Toleranse alltid må følgja trusfridom, også 200 år etter pionerutvandringa

3 weeks ago 22



KRONIKK: Trusfridom var kva det dreidde seg om i 1825. Kvekarsympatisørane som vandra ut frå Stavanger og Rogaland for 200 år sidan, gjorde det for å få leva ut trua si fritt. Seinare utvandrarar emigrerte også for å vinna seg religiøs fridom.

Sjølv med betre vilkår for å praktisera trua si, heldt det religiøse motivet om trusfridom for utvandring seg lenge mange stader. Foto: Shutterstock
  • Nils Olav Østrem

    Nils Olav Østrem

    Professor i historie, UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Amtmann Gunder Aas, den tids statsforvaltar i Rogaland, skreiv at både pionerutvandringa i 1825 og emigrasjonen i 1836, knytte seg til å få tru fredeleg og fritt. Grunnsetningane til kvekarsekta var framleis med som motiv for å «bortflytte».

Den religiøse motivasjonen heldt fram med å verka inn på mange utvandrarar. Det rådde avgrensa trusfridom før opphevinga av konventikkelplakaten i 1842 og vedtaket om friare utøving av tru gjennom den nye dissentarlova av 1845. Også mange som ikkje utvandra, måtte av den grunn leva lenge under eit stadig press av manglande aksept og toleranse for annleis truande.

Mathias Grønnestad på Bokn var ein av desse som praktiserte trua si på ein måte som det rådande regimet i Norge ikkje sette pris på. Tvert imot blei han og familien hans utsette for rettsforfølging og forhøyr så seint som ved slutten av 1830-åra.

Ikkje alltid er det like enkelt å vita kva vekt søkinga etter trusfridom hadde samanlikna med andre gode grunnar for å utvandra.

Lammets krig

Historikaren Berge Furre har skrive om kvekaren Mathias i artikkelen sin «Lammets krig med det frie Norge». Furre viser kva vanskar styresmaktene fekk med å ta seg av saka om trua til Mathias Grønnestad.

Dei engasjerte regjeringsadvokaten til å greia ut trusspørsmålet frå Bokn-samfunnet. Frederik Stang heitte han. Denne mannen blei snart statsminister. At saka engasjerte den unge juristen, vitnar dei i femten sidene han skreiv om. I botnen for engasjementet låg gjerne også det faktum at Stang hadde hatt fleire av oppvekståra sine i byen Stavanger.

Berge Furre omtalar uttalen frå Frederik Stang slik:

Stang hevda at dei gamle tvangslovene om kyrkjegang med vidare var forelda. Og med styrke argumenterte han for at den meiningsfridomen Grunnlova gav borgarane måtte ha som konsekvens fri og open religionsutøving. Lovverket gav rom for at folk hadde religiøse særmeiningar. Da burde dei også kunna hevda det ope. Tru og gjerning høyrer saman. Lovverket burde endrast.

Så langt Stang. Berre dette frå Berge Furre:

Uttrykket «Lammets krig» kjem seg av at dette i England hadde blitt brukt som namn på den gamle kvekartrua der. Det er tale om lammet i Openberringsboka i Bibelen. Dei britiske kvekarane hadde alt frå 1600-talet vore talspersonar for å overtyda landsmennene og -kvinnene sine med å «vinna over det vonde utan krig og vald». Norske kvekarar på engelske fangeskip møtte kvekarlæra gjennom diakoni, helsehjelp og humanitet.

Furre held føre:

Det var dette eg ville fortelja om – ein liten flokk utan pengar og utan lærdom som møtte embetsmakt, overgrep og undertrykking, men som stod fast med den styrke «det indre lys» gav og verka til at dette landet vart romslegare å leva i for alle, at folkestyret fekk ein av sine grunnsteinar, trusfridom.

Ufri tru dreiv fram utvandring

Sjølv med betre vilkår for å praktisera trua si, heldt det religiøse motivet om trusfridom seg lenge mange stader. Trusfridomen verka utvandringsdrivande, ufri tru dreiv fleire til å ta i veg som utvandrarar.

Siri Knutsdotter frå Skjoldastraumen i dagens Tysvær emigrerte sommaren 1839 til Amerika. Ho gjorde det fordi ho håpa at ho der skulle få eit betre liv. Dei som var vitne til utvandringa hennar frå det sterke kvekarområdet heimegrenda hennar utgjorde, hevda at Siri i Amerika ville koma i ein for henne langt meir fordelaktig stilling enn den ho levde i. Her heime var ho utan utsikter til noko betre.

Ikkje alltid er det like enkelt å vita kva vekt søkinga etter trusfridom hadde samanlikna med andre gode grunnar for å utvandra. Siri frå Skjoldastraumen drog frå eitt lokalt kvekarmiljø til ein etablert, amerikansk kvekardestinasjon. Nokre år etter at ho vandra ut, kom bror hennar heim ein tur frå Salem i Iowa. I 1858 hadde han med seg tilbake eit heilt reisefølgje av lokale utvandrarar. Dei kan enno ha reist motiverte av trusfridom. Kvekartru hindra på denne tid framleis ikkje tunge fengselsstraffer for militærnekting – trass i ny lovgjeving med sterkare vekt på trusfridom.

«Jeg mener vel om dig»

Ei brevveksling frå 1852 mellom presten Johan Peter Berg og kvekaren Søren Stakland enda med invitasjon til toleranse. Presten forsikra at han meinte vel om kvekaren. Han la til at «så bør og du stræbe at mene om mig». Presten hadde elles berre ein einaste gong minna tilhøyrarane sine om at kvekarane si avvisande haldning til sakramenta ikkje stemde over eins med «det Ord, som jeg er sat til at forkynde».

Sokneprest Berg avslutta brevet sitt med ønskje om at «Vi skulde ellers ikke dømme hverandre.» Det minner oss om at toleranse alltid må følgja trusfridom – også to hundre år etter, i 2025.

Publisert:

Publisert: 18. august 2025 21:21

Read Entire Article