Tiltak som sikrar eit militært fotavtrykk på Sørlandet

1 week ago 15



5. april vart langtidsplanen for forsvarssektoren lagt fram, planen legg opp til ei betydeleg satsing på forsvaret!

Foto: Tormod Flem Vegge

Over ein periode på 12 år vert det lagt opp til ei økonomisk opptrapping på 600 milliardar. Med ein usikker geopolitisk situasjon som bakteppe er dette ein plan som skal sikre ei god styrking av den norske forsvarsevna.

Regjeringa varsla allereie før langtidsplanen vart lagt fram at vi i løpet av året skal nytte to prosent av brutto nasjonalprodukt på forsvar, som er NATO sitt mål. Med den offensive langtidsplanen vil ein lyfte utgiftene til forsvaret vidare opp mot tre prosent av brutto nasjonalprodukt. Medan Høgre har meint målet om to prosent var tull, har Senterungdomen heile vegen vore tydelege på at vi skal nå NATO sitt mål, at vi no skal nærare tre prosent er ein stor siger!

Langtidsplanen har med seg fleire positive sakar for Agder. I 2009 slo ein saman Agder og Rogaland til eitt heimevernsdistrikt HV-08 med hovudsete på Vatneleiren. I langtidsplanen slår ein fast at Agder vert eige heimevernsdistrikt att, med hovudsete på Kjevik. Med Agder som eige heimevernsdistrikt vil ein mellom anna få betre kontakt med andre beredskapsaktørar i fylket. Heimevernet er ein viktig ressurs for sivilsamfunnet ved ulike kriser, noko som stadig viser seg viktig til dømes gjennom meir ekstremt ver.

Lenge såg det ut til at det ikkje vart aktivitet på Kjevik etter ein vedtok å leggje ned aktiviteten og å flytte Luftforsvaret si verksemd til Værnes. Men med oppretting av HV-07 med hovudsete på Kjevik, samt at ein i langtidsplanen vedtek å flytte befalsskulen frå Sessvollmoen til Kjevik, vil ein få totalt 80 årsverk på Kjevik. Desse tiltaka sikrar at ein framover vil ha eit militært fotavtrykk på Sørlandet.

Read Entire Article