Det er ingen som veit kva som skjedde då Allia døydde brått for sju år sidan.
Ho var eit og eit halvt år, og ein morgon vakna ho ikkje.
– Ho var jo heilt frisk. Fanst ikkje sjuk. Ho hadde hatt ei lita forkjøling i heile sitt liv. Ingenting anna. At ho som var så frisk, berre plutseleg kunne vere død. Det var berre heilt uforståeleg, seier mor Tonje Wyn-Jones.
– Det er få som har ein plan på førehand for korleis ein skal gravleggje eit barn, seier mor Tonje Wyn-Jones.
Foto: Øystein Otterdal / NRKMannen Jason var aleine heime med ungane, då han fann ho livlaus i senga. Tonje var bortreist då ho fekk beskjeden.
– Eg kunne ikkje godta at det stemte. Det måtte vere feil. Viss eg berre fekk løfta henne opp, viss eg berre fekk halde henne. Men eg visste jo eigentleg at det ikkje stemte.
Obduksjonen klarte aldri å fastslå ein dødsårsak. Familien stod no i ei livskrise, og oppi det heile måtte dei planleggje ei gravferd.
– Eg trur det er få som har ein plan på førehand for korleis ein skal gravleggje eit barn. Heldigvis.
–Nei, det går ikkje
Gravferda måtte settast i stand raskt. Musikk måtte veljast, og lokale måtte på plass. Ikkje minst måtte dei bestemme seg for korleis dei ønskte at dottera skulle gravleggjast.
– Før gravferdsagenten spurte hadde ikkje tanken vore der eingong. Sikkert i underbevisstheita ein plass, men ikkje bevisst. Så det var liksom ikkje før ho faktisk spurte om det skulle vere vanleg gravferd eller kremasjon, at vi begge svarte kremasjon med ein gong.
Tonje meiner ho burde få lov til å sørge slik ho ønsker.
Foto: Øystein Otterdal / NRK– Men då var det òg ein naturleg sjølvfølge at det betydde at ho skulle vere hos oss, held ho fram.
Men Tonje fekk ikkje lov til å ha dottera heime hos seg etter at ho var kremert. Det er nemleg ulovleg å oppbevare urne i eigen heim i Noreg.
Ifølge gravferdslova må urna anten må settast ned ved ei offentleg gravlund, eller så må ho blir spreidd i naturen.
Tonje har også oska etter hunden sin. Det er heilt lovleg.
Foto: Øystein Otterdal / NRKOg heller ikkje her er det fritt fram. Det er nemleg berre lov å spreie oska på ein aude stad i naturen, eller over ope hav (ekstern lenke). For å få lov til dette, må du sende ein søknad til Statsforvaltaren.
– Det kunne eg ikkje forstå. Då kjente eg at eg blei sint. Det er ganske lett å bli sint når du er så sårbar, når du har det så tungt.
– Kven tar skade av at eg har urna til dottera mi her heime? Kva vondt gjer det nokon? Kva er den negative konsekvensen? Det kostar samfunnet mindre pengar, det tar ingen plass. Det er heilt reint.
Det var Solabladet som først skreiv om Tonje si historie.
– Ein lov som er gått ut på dato
Det historisk tette forholdet mellom kyrkje og stat kan vere ei av årsakene til at lova er slik han er no.
Det meiner Bjarne Kjeldsen, som er rådgjevar i Fagforbundet, med særleg fokus på gravferd og kremasjon.
Kistegrav var lenge einerådande i Noreg. No vel fleire andre måtar å gravleggjast på. På Eiganes gravlund i Stavanger har dei urnevegg.
Foto: Øystein Otterdal / NRKLenge var kistegrav og tradisjonell kristen gravleggingsskikk ein tilnærma einerådande praksis i Noreg.
– Dei grunnleggjande rammene i lovverket blei i liten grad utfordra før Noreg blei meir fleirkulturelt og mangfaldig, seier han.
Kjeldsen seier også at urna og oska i stor grad har vore likestilt med kiste og lik.
Kremasjonsomnen og kapellet ved Eiganes gravlund
Foto: Øystein Otterdal– I dette biletet blir oppbevaring av urne i heimen, og ein meir liberal praksis for oskespreiing, framandt. Men vel så viktig, så trur eg òg at det har vore få talspersonar for endringar, før no, seier Kjeldsen.
