Tragedien som skakar hestesporten: Døde på stallen like etter konkurranse

1 week ago 17



Nyheita har skaka hestesporten det siste døgnet. Dødsfallet skjedde under verdscupfinalen i den saudiarabiske hovudstaden Riyadh denne veka.

Hesten Chromatic BF hadde nettopp tatt ein høgst sensasjonell tredjeplass saman med ryttar Jill Humphrey.

Hesten begynte å konkurrere på nivået så seint som i haust, ifølge nettstaden Horse & Hound. Difor var tredjeplassen svært uventa, så prestasjonen utløyste ei rekke kjensler hos ein stolt ryttar.

– Han leverte på eit fantastisk nivå. Eg kjenner meg velsigna som får ri han, sa ryttar Jill Humphrey etter sensasjonen, ifølge nettstaden Horse & Hound.

Døydde ein time seinare

Så braut dramatikken ut på stallen.

– Hesten fekk anfall og kollapsa på båsen. Han blei omgåande behandla og undersøkt av veterinær, og blei erklært død etter kort tid.

Det skriv eigaren KC Branscomb på Facebook etter den nedslåande hendinga.

Dødsårsaka er foreløpig ikkje kjent, men Branscomb skriv i innlegget at ho ønskte å opplyse om kva som skjedde for å stoppe rykteflaumen etter det ho omtaler som ein «spektakulær prestasjon».

– Som eigar og oppdrettar vil eg tydeleg påpeike at dette ikkje var nokons feil. Hesten leid ikkje, og det er ingen bevis for at dødsfallet var relatert til den anstrengande og spektakulære prestasjonen godt over ein time tidlegare, skriv Branscomb.

Det internasjonale ryttarsportforbundet (FEI) skriv i ei pressemelding at dei har tatt prøver av hesten og at dei skal gjennomføre ein rutinemessig obduksjon.

Vidare uttrykker FEI kondolansane sine til ryttar, eigarar og andre involverte.

– La oss hugse han for korleis han var, ikkje korleis han døydde, skriv eigar KC Branscomb i eit Facebook-innlegg.

Hesteeier KC Branscomb la ut en melding om dødsfallet på sin Facebook-side.

RØRANDE MELDING: Eigar KC Branscomb la ut ei melding om dødsfallet etter tragedien.

Faksimile: FACEBOOK.COM

– Heilt tilfeldig

Også i Noreg har fleire fått med seg nyheita.

– Det er heilt forferdeleg, særleg når det skjer etter verdscupfinalen på slutten av ein lang sesong, seier Nina Johnsen, sportssjef i Norges Rytterforbund.

– Det er berre trist, både for sporten og dei som blir ramma, seier Johnsen.

Geir Madland har vore internasjonal dommar og funksjonær i ei årrekke, og har kontrollert mange hestar. Han kjenner ikkje til den konkrete saka i Saudi-Arabia, men seier at dødsfall i samband med konkurranse er sjeldan.

– Eg har vore dommar i nesten 30 år, og dette har eg sett tre–fire gonger. Det har vore heilt tilfeldig, og kunne like godt skjedd på eit jorde, seier Madland til NRK.

Han er trygg på at Chromatic BF var godt undersøkt før konkurranse.

– Hestane som konkurrerer i verdscupfinalen, har vore gjennom så mykje og er så utruleg veltrena, seier han.

Klarte ikke stå etter hodesmell 00:28

Publisert 20.04.2024, kl. 09.09

Read Entire Article