Tok milliardær i forsvar: – Han har ikkje pressa meg

3 hours ago 2



Saken oppsummert

  • En bitter familiestrid utspiller seg i retten i Bergen.
  • Barnebarn er anklaget for å ha misbrukt bestefarens BankID.
  • Han hevder å ha arvet tomten og nekter for at den saksøkte milliardærvennen presset han for å overta tomten for gjeld.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister. Les om hvordan vi jobber med KI

Det blei tidvis høg temperatur då den bitre familiestriden for alvor byrja å spele seg ut i den vesle rettssalen i Bergen tysdag.

For då byrja vitneføringa i den sivile saka.

– Eg har lova meg sjølv å ikkje bli sint eller forbanna. Men å sitte her i salen og diskutere desse tinga, framfor media. Det er heilt absurd. Det er heilt sjukt.

Mannen i 30-åra, omtala som «barnebarnet» i tomtestrida som TV 2 har omtala denne veka, kravde eigentleg å vitne bak lukka dører.

Det sa dommaren blankt nei til. 

– Eg arva tomta

Så tok han til kraftig motmæle mot påstandane om at han har gått bak ryggen på bestefaren sin.

For å betale gjeld til sin mangeårige ven og forretningspartnar, laksearving Oddvar Haugland (39).

– Eg har arva den tomta. Men det er berre vi tre, bestefar, bestemor og eg, som veit kva vi har avtalt mellom oss, sa han fleire gonger.

 Jon Bolstad / TV 2
SAKSØKT: Laksearving Oddvar Haugland (39) har flytta til Sveits. Med seg tok han over 80 prosent av aksjane i familieselskapet Haugland-gruppen. Måndag møtte han i retten saman med advokatane Mads Langeland (i midten) og Ole Tokvam (til venstre). Foto: Jon Bolstad / TV 2

Dette er saka

Sveits-utflytta Haugland (39) er saksøkt av besteforeldrene til mannen i 30-åra. Dei meiner han har fått hand om tomta ved Fanafjorden på urett vis.

No vil dei ha den tilbake. Men i midten står altså barnebarnet. 

Saksøkarane meiner han har misbrukt BankID-brikka til bestefaren, for å først pantsette tomta som sikring for eit lån barnebarnet fekk av Haugland. 

 Jonas Pedersen / TV 2
TOMTESTRID: Det er ekteparet som har gått til sak mot Oddvar Haugland, som gjennom selskapet Vortex AS i dag eig tomta det er snakk om. I midten står hans tidlegare forretningspartnar, barnebarnet til ekteparet, som blir skulda for misbruk og dokumentfalsk. Grafikk: Jonas Pedersen / TV 2

Det skjedde våren 2022.

– Eg har ikkje BankID. Eg har ikkje peiling på korleis det pantedokumentet er signert, seier bestefaren i eit bevisopptak gjort berre tre veker før han gjekk bort i vinter.

Bestefaren har også politimeld barnebarnet. Der har han status som sikta og saka er under etterforsking.

Tidslinje i Vortex-saka

22. juli 2020: Ei erklæring om at barnebarnet får råderett over tomta blir signert: «Tomten blir gitt som forskudd på arv fremfor penger gitt de andre barnebarn», heiter det i erklæringa. Dokumentet er signert av bestefaren og mannen i 30-åra og er også svært sentralt i tomtetvisten. Mannen i slutten av 80-åra nektar for å ha signert erklæringa.

27. april 2022: Vortex AS og mannen i 30-åra inngår låneavtale på 3,49 millionar kroner. Same dag blir tomta i Fana pantsett.

Juni 2022: Mannen i 30-åra blir politimeld av ein forretningspartnar i eit selskap der Haugland også er investert.

24. januar 2023: Lånet hjå Vortex AS frå april 2022 er misleghalde. Selskapet varslar tvangsinndriving.

28. mars 2023: Haugland og Vortex AS får prosessvarsel om at mannen i 30-åra er saksøkt for same forhold som nemnd i juni 2022.

27. april og 28. april 2023: Kjøpekontrakt for tomta i Fana blir signert. Det same blir skjøtet som overfører heimelen til tomta.

26. august 2024: Den tidlegare eigaren av tomta saksøker Vortex AS og Oddvar Haugland.

15. september 2025: Den sivile saken om søksmålet går for Hordaland tingrett.

Saksøkarane konfronterte barnebarnet med tekniske funn dei meiner beviser at han sat aleine og ordna med signeringane av pantsettinga.

Han svara ved å innrømme at han kan ha forklart seg uriktig til politiet om det.

– Men på den tida var eg under eit sterkt press. Så då kan eg ha miksa på datoane. Det er menneskeleg.

Innrømma å ha skrive erklæring

Våren 2023 vart heile tomta overført til Haugland sitt private investeringsselskap, Vortex AS.  

Fordi mannen i 30-åra ikkje hadde klart å halde låneavtalen.

Barnebarnet held fast på at bestefar og bestemor visste om dette og aksepterte «dette på førehand». 

