Bakgrunnen er at eit knapt fleirtal i Naturvernforbundet sitt landsstyre ikkje lenger har tillit til han som leiar.
Gulowsen melder dette i ein post på Facebook. Han har vore leiar for organisasjonen i fem år.
– Det er trist og ikkje ei avslutning eg ønska, skriv han.
Gulowsen viser mellom anna til friksjon mellom han og tilsette i organisasjonen.
– Fram til i dag har eg vore sikker på at arbeidsmiljøutfordringane i sekretariatet har vore moglege å løyse gjennom betre samtalar, klarare interne prosessar og etablering av ein normal tilbakemeldingskultur, skriv Gulowsen.
Naturvernforbundet skal velje ny leiing på landsmøte til hausten.
Varsel i april
I april skreiv Aftenposten om ei varsel-sak mot Gulowsen. Då var det fleire tilsette som kritiserte han for måten han kommuniserte på. Nokre av dei tilsette skal ha opplevd han som skremmande.
Til NRK seier han:
– Det har vore uro på kontoret med ein del tilsette som har vore misfornøgde med min måte å handtere ting på. Dei fekk med seg delar av landsstyret til å vere meir kritiske enn eg synest var rimeleg.
Publisert 30.08.2026, kl. 20.47 Oppdatert 30.08.2026, kl. 20.59









English (US)