Tok grep etter punktering: – Blir meir som ein katapult

2 weeks ago 19



Eg har kjent på litt meir motgang i denne sesongen enn eg er vand til, seier Pedersen til NRK.

Rett skal vere rett: alt har ikkje vore utanom det vanlege. Sjølv med ein sesong under pari, til han å vere, tok han heim utforkula og fleire sigrar og pallplassar. Og alle gulla i NM.

Men etter ein god start på sesongen, skjedde det noko som gjorde at dei måtte ta grep.

Jesper Saltvik Pedersen og Thea Louise Stjernesund

KONGEPOKALEN: Pedersen fekk kongepokalen i NM, saman med Thea Stjernesund.

Foto: Claes-Tommy Herland/Norges Skiforbund

– Fungerer litt som knea

I januar, under eit verdscuprenn i Sapporo i Japan, oppstod ei uventa utfordring.

Det tok eit par renn før vi skjønte kva som var problemet. Eg hoppa og spratt litt mykje, så det blei nokon utkøyringar som ikkje var heilt etter boka, fortel Pedersen.

For etter dette rennet fungerte ikkje ting som normalt:

Demparen hadde nemleg punktert.

Vi hadde ikkje noko ekstra å byte med, så han måtte køyre utan dempar. Da er det berre fjøringa som verkar, og det blir meir som ein katapult enn som fjøring, seier landslagstrenar Hege Møller til NRK.

Demparen er altså ein enormt viktig del av kjelken til den tidlegare OL- og VM-vinnaren.

Den fungerer litt som knea for ein som er funksjonsfrisk. Den speler på lag og ikkje mot meg. Det er eigentleg ganske essensielt for at eg skal køyre fort nok, seier Pedersen.

Da måtte dei ta grep – og valde å ta nokon sjansar.

– Gått på nokre blemmer

Undervegs i sesongen valde dei å teste nytt utstyr, vel vitande om at det kunne påverke prestasjonane. Men ettersom det var ein sesong utan VM eller OL, valde dei å ta sjansen.

Vi har tort å ta nokon sjansar, så har vi kanskje feila litt på nokon ting, seier Pedersen.

Vi har gjort litt justeringar. Vi har ikkje gjort så mykje før, men i og med at det ikkje var meisterskap i år, har vi satsa nokre skirenn. Vi har gått på nokre blemmer, men vi var einige om at vi gjorde det saman. Så det har gitt oss mykje lærdom, seier Møller.

Jesper Saltvik Pedersen peker på dempingen på kjelken.

ESSENSIELT: Her peikar Pedersen på den gule demparen under kjelken.

Foto: Martine Sørhus / NRK

For samtidig som han trøbla med demparen, valde 24-åringen og teamet rundt å gjere fleire andre store endringar på utstyrsfronten. Ny kjelke, endringar på skia og ein prosess om å tilsette ein ny servicemann.

Men sjansane dei har tatt meiner han er verd det.

Det at vi har gjort det, trur eg gjer at vi stiller sterkare neste sesong, seier Pedersen.

Og etter hendinga i Japan skal dei sikre at demparen fungerer til kvar tid.

Nå skal vi byte kvar fjerde månad, seier Møller.

– Det er i alle fall ei god overskrift

Endringane har han begynt å bli vand med, men det er framleis eit lite stykke igjen før alt sit som det skal.

– Ein kan ikkje forvente at alt alltid går etter planen. Så det har vore lærerikt for meg òg. Og eg har sikkert godt av å kjenne på litt av det òg. Det gjer kanskje at eg blir enda meir svolten på siger i åra som kjem, seier han.

Jesper Saltvik Pedersen i Hafjell under NM.

GULLKJELKA: Med dei nye endringane blei det fire NM-gull i Hafjell for Pedersen.

Foto: Martine Sørhus / NRK

Nå ventar ein sesong med VM og nye moglegheiter i verdscupen. Da skal alt sitte og Pedersen er allereie utolmodig.

Eg er eigentleg veldig klar og gira på neste sesong, så det kan ikkje komme fort nok, seier 24-åringen.

– Så nå har du ein super-kjelke som kan gi deg VM-gull?

Det er ei fin overskrift, er det ikkje det?, seier Pedersen og ler.

OL-klærne kritiseres: – «Knock off» Gucci-skjorter 00:54

Publisert 11.04.2024, kl. 19.36

Read Entire Article