Han hevdar han var saman med bestefaren då tomteoverføringa vart signert, nettopp for å unngå ein slik situasjon som han har hamna i no.

– Dei var der for meg når eg trengte det. Eg har fått hjelp av bestefar før. Han har alltid stilt opp for meg og eg har aldri fått nei av han nokon gong, sa mannen i 30-åra.

Kommer med sterke beskyldninger mot norsk milliardær

Han innrømma likevel å ha vore forfattaren av ei erklæring, som han daterte tilbake til 22. juli 2020. Den viser at han har «råderett» over tomta og at den blir gitt «som forskot på arv».

Derimot kunne han ikkje hugse kven som hadde signert for bestefaren på erklæringa. Men han laga dokumentet for at ikkje andre «familiemedlemmar skal kome og meine noko om det».

– Vi har ei historikk i familien med å gi med den eine handa og ta tilbake med den andre, sa han og viste til ein nesten 30 år gamal familiekrangel om akkurat samme tomta.

– Det er løgn!

Sidan den tidlegare eigaren har gått bort, og enka på snart 90 år ikkje har helse til det, er det sonen deira som fører saka i retten. 

Han er altså onkelen til barnebarnet som er skulda for BankID-misbruket.

– At min far skal ha samtykka til pantsettinga og overføringa av tomta, for å så melde barnebarnet til politiet? Det skal liksom bli det siste min far gjer før han dør?, sa han til retten i si vitneforklaring.

– Eg synest dette også handlar om at min far ikkje skal bli hugsa som ein løgnar, sa han vidare.

På eit tidspunkt avbraut han nevøen sitt vitnemål ved å utbryte «det er løgn!». Det var også tidvis heitt mellom advokatane på begge sider.

– Slutt å krangle over bordet, sa dommarfullmektig Christiane Skeide Sandvik.

– Søksmålet er ein hemnkampanje frå bakmenn

Tok milliardærvenen i forsvar

Saksøkarane meiner laksearvingen pressa på for å få mannen til å ta på seg personleg gjeld og bruke tomta til bestefaren som sikring.

Dei meiner dette skjedde fordi mannen i 30-åra var i ei «personleg livskrise» etter at han hadde blitt skulda for grovt underslag i millionstorleiken i eit selskap som han og Haugland begge var investerte i.

– Eg har aldri blitt pressa. Eg spurte Oddvar om å få låne pengar og det fekk eg lov til. Han har berre vore ein støttespelar for meg, heile vegen.

Advokatane til Haugland svarar vidare med å hevde at barnebarnet eigentleg er utsett for ein hemnkampanje frå bakmenn som tidlegare dreiv dette nemnde selskapet saman med mannen.

– Ja, det står nokon andre bak og pushar eit narrativ. Dei har vore etter meg i mange år, sa mannen sjølv om dette.

Dei tre forretningsmennene nektar for at dei fører ein hemnaksjon mot mannen.

«Konspirasjonsteori» og «tull og tøys», sa dei til TV 2 måndag kveld.

Iskald stemning

Det som skjedde i selskapet er uansett eit svært sentralt bakteppe i konflikten.

I 2022 vart mannen i 30-åra, saman med ein annan medarbeidar, politimeldt for grove underslag. 

Haugland var styreleiar i dette selskapet, men trakk seg ut då saka dukka opp våren 2022. Nesten samstundes med pantsettinga av tomta i Fana.

Dette er Oddvar Haugland (39)

Ein av fire søner i Haugland-familien frå Austevoll utanfor Bergen. Dei har gjort det stort innan oppdrett og eigedom.

Selskapet Haugland-gruppen skal vera gode for rundt tre milliardar kroner, ifølgje Kapital.

I 2022 flytta Oddvar Haugland (39) til Sveits. Med på flyttelasset følgde 80 prosent av aksjane i familieselskapet.

Underslagssaka er framleis under etterforsking, men partane vart hausten 2023 samde om eit forlik.

Mannen som eig selskapet og har politimeld den tidlegare partnaren, var i retten tysdag. Han fortalde at selskapet framleis slit med etterverknadane.

– Eg har ingen glede av å sitje her. Eg vil ha mest mogleg avstand frå han (barnebarnet) og Haugland. Det kokar litt inni meg og sitte her, sa mannen og festa blikket i laksearvingen som sat berre ein knapp meter frå han.

Møtte ekteparet

Han og dei to andre sokalla «bakmennene» fortalde at dei sommaren 2024 var i møte med besteforeldra, som då allereie hadde politimeld barnebarnet sitt nokre dagar i førevegen.

Ein av dei innrømma at han tidlegare hadde råda dei å gå til politiet med tomtesaka, på grunn av deira erfaring med det som skjedde i selskapet dei hadde saman med barnebarnet.

Men det var også difor møtet kom i stand. Dei tre hevdar ekteparet ville høyre om deira erfaringar med barnebarnet.

– Vi var der for å formidle at vi også var svindla. Ofte er det jo slik at om ein står i ei krise saman, så møtest ein for å snakke om det, forklarte ein av mennene.

Read Entire Article