Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) legg fram havbruksmeldinga i Bergen torsdag.
Heile næringa er spent på korleis den framtidige havbrukspolitikken blir.
Mowi er verdas største produsent av atlantisk laks. Administrerande direktør Ivan Vindheim seier dei nye tollsatsane til Trump vil bli krevjande for bransjen.
– Laks er jo eit veldig internasjonalt produkt, og USA er verdas største enkeltståande marknad for atlantisk laks. Kvar femte norske laks som blir spist i verda, blir spist i USA, seier han.
Donald Trump viser fram oversikt med alle de nye tollsatsane, 2. april.
Foto: Reuters– Må sørge for at kostnadsnivået går ned
Sjømat er Noregs nest største eksportvare, berre slått av olje og gass. Hittil i år har havbruksnæringa eksportert for 31,6 milliardar kroner, ifølge Norges sjømatråd.
Dei nye tollsatsane til USA slår hardt. Likevel meiner næringa dei kan takle det meste av det marknaden har å by på av motstand, så lenge politikarane her i landet legg til rette for dei.
– Uansett kva vi gjer, så er det aller viktigaste det norske politikarar har kontroll på: rammevilkåra for næringa. Dei må sørge for at kostnadsnivået går ned, seier Vindheim.
Konsernsjef i Mowi Ivan Vindheim.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKMowi-sjefen besøkte tysdag eit av Mowi sine oppdrettsanlegg