Trollstigen opnar fredag 11. juli

6 days ago 4



Den populære turistattraksjonen har vorte stengd sida juni i fjor grunna fleire farlege hendingar med steinsprang og skredfare. Etter fleire månadar arbeid for sikre vegen, er Trollstigen endeleg klar for besøk når den opnar førstkomande fredag.

– Arbeidet har vore krevjande, men nødvendig, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Det har vore ein utfordrande jobb i bratt og krevjande terreng, legg ho til.

No som dei endeleg er ferdig med å sikre vegen er det klart for trafikk.

Eg er veldig strålande glad. Kvar dag ein slik turistattraksjon er stengd, tapar ein millionar. Det fortel Ole Johnny Amundsen, tidlegare styreleiar i Romsdal reiseliv.

Ole Johnny Amundsen.

Strålande glad. Ole Johnny Amundsen har venta lenge på opninga av Trollstigen

Foto: Eline Håker / NRK

Tiltak for å sikre ein trygg attraksjon

20. juni i fjor vart vegen stengt etter å berre å vere open i ti dagar. Det har vorte mykje bekymring for tryggleiken til turistar i området.

No opnar den i forkant av ei helg med godt vêr i sikte, og eit yrande turistliv i fylket som hadde besøksrekord på over ein million besøkande i 2019.

Publisert 09.07.2025, kl. 10.06 Oppdatert 09.07.2025, kl. 10.53

Read Entire Article