Gulliksen var speaker under handballkampen mellom Gjerpen og Sola 21. oktober, da han sa følgande om handballspelar Camilla Herrem, som har mista håret på grunn av kreftbehandling:
«Ho er eit stort førebilde som viser at det går an», og følgde opp med:
«Sveisen treng ikkje fønast eingong».
Uttalen førte til at Gulliksen fekk sparken som frivillig speaker på Gjerpens heimekampar.
Saka blei først omtalt i Varden, og har sidan blitt spreidd til medium i heile Norden.
– Angrar
Seinare har han fått massivt med kritikk frå fjern og nær - men også mykje støtte.
Fire prestar skal blant anna ha tatt kontakt for å forsikre seg om at han held ut i den pågåande stormen.
– Hadde eg ikkje hatt litt sterk rygg og godt samvit, så kunne det fått dramatiske konsekvensar dette her, seier han til NRK.
Han meiner det er eit tankekors at så mange plutseleg meiner noko om ein person dei ikkje kjenner. For kritikken har vore temmeleg massiv.
Tom Gulliksen har fått hard medfart etter ein mildt sagt uomtenksom kommentar som speaker.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKGulliksen er krystallklar på at han angrar på kommentaren, sjølv om det aldri var vondt meint.
– Sjølvsagt. Ein skal aldri såre nokon. Den einaste måten å rette opp i noko sånt, er å be om unnskyldning.
– Vil du moderere deg litt framover?
– Ja, eg er jo Tom Gulliksen, og eg kjem aldri til å bli nokon anna enn det. Eg er berre snill, og har aldri vore noko anna enn snill.
Han har unnskylda seg overfor Herrem.
Sola-trenar og Herrems ektemann, Steffen Stegavik, seier til TV 2 at dei har akseptert unnskyldninga og lagt saka død.
– Håpar du å kunne vende tilbake som speaker?
– Eg er speaker. Nå skal eg reise til Drammen og lage julebord for alle Menybutikkane i Buskerud. Så skal eg hjelpe Glassmagasinet i Skien, som opnar ei ny avdeling.
Meiner media må gå i seg sjølv
Sjølv om han tar fullt ansvar for sin eigen kommentar, meiner han samtidig at enkelte medium må gå i seg sjølv.
Dei siste vekene har nemleg vore i overkant tøffe.
– Eg synest at media skal ta konsekvensane av den artikkelen som stod i Varden første gong, som nå har vore sitert av medium i Finland, Danmark, Sverige og Noreg, seier han.
– Eg veit nesten ikkje om eg trur at den stakkars journalisten som skreiv saka var klar over konsekvensane av det han sette i gang.
Tom Erik Thorsen, redaktør i Varden.
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRKVarden-redaktør Tom Erik Thorsen forsvarer artikkelen i lokalavisa om Gulliksens kommentar til Herrem.
– Tom Gulliksen har vore speaker på ein Gjerpen kamp, der han framfor 770 tilskodarar kom med ei fråsegn som openbert fall i veldig dårleg jord. Det opprørte Camilla Herrem og dei rundt henne, seier han.
– Det meiner vi openbert har offentleg interesse.
Publisert 04.11.2025, kl. 20.45

















English (US)