Politiet melde først om ulykka rundt klokka 09.00 onsdag. Den skjedde på riksveg 70 på nordsida av Freifjordtunnelen i Kristiansund.
Alle naudetatane rykte ut til staden. To bilar var involverte og det skal ha vore ein person i kvar bil, ifølge politiet.
– Det ser ut til å ha vore ei møteulykke. Den eine føraren skal vere alvorleg skadd og er frakta til sjukehuset på Hjelset, seier Øyvind Fjærli, innsatsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.
Den andre bilføraren skal vere lettare skadd. Vedkomande blei også frakta til sjukehuset.
Dei involverte skal ha vore vakne etter hendinga. Ingen av dei skal ha vore fastklemde, opplyser politiet.
Etterforskar saka
Det er 80-sone på staden.
Politiet mistenker at ein av bilførarane kan ha kome over i feil køyrefelt. Dei skal no etterforske for å finne ut kva som har skjedd.
– Vi jobbar med å ta forklaringar frå vitne som kan ha sett ulykka. Mellom anna skal vi snakke med eit vitne som kom like etter ulykka, seier Fjærli.
Trafikken stod etter ulykka og det var lange køar på staden.
Klokka 09.50 melder politiet at vegen var rydda og opna for normal ferdsel. Det gjeld også Freifjordtunnelen.
Det var framleis trafikale utfordringar som følge av ulykka.
Det blei lange køar som følge av ulykka.
Foto: Eirik Haukenes / NRKPublisert 15.10.2025, kl. 09.36 Oppdatert 15.10.2025, kl. 10.06