på deg sjølv og eigne val
Fjellhøy understrekar at svindel spelar på emosjonar, ikkje logikk.
– Når du er emosjonelt investert og manipulert, blir dei raude flagga nesten beige.
– Korleis er det å stå i noko slikt?
– Det er kanskje det verste ein kan oppleve. Å forstå at heile verkelegheita di var konstruert for å ta pengane dine.
Ho skildrar sjokk, skam, kroppsleg stress og korleis manipulasjon er usynleg for den som står midt i det.
Videoen er eit utdrag frå del 8 av Onyeka Ehie sin svindelhistorie «The Danish Deception» på TikTok.
Då ho sjølv stod midt i mediestormen, opplevde ho at narrativet blei tatt frå henne.
– Eg vart heilt sjokkert over korleis folk snakka om det som skjedde med meg. Det verka som om det var null empati.
Ho reagerer særleg på at mange legg skuld på offeret.
– Det verste er kommentarane som seier at dette ikkje er kriminalitet, at du berre gav bort pengane dine. Dette er kriminalitet.
Fjellhøy meiner at denne haldninga ikkje berre er sårande for offeret, men også farleg for samfunnet.
– Når vi legg ansvaret over på offeret, sender vi i praksis ei melding til svindlarane om at dei kan berre halde fram.
Publisert 07.12.2025, kl. 07.48


















English (US)