Det føregjekk skyting på ein katolsk barneskule og ei kyrkje i Minneapolis i USA, skriv guvernør Tim Walz på X melder ABC News.
Tre personar skal vere drepne, ifølge ein talsperson frå justisdepartement melder Reuters. Gjerningspersonen skal vere blant dei tre omkomne.
Minst 20 personar skal vere skadd. Nokon av dei skadde skal vere barn, melder CBS News. Elevane hadde første skuledag tilbake frå sommarferien måndag.
– Eg ber for barna og lærarane våre, der første skuleveka blei prega av denne fryktelege valdshandlinga, skriv Walz på X.
Naudetatane og FBI jobbar på staden. USA sin president Donald Trump er varsla om hendinga, melder Reuters.
Skytinga er del av fleire skyteepisodar i byen det siste døgnet. Tysdag blei ein drepen og seks såra i ei skyting utanfor ein ungdomsskule. Nokon timar seinare døydde to personar i to ulike skyteepisodar, melder NTB.