Tok blindpassasjerar på fersken

1 day ago 3



To personar sneik seg om bord på eit godstog på Evanger stasjon i Voss herad måndag føremiddag.

Der gøymde dei seg under ein presenning, før toget køyrde av garde.

Ein observant person på eit kryssande tog oppdaga karane og fekk varsla om dei.

Ved neste stasjon, på Voss, kom politiet raskt på sporet av blindpassasjerane.

– Midt i vognsettet var det ein presenning med to ungdommar under, seier innsatsleiar Henning Hegbom i politiet.

Blindpassasjerane var to studentar frå Tsjekkia. Dei skulle til Oslo, og ville ha eit billig eventyr, ifølge eigen forklaring.

– Vi tenkte det ville vere ein morosam og billeg måte å reise på, sa ein av passasjerane til Avisa Hordaland.

Etter ein runde vaksenkjeft lét politiet dei gå.

– Dei forstod nok at dette ikkje var morosamt og ingen god idé, seier innsatsleiar Hegbom.

Toget skulle køyre Bergensbanen over fjellet. Der har det vore snøvêr i dag.

Dei hadde liggeunderlag og sovepose, men politiet trur det ville blitt «ekstremt kaldt» i metallvogna.

Den farefulle togreisa gjekk frå Evanger til Voss stasjon i Voss herad. Toget var på veg austover mot Oslo.

Ikkje første gong

Det er strengt forbode å snike seg med på godstog. Likevel skjer det innimellom, ifølge Cargonet.

– Dei skal vere veldig glade og takknemlege for at dei vart stoppa og slapp unna utan skadar, seier pressevakt Siv Egger Westin i Cargonet.

  • Siv Egger Westin

    Pressevakt i Cargonet, Siv Egger Westin

Ho synest det er «innmari synd» at nokon vel å ta risikoen.

– Det er alltid nokon som vil teste grenser. Det skjer at folk gjer dette, sjølv om det ikkje er eit kjempeproblem.

I sosiale medium blir det gjerne kalla «freigthopping» eller «train surfing».

Fenomenet er så farleg at det finst ei lang Wikipedia-side med dødsfall og skadar med årsak i aktiviteten,

– Dette er ordentleg uklokt, avsluttar Westin.

Publisert 04.05.2026, kl. 21.02

Read Entire Article