Jeswanthiny P. Mayooran
Overlege, Akuttpsykiatri
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Alle har sine måtar å feire jul på. Men av og til kan det vere greitt å setje seg ned, og tenkje over kva som er drivkrafta til vala vi tek.
Eg ser sonen min telje ned dagane til jul. «Advent er tida vi ventar på jul. Ikkje sant mamma?» spør han med eit stort glis rundt munnen.
Eg kjenner at det er mykje eg må forhalde meg til; alle gåvene eg må kjøpe inn, all baksten eg må lage, og handtering av den emosjonelle buketten med familien, som er særskilt vanskeleg på denne tida.
Mange av oss foreldre, strekkjer oss nok langt for å sikre ei god juletid for barna våre. Kanskje strekkjer vi oss lenger enn vi har kapasitet til? Alt skal vere perfekt. Jula skal vere magisk. Kanskje er vi ute etter å skape noko vi sjølv sakna frå vår barndom?
Krava er høge. Forventingane er store. Det hjelper nok ikkje at sosiale media også skildrar foreldre som skal klare alt. Vi skal mekke kalendergåver, finne på rampestrekar rampenissen har utført, og slik fortset lista. Men er alt dette verkeleg naudsynt? Hadde jula vore minst like magisk, utan alt dette?
«Mamma, vil du sjå ein julefilm med meg i dag? Eg har det fint når vi er saman.» Midt i alt vi skal gjere, gløymer vi kanskje det viktigaste: tid. Stresset og kaoset køyrer over kanskje nettopp dette. Ja, for magien handlar jo akkurat om det. Stoppe opp og ta tida til gode. Dei små auga som lengtar etter jula, hadde nok hatt det perfekt å berre vere saman med oss vaksne. Heilt i ro. Stille. Utan andre gjeremål. For den tida, passerer oss raskt forbi, medan vi slit oss ut med «det vaksne stresset». Illusjonen av ei perfekt jul, tenkjer eg er sjølvskapt av oss vaksne. Ein fin illusjon, men ein som tek vekk kjernen av essensen.
Eg har sjølv vore med i denne julestress-dansen. Ubevisste følelsar og idealet om å skape ei perfekt jul, har lenge styrt korleis eg sjølv vurderer meg som ei mor. Det materialistiske og det overflatiske, har fått stor plass, fordi det var ein del av min eigen oppvekst. Men då dukkar vel spørsmålet opp: kven og kva er det vi eigentleg forsøker å tilfredsstille? Er det alle forventingar vi trengjer å innfri?
Publisert:
Publisert: 20. desember 2025 14:00

4 hours ago
1











English (US)