Politiet i Tromsø fekk i helga fleire meldingar frå bebuarar i bydelen Tromsdalen om ein ubeden gjest.
Eit fysisk troll på omkring éin meter hadde forvilla seg dit.
Politiet utviste trollet frå bydelen, og tok det i varetekta si.
Trollet var ikkje var i stand til å gjere greie for seg.
Derfor tok politiet seg ein tur rundt i Tromsø sentrum i håp om å finne identiteten til trollet.
– Patruljen tok ein runde hos alle turistbutikkar og andre turistaktørar i byen, og spurt om det var trollet deira. Så langt er det ingen som saknar eit troll, seier ho.
Det seier June Wiesener, seksjonsleiar i Troms politidistrikt.
«Trollete arrestant» ventar i arresten
Dermed hamna trollet i kasjotten på Tromsø politistasjon, og så på hittegodskontoret.
Trollet er godt og vel ein meter høg, solid bygd og iført svart nikkers, svart og grøn vest og kvit jakke.
Dette er ein type troll som ein ofte ser i turistbutikkar.
Den trollete arrestanten er tilsynelatande i godt humør.
Foto: Troms politidistriktMen sidan ingen i Tromsø saknar eit troll, etterlyser nå politiet trollet sitt opphav via sosiale medium.
– Vi håpar å nå ut til fleire, for kanskje er det nokon som manglar eit troll. Vi håpar eigar eller andre som kjenner det igjen tar kontakt, seier Wiesner.
Dersom nokon saknar eit troll ventar ein «trollete arrestant» på hittegodskontoret på Tromsø politistasjon.
Wiesner seier dei ikkje har mange saker som denne.
– Det er ikkje så ofte vi har eit troll til overs, men det kan vere nokon som har fått. Har vi høve til å vere med på dei litt meir trivielle sakene, som denne, så gjer vi gjerne det.
Av andre kjenneteikn, har trolla berre ei tann.
Det er tilsynelatande i godt humør.
– Det er trist om nokon mistar det. Men det ser ut som at det har stått ute ei vinternatt før, seier seksjonsleiaren.
Publisert 01.09.2025, kl. 11.46 Oppdatert 01.09.2025, kl. 12.56