Det er gravplassloven som må endrast viss praksisen for oskespreiing og oppbevaring av oske skal mjukast opp. Det betyr at det er Stortinget som må gjere endringar.
– Dette er et veldig tydeleg eksempel på ein lov som er gått ut på dato, og som er moden for fornying, seier Grunde Almeland i Venstre.
Fleire av partia NRK har snakka med er opne for å gjere endringar i lova, medan andre er meir usikre.
– Å oppbevare urne heime vil vere ein stor endring i gravplasskulturen i Noreg, og i Norden. Eg er usikker på om oppbevaring heime er rette vegen å gå, seier Mona Nilsen i Arbeidarpartiet.
Les svara frå alle partia som NRK har snakka med:
Berit Roald / NTB
Høgre
– Når det kjem til spreiing av oske er vi opne for at det regelverket er strengt i dag, og at det for mange betyr mykje å få spreie asken av sin nære på stader som betyr mykje. Så det ser vi gjerne på.
– Når det kjem til det å oppbevare urner heime så er det noko vi ikkje har tatt stilling til i dag. Det er ein ny problemstilling, seier Tage Pettersen (H).
Vegar Erstad
Sosialistisk Venstreparti
– Denne problemstillinga har vi ikkje tatt stilling til i partiet, så eg kan dessverre ikkje gi deg noko konkret svar. Men dersom det kjem forslag om å endre gravferdslova til behandling i Stortinget vil vi sjølvsagt behandle det skikkeleg og gjere ein vurdering av kva vi meiner er best politikk, seier Kathy Lie (SV).
Oskar Rennedal
Framstegspartiet
– Vi vil jobbe for ein tidsmessig gravplasslov, der det eventuelt vil opnast opp for privat oppbevaring av urner i heimen.
– Vi ønsker også å eventuelt opne for plassering av gravstad i tilfelle der dette ikkje går ut over rettane til andre, seier Silje Hjemdal (Frp).
Paul S. Amundsen / NTB
Kristeleg Folkeparti
– Eg har stor forståing for at ein ønskjer å bevare minnet etter dei ein har mista, gjerne på ein dedikert stad. Det er viktig med gode ordningar for gravferder og bisettingar, og god oppfølging av pårørande.
– KrF meiner at det ikkje er behov for endringar i gravferdslova på dette punktet, på det noverande tidspunktet, seier Jonas Andersen Sayed (KrF).
John-Andre Samuelsen
Senterpartiet
– Vi i Sp har ikkje behandla dette i partiet, men eg trur nok at vi i Sp i utgangspunktet ikkje er klare for å opne helt opp for begge deler, men at vi gjerne kan diskutere det framover, dersom dette er noko som betyr mykje for mange å få moglegheita til, seier Åslaug Sem-Jacobsen (Sp).
Heiko Junge / NTB
Raudt
– Eg kan ikkje forstå kvifor det skal vere nokon avgrensingar. Det er ein merkeleg regel. Det høyrast ut som et tulleforbod. Folk må få velje sjølv.
– Eg meiner lova bør bli endra, men eg er open for å bli overtydd om det motsette, seier Mímir Kristjánsson (R).
Annika Byrde / NTB
Miljøpartiet Dei Grøne
– Vi i MDG er opne for å vurdere endringar i gravferdslova. Vi forstår at det kan vere emosjonelt belastande å vere i sorg, og oppleve at ein til dømes ikkje kan ta med urna til eit barn eller eit anna familiemedlem heim.
– Vi har ikkje tatt stilling til regelverket om oppvaring av urner i heimen eller spreiing av oske per i dag, og er lydhøyre i diskusjonen.
Johan Moen / NRK
Venstre
– Dette er et veldig tydeleg eksempel på ein lov som er gått ut på dato og moden for fornying. Det er ikkje et problem at folk sjølv får vurdere korleis de ønsker at asken og orna oppbevares eller spreiast, seier Grunde Almeland (V).
Christina Norum
Arbeidarpartiet
– I og med at fleire ser ut til å velje oskespreiing i naturen, bør reglane vere enkle å forstå og handheve. Oskespreiing på gravplass kan vere ein moglegheit som bør vurderast, og det krev regelendring.
– Å oppbevare urne heime vil vere ein stor endring i gravplasskulturen i Noreg, og i Norden. Eg er usikker på om oppbevaring heime er rette vegen å gå, seier Mona Nilsen (Ap)
Kan komme seg unna regelverket
– Vi har hatt eit slags monopolsystem med Den Norske Kyrkja, som har regulert og styrt alt, og meint at alt skulle i vigsla jord.
