Kjøkkenmaskina durar heime hos Tonje Stang. Ho har ikkje laga brune pinnar før, men følger ei oppskrift frå bestemor.
– Eg håper dei blir like gode som besta sine, ler 25-åringen frå Rjukan.
Målet er ikkje berre søte, sprø småkaker – Tonje følger også ei anna oppskrift.
Ei oppskrift ho har laga sjølv, der ingrediensane er små gleder i kvardagen.
– Etter at eg blei vaksen og flytta heimanfrå, må eg aktivt jakte på julestemninga.
Heile desember leiter Tonje etter den varme følelsen av at det snart er jul.
Gjer ho ting som betydde noko for ho som barn, kjem julestemninga som små blaff.
– Du veit, den gode nostalgiske følelsen, når det kriblar innvendig, forklarar ho.
Ein måte å vere takksam på
Leilegheita i Drammen, der ho bur med kjærasten, er pynta med juletre og stjerner.
På bordet står ei skål med peparkaker pynta med glasur og Non Stop, og frå TV-en ljomar kjenningsmelodien til Jul i svingen.
– Julestemning for meg er tryggleik. Det er å vere takksam for året som har vore, og ein måte å forberede seg på det som kjem.
Men jula er ikkje tryggleik og varme for alle. For nokon er ho vond og vanskeleg.
Det er Tonje klar over.
– Da er det viktig å halde fast ved det fine i jula, samtidig som ein ikkje gløymer kor heldig ein er, seier ho.
Søker det nære og kjente
I urolege tider med krig og konflikt i verda, blir juletradisjonar viktigare for oss.
Det seier professor i marknadsføring Marit Engeset ved Universitetet i Søraust-Noreg.
– Vi søker det trygge og kjente for å få ein følelse av stabilitet i ei elles usikker verd.
Engeset peiker på ein trend kalla «mindfulness», der ein vender fokus innover for å redusere opplevinga av stress.
Det same kan ein sjå med juletradisjonar, meiner ho.
– Vi gir merksemd til det som er nært og kjent, det som roar oss ned og som gir oss ein følelse av tilhøyrsel.
Små blaff av julestemning
Samtidig byr desember på mykje ansvar og mange oppgåver. Det seier Live Nelvik.
– Da er det ikkje alltid ein finn tid til å kjenne på julestemninga, meiner ho.
Saman med kollega Ronny Brede Aase forsøker ho å spreie julestemning til over 200.000 lyttarar av podkasten Julestemning.
Den varige julestemninga meiner Nelvik det berre er barn som har. Vaksne kan oppleve små blaff innimellom, trur ho.
– Når julefølelsen dukkar opp og du kanskje får litt gåsehud, bør du halde fast ved den.
Her er Live Nelvik sine beste tips for å få julestemning:
- Ikkje hast for mykje – tid er nøkkelen
- Finn roa – blant anna ved å sjå julefilmar, gjerne dei som går sakte
- Få blikket vekk frå deg sjølv
- Gle andre – det er noko av det som gir mest julestemning, meiner Nelvik
- Høyr på Julestemning – med ein liten latter vil ho sjølvsagt også tipse om sin eigen podkast, som har nye episodar kvar dag fram mot julaftan
Jula har stor betydning for folk flest
Men kva gjer eigentleg folk flest for å få julestemning?
Forbrukarinstituttet SIFO har tidlegare peika på sosialt samvær, julemat, bakst og gåver som dei viktigaste tradisjonane våre.
I undersøkinga frå 2019 svarte sju av ti at jula har stor betydning for dei.
NRK har vore ute i Tønsberg for å spørje folk om deira juletradisjonar:
Marlen Johansen
– For å få julestemning ser eg på julefilmar og -seriar, høyrer på julemusikk og pyntar.
– Kor tidleg pyntar du til jul?
– Siste helga i november. Eg synest det er hyggeleg å ha julestemninga så lenge som mogleg. Det er ei mørk tid, så jo fleire lys, jo betre.
Harald Olsen
– Kvar veslejulaftan besøker vi grava til kona mi. Vi legg ned krans og tenner lys.
– Kor viktig er juletradisjonane for deg?
– Mest stas synest eg det er at dei vaksne barna mine held fram med tradisjonane kona mi og eg begynte med da dei var små.
Ei oppskrift på julestemning
For Tonje er baking ein obligatorisk del av advent – særleg dei brune pinnane til besta.
– Hadde ho sett meg no, hadde ho nok sagt: «Å, nei! Har du gjort det sånn, Tonje?»
Ho ler høgt idet ho knar deigen for hand, før ho byrjar å trille deigen til tynne pølser på stuebordet dekt av mjøl.
Strimlane legg ho på eit steikebrett.
Smør, sukker, eit egg, mjøl, natron, sirup og litt kanel har blitt til knasande brune pinnar – og det luktar som kjøkkenet til besta.
Kva med oppskrifta på julestemning? Har ho innfridd?
– Eg får kanskje ikkje den same julestemninga eg hadde da eg var barn, men eg jaktar på ho kvar einaste dag.
Hei!
Har du tankar om saka du har lese? Eller har du kanskje tips til noko anna eg burde sjekke ut?
Send meg gjerne innspel på e-post!
Publisert 21.12.2025, kl. 16.21















English (US)