– Det var éin time der ho ikkje hadde barnevakt rett før vi drog ned hit, og da gjekk det gale.
Slik er trenar Chris Jespersens enkle forklaring på at Astrid Øyre Slind fekk så store problem med akillesen at sesongopninga på Beitostølen rauk, etter at Jespersen altså ikkje hadde «passa på» Slind under ei treningsøkt.
Skaden oppstod på seinsommaren, men Slind hadde jobba seg tilbake. Ei veke før den nasjonale sesongopninga såg det lyst ut.
Så kom tilbakeslaget på verst tenkelege tidspunkt.
MISFORNØGD: Chris Jespersen likte dårleg at Astrid Øyre Slind ikkje følgde planen.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Oppgitt
Overfor NRK utdjupar Jespersen kva som skjedde:
– Ho skulle eigentleg gå éin time klassisk på mølle og éin time på stakemaskin. Men så enda det opp med at eg blei sittande i telefonen gjennom heile økta. Så da det hadde gått to timar, så hadde ho droppa stakemaskina og berre gått på mølla.
Astrid Øyre Slind bekreftar det trenaren seier. Tanken var at Jespersen skulle overta mølla etter ein time, forklarer ho.
Da han framleis snakka i telefonen, fortsette Slind å gå.
– Han blei litt oppgitt, men eg trur inst inne at han skjønte kvifor eg fortsette, seier ho.
– Alltid mi skuld
Slind påpeikar at ho hadde hatt tilsvarande økter på halvannan time tidlegare, og at ho ville teste om ho tolte to timar.
Da ho neste dag skulle prøve seg på ski, måtte ho konstatere at det gjorde vondt i akillesen.
– Det blussa opp, og eg måtte avbryte etter ein time. Da blei Chris irritert. Eg måtte legge meg flat, erkjenner Slind.
– Kven si skuld var det?
– Det er alltid mi skuld når det går dårleg. Og Chris si ære når det går bra, seier ho – vel å merke i ein munter tone.
– Heilt håplaust
Jespersen bekreftar at han irriterer seg over det som skjedde.
– Var det ein viktig telefonsamtale du var i?
– Det var jo ikkje det, veit du, så det var heilt håplaust, fastslår han og lovar nå følge enda betre med.
Etter råd frå det medisinske støtteapparatet til landslaget, droppa altså Slind konkurransane på Beitostølen.
DÅRLEG START: Astrid Øyre Slind reiste til Beitostølen. Det blei nokon rundar på Valdresflya, men ingen skirenn.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRKDei næraste dagane blir det vurdert om det er fornuftig å gå verdscup i Ruka i helga. Jespersen er tydeleg på at han trur det i alle fall ikkje er smart å gå den klassiske distansen.
– Vi får sjå om ho reiser og går skøyting. Ho treng gjennomkøyringar for å komme i gang, seier han.
– Vi må ta det alvorleg. Og det har ho verkeleg gjort i haust òg. Så ho skal ha skryt for det, ho har verkeleg tatt tak. Men det var ei økt der det blei litt for mykje, konstaterer Jespersen.
Om to veker er det verdscup på Slinds heimebane i Trondheim. Sesongens store mål er OL i Val di Fiemme i februar.
Publisert 24.11.2025, kl. 07.50

















English (US)