Måndag ettermiddag fekk rettsdramaet om Førdefjorden enda ei akt da Sogn og Fjordane tingrett slo fast at gruveselskapet får halde fram som før inntil fjordsøksmålet blir rettskraftig.
Borgarting lagmannsrett konkluderte i august med at løyvet til å tømme gruveavfall i fjorden er ugyldig.
Men dommen er ikkje rettskraftig før Høgsterett seier sitt – antakeleg neste år.
Rettsavgjerda i dag svarer på kva som skal skje i mellomtida: pause i gruveverksemda eller «business as usual».
– Bryt med den allmenne rettskjensla
I retten argumenterte Naturvernforbundet og Natur og Ungdom for at framleis aktivitet bryt med den allmenne rettskjensla.
For å gå gjennomslag for sitt syn måtte dei overtyde retten om to forhold:
- At framleis aktivitet vil gjere vesentleg og uboteleg skade på fjorden.
- At Høgsterett sannsynlegvis vil ta deira parti og konkludere på same måte som Borgarting lagmannsrett.
Til dette innvende gruveselskapet at dei har utsleppsløyve så lenge saka verserer i rettsapparatet, og at det einaste dei skuldar omgivnadene er å fortsette å drive med si 100 prosent lovlege verksemd.
Vidare gjorde dei eit poeng av at saksøkarane rettar bakar for smed:
Om saksøkarane har noko usagt, så må dei ta det opp med dei som har gitt løyvet (staten), og ikkje dei som har fått løyvet (gruveselskapet).
Staten sitt ja til å tømme 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden har versert i ulike rettsinstansar i fleire år, og får etter alt å dømme det endelege punktumet sitt i Høgsterett neste år.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK– Grundige vedtak ligg til grunn for valet om sjødeponi
Sjølv om det var gruveselskapet som måtte svare for seg, var staten representert ved regjeringsadvokaten.
– Vi er med for å gi retten eit godt grunnlag gjennom at vi gjer greie for dei grundige vedtaka som ligg til grunn for valet om sjødeponi, forklarte regjeringsadvokaten da saka gjekk for retten i oktober.
Fordi avgjersla blir rekna som børssensitiv, blei han kunngjord først etter stengetid på børsen, klokka 16.30.
Dagens utfall er ikkje siste ord om sjødeponiet i Førdefjorden.
Rettsavgjerda frå Sogn og Fjordane tingrett kan bli anka, og siste ord er det til sjuande og sist Høgsterett som har.
Enten ved at dei seier nei til å ta saka. Eller ved at dei seier ja, og det blir ein ny juridisk omkamp neste år.
I retten argumenterte Naturvernforbundet og Natur og Ungdom for at framleis aktivitet bryt med den allmenne rettskjensla.
Foto: Gorm Kallestad / NTBRegjeringa: – Behovet for rutil har blitt enda viktigare
Vidare er det ikkje gitt korleis jussen blir omsett i politisk handling.
Om Høgsterett konkluderer på same måte som Borgarting lagmannsrett, er det ifølge ekspertar på forvaltningsrett mogleg å tenke seg at regjeringa gir eit nytt løyve – på eit nytt grunnlag.
Ifølge kritikarar begynte regjeringa å førebu denne manøveren allereie i mai da dei lista opp fleire grunnar til å seie ja til sjødeponi i ein kongeleg resolusjon.
– Med dagens sikkerheitspolitiske situasjon er behovet for slike mineral (rutil, journ.anm.) blitt enda viktigare. Det understrekar vi no, forklarte klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Næringsminister Cecilie Myrseth gjentok same bodskap i oktober:
– Dette prosjektet sikrar tilgang på eit kritisk og strategisk viktig mineral, som blir brukt både i forsvarsindustrien og flyindustrien. Ein stans i produksjon kan i verste fall leie til konkurs.
Ole Berg-Rusten / NTB
Lagmannsretten: – Sjødeponi er ugyldig
12. august slo Borgarting lagmannsrett fast at staten sitt ja til sjødeponi er ugyldig. I dommen ramsar retten opp fleire forhold dei meiner at staten ikkje har drøfta på tilstrekkeleg vis, blant anna kva rutil har å seie for forsyningssikkerheita av kritiske mineral i Noreg og EØS-området.
Finn Ivar Marum
Nordic Mining-sjef og styreleiar for Engebø Rutile and Garnet, Finn Ivar Marum, er bekymra for kva ein deponeringsstans kan bety: – Vi vil måtte stenge ned drifta med umiddelbar verknad, og deretter permittere tilsette vi ikkje treng for å halde anlegget i forsvarleg stand, sa han i retten.
Preben Nedreberg Holmøy / NRK
165.000 tonn med gruveavfall
Ifølge gruveselskapet var det per 15. september tømt cirka 165.000 tonn med gruveavfall i fjorden sidan oktober 2024. Det er 13 prosent av den planlagde mengda på 1,3 millionar tonn i året.
Preben Nedreberg Holmøy / NRK
Kongeleg resolusjon
I mars konkluderte Efta-domstolen med at økonomiske omsyn aleine ikkje er god nok grunn til å tillate fjordlagring i Førdefjorden. I mai prøvde derfor regjeringa – ifølge kritikarane – å «pynte» på den opphavlege grunngivinga ved å liste opp fleire grunnar til å seie ja til sjødeponi i ein kongeleg resolusjon.
Stian Lysberg Solum / NTB
Høg terskel
Dommen frå lagmannsretten var einstemmig og viser ifølge Truls Gulowsen at terskelen for å kunne tillate forureining av fjorden ligg høgare enn det staten legg til grunn.
Publisert 10.11.2025, kl. 16.50

















English (US)