– Eg veit ikkje om eg har tilgitt meg sjølv, men eg har definitivt valt å satse på meg sjølv og gi meg sjølv ein ny sjanse.
I 2015 blei Hans Marius (30) dømt til 15 års forvaring med ei minstetid på 10 år. Etter tre brutale drapsforsøk blei han dømt til lovas strengaste straff.
Det er litt over ein månad sidan han blei prøvelauslaten no.
– Vilkårsmessig så kan eg ikkje forlate landet og må opphalde meg i leilegheita mellom klokka 24.00 og 06.00. Elles må eg ha noko å gjere på dagtid.
Heile 20-åra har han heldt til bak murane utan å vite om han ein gong får sleppe ut. I januar bestemte lagmannsretten at det ikkje lenger var fare for at Hans Marius kunne gjere nye kriminelle handlingar.
No prøver han å stable livet på beina igjen på heimstaden Jessheim.
– Det er eigentleg litt deilig å berre vere seg sjølv. Også er eg eigentleg ikkje så mykje åleine heller. Det er folk her heile tida.
Prøvde å drepe faren sin med hammar
Dagen som endra livet hans hadde han førebudd seg til. Han hadde laga torturinstrument av farens verktøy og hadde invitert vener til ein fest i januar 2014.
Planen var å skjenke dei fulle, før han skulle torturere og påføre dei mest mogleg skade.
I TV-serien Leo og de farlege fortalde han om livet bak murane og draumen om å sleppe ut.
– Det byrja som fascinasjon over skrekkfilmar, valdelege teikningar og den slags. Og så berre eskalerte det, fortalde han då:
– Folk får lov til å vere forbanna på meg og få lov til å hate.
No har han flytta inn ei kommunal leilegheit. Det er veldig ryddig heime hos han.
Den kommunale leilegheita har kjøkken, stove og soverom.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRK– Eg liker at det er på stell. Når det blir mykje rot rundt meg, blir det mykje rot i hovudet også.
Her tek han ein ting av gongen. Det har ikkje gått heilt opp for han enda at ikkje skal tilbake i fengsel.
– Eg er vell på veg mot ei A4-liv, men på min måte vel og merke.
Han drøymer om vanlege ting: Ha ein jobb å gå til, kanskje gifte seg og kanskje få born.
Kva er forvaring?
Forvaring er ei særskilt straffereaksjon i Noreg som vert nytta når ein lovbrytar vert vurdert som så farleg at vanleg fengselsstraff ikkje er tilstrekkeleg.
Forvaring har eit hovudfokus på å beskytte samfunnet mot personar som har stor fare for å gjenta alvorlege lovbrot.
I motsetnad til ordinær fengselsstraff, som har ei fastsett lengd, kan forvaring vare på ubestemt tid.
Når kan ein forvaringsdømt sleppa ut?
Forvaring er det einaste middelet i det norske rettssystemet som kan føra til ei reell livstidsdom, sidan det ikkje finst ei øvre grense for varigheita.
Det blir fastsett ei tidsramme og ofte ei minstetid, og forvaringsdømte kan ikkje sleppast fri før minstetida er utløpt.
På kva grunnlag vurderer domstolen lauslating?
- Risikovurderingar: Psykologar vurderer om den dømde framleis er farleg for samfunnet.
- Fengselsobservasjonar: Rapportar om åtferd og deltaking i rehabilitering.
- Dokumentasjon: Rapportar frå terapi og rehabiliteringsprogram viser om personen har vist positiv utvikling.
- Tidlegare åtferd: Retten vurderer risikoen for tilbakefall.
Tilbake i barndomsheimen
– Eg har alltid visst at pappa kom til å hjelpe meg. Men at han skulle hjelpe meg så mykje som han har, rører meg eigentleg ganske mykje.
Faren til Hans Marius blei kritisk skada då sonen prøvde å drepe han med ein hammar tilbake i 2014.
Før han etter planen skulle drepe vennane sine, byrja han med faren. Deretter stemora og stesøstera.
Hans Marius og Arild har møtt kvarandre jamleg dei siste åra. Etter han Hans Marius blei sloppe ut, har han hjelp han mykje. Hans Marius seier han ikkje hadde vore der han er i dag utan faren.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKDenne marsdagen er han tilbake i barndomsheimen der det grufulle skjedde. Dette er første kaffebesøket her sidan han blei sloppe ut av fengsel.
– Det er litt rart å vere her. Eg får litt mange rare kjensler i kroppen eigentleg. Eg knytt denne staden til traume. Det eg er domfelt for, vekker mykje vonde kjensler i meg.
– Dette var jo også heimen min 90 prosent av tida frå eg var ti år til eg var 19 år. Så eg får også ei heimekjensle.
Faren Arild sitt ved sidan av han i sofaen. Hovudet hans har tydelege arr.
Arra frå januardagen i 2014 er tydelege.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKHan seier at han kjenner seg trygg i heimen, trass alt som har skjedd her. At sonen er på besøk, gjer han berre glad, fortel han.
– Vi har mista ti år, så vi må bli kjent på ein ny måte. I forhold til korleis han er som person og korleis vi hadde det, så kjennest det ganske likt ut.
– Har du tilgitt sonen din?
– Ja, eg har tilgitt han for det som har skjedd. Eg har gått mange rundar meg sjølv om kva eg kunne gjort annleis for å oppdage noko eller for at dette ikkje skulle skjedd. Eg har ikkje noko god forklaring på kvifor dette skjedde.
Har fått seg kjærast
I kvardagen blir Hans Marius følgt opp tett av ulike instansar og må møte til obligatoriske samtalar. På sikt må han også skaffe seg ein jobb.
Draumen om eit vanleg liv er også litt nærare.
– Eg har fått meg kjærast, og vi har det veldig bra saman, smiler Hans Marius.
Hans Marius har lyst å vere med faren på fjelltur til sommaren. – Det var noko vi gjorde i gode gamle dagar, seier han.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRK– Vi er saman kvar dag. Snakkar saman, et middag saman og er generelt sett mykje saman, seier han lattermildt.
Tida i fengselet har han med seg. Han seier han lærte mykje om seg sjølv der. Trening har også blitt ein stor del av kvardagen. Han har mellom fem og åtte økter i veka.
– Trening er vell eigentleg berre ein tillært sunn vane eg har frå fengsel.
Å gjennomføre ei intervalløkt i nærområdet, har han ikkje hatt moglegheit til dei siste elleve åra.
– Har du forstått kvifor du prøvde å drepe faren din?
– Ja, eg har i alle fall ei fungerande forståing på kvifor ting gjekk gale. Det fungerer for meg. For å få nokon andre til å forstå det, så krev det at ein sett seg ned og har ein ganske lang prat.
– Har du vore sint på deg sjølv?
– Eg har vore masse sint på meg sjølv.
Publisert 06.04.2025, kl. 08.14