Naudetatane er på ulykkesstaden i Melhus i Trøndelag.
– Prioritet på staden no er å sikre skadestaden, samt førstehjelp til dei involverte, opplyser operasjonsleiar Bjørnar Gaasvik.
Han fortel at vegbanen på staden skal vere svært glatt.
– Ein bil skal ha køyrt inn i sida på motgåande bil, deretter i fronten på neste bil.
Tre personar er involvert i samanstøyten. Det er 70-sone på staden.
– Skadegrad er foreløpig uavklart, opplyser Gaasvik.
Fekk automatisk melding frå telefon
Klokka 16.50 opplyser politiet at ambulanse og legevaktbil er på staden.
– Politiet fekk melding om hendinga frå ein alarm frå ein Iphone som ringde automatisk inn til 110-sentralen.
Vegen er førebels stengd på staden.
Publisert 18.11.2025, kl. 16.48 Oppdatert 18.11.2025, kl. 16.57














English (US)