Det seier Arvid Steinum. Han er prest og driv gravferdsbyrået Alpha i Stavanger. Han er kritisk til at regelverket i gravferdslova er så strengt, og meiner det utgjer ei ekstra belasting for pårørande.
Ei kiste blir frakta til kremasjon
Foto: Øystein OtterdalIfølge Steinum kjenner fleire gravferdsbyrå til korleis ein kan komme seg unna regelverket. Dette er ein nærast uskriven avtale mellom gravferdsbyrå og pårørande.
Då han starta i bransjen for 22 år sidan, var dette noko av det første han lærte. Han blei kontakta av ein familie som ønskte å spreie oska på ein stad som ikkje var lovleg, og tok kontakt med andre byrå for å høyre kva han skulle gjere.
Arvid Steinum er prest og gravferdsagent.
Foto: Øystein Otterdal / NRK– Då sa dei at det er berre å søkje om å spreie oska éin lovleg stad, og så får familien urna, og så kan dei gjere som dei vil, seier Steinum.
Før den profilerte legen og professoren Per Fugelli døde av kreft i 2017, sa han følgande i eit intervju med TV 2.
«Eg har ein hemmeleg plan, og han er skriven ned. Eg vil ikkje gravleggjast. Eg vil brennast, og oska skal delast i to. Halvparten skal bli igjen på Orrestranda på Jæren, og den andre halvparten skal bli igjen på Røst. Der skal eg vere til evig tid. På to stader, og det er strengt forbode»
Per Fugelli
Lege og professor
Foto: Martin Otterbeck
– Per Fugelli sa jo på nasjonal TV at han skulle spreiast langs kysten, og det blei jo gjort. Så då var eg litt spent på kva som ville skje då han sa så tydeleg ifrå, men det har ikkje vore nokon oppstandelsar etter det, seier Steinum.
Var førebudd på å flytte frå landet
Tonje var bestemt på at ho skulle få med seg dottera heim.
– Då eg fekk høyre, nei det går ikkje, så sa hovudet mitt at, jo det skal eg.
Mannen til Tonje er opphaveleg frå Wales. I Storbritannia er det ikkje ulovleg å oppbevare urner i heimen.
I dag står urna etter dottera Allia ulovleg på ein gammal skjenk midt i familiens stove i Sola.
Foto: Øystein Otterdal / NRKFamilien var førebudd på at dei i verste fall måtte forlate Noreg, til fordel for mannens heimland. Men så fekk ho ein ide: Dei kunne jo berre seie at dei skulle reise ut av landet.
– Viss du skal gravleggjast i eit anna land, så får du lov til å ta med oska. Så vi sa til dei at vi skulle ta henne med til Storbritannia.
Tonje møtte opp på krematoriet, med ein einvegs flybillett til Storbritannia, men utan nokon intensjon om å reise.
Til myndigheitene sa Tonje at ho skulle ta med seg dottera til Storbritannia, men urna kom aldri lengre enn til Sola.
Foto: Øystein Otterdal / NRKForsiktig bar ho eska i bilen.
– Det var nokre veldig skumle steg. For eg var jo redd for at nokon skulle stoppe meg.
– Men då eg kom i bilen, så kjente eg på ein enorm lette. Då eg kom heim, sette eg han rett på skjenken der, og så ringde eg til mannen min. Nå kunne vi slappe av.
Tonje fekk også nokre skjema som ho skulle levere inn til gravferdsmyndigheita i Storbritannia, for å så sende tilbake til Noreg. Desse blei aldri sendt.
– Så vi begynte å tenke: Kva om dei spør? Men då bestemte vi oss òg veldig kjapt begge to. Viss det skulle skje, så får vi heller reise.
-Kvifor skal nokon få ta frå meg dottera mi igjen?, spør Tonje.
Foto: Øystein Otterdal / NRKTonje fortel at det å ha oska etter dottera heime har vore viktig for å klare å prosessere sorga. Ikkje berre for ho og mannen, men også for dei tre ungane i familien.
– Ting er framleis feil, men du kan gå til den staden som du har valt ut, og leggje handa di på urna til barnet ditt. Om du føler for det, så kan du løfte ho opp og gi ein god klem. Du kan gå forbi og seie god morgon og god natt kvar dag. Akkurat som det passar deg.
Publisert 05.09.2025, kl. 22.16