Ann Jorunn Hillersøy trekkjer seg som partileiar for Industri- og næringspartiet (INP). Det kjem fram i ei pressemelding måndag morgon.
I ein e-post til landsstyret skriv ho:
«Det har vore mange påkjenningar det siste året. Etter nøye overveging med mine rundt meg, har eg komme fram til at det beste for både meg sjølv og organisasjonen er at eg trekkjer meg frå mitt verv som partileiar, og fokuserer på andre oppgåver. Eg har tillit til at organisasjonen finn gode løysingar for leiinga av partiet, både på kort og lang sikt, » heiter det i pressemeldinga ho har sendt ut.
Hillersøy er den andre partileiaren som trekkjer seg i INP.
Grunnleggjar av partiet Owe Ingemann Waltherzøe trekte seg i fjor vinter.
Det var jubel for INP i kommune- og fylkestingsvalet i 2023. Men i perioden etterpå har partiet vore, som vart skipa av Ove Ingemann Waltherzøe vore prega av bråk. Han trekte seg i fjor vinter.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKHar mista mange medlemmer
Etter Waltherzøe følgde Joar Nesse som partileiar.
Men på landsmøtet i fjor vår vart han vraka, og Hillersøy overtok.
No gjev også Hillersøy seg.
INP har slite etter brakvalet i 2023, og mange medlemmar har meldt seg ut av partiet, viste ei kartlegging NRK gjorde i vinter.
– INP fekk ein veldig vekst, ein plutseleg popularitet, som vart vanskeleg å handtera i ettertid, sa Bjarte Folkestad til NRK tidlegare i år.
Han er valforskar ved Høgskulen i Volda og peikte på kranglar om posisjon og leiing som ein av årsakene til usikkerheit og oppsplitting i partiet.
Joar Nesse var partileiar ein kort periode i fjor vinter. No har han meldt seg ut av partiet. Han meiner krangling om makt og posisjonar gjer at INP mistar oppslutnad.
Foto: Olav Røli, NRKTrur på nytt leiarskap
Hillersøy skriv vidare at ved å trekkja seg no, vert det tid for organisasjonen i å finna nytt leiarskap til organisasjonen før valkampen.
– Eg vil takka for tida me har hatt saman og for samarbeidet, og ynskjer alle lukke til vidare, heiter det vidare i pressemeldinga.
Industri- og næringspartiet har årsmøte på Hamar 4–6. april.
Publisert 17.03.2025, kl. 09.15 Oppdatert 17.03.2025, kl. 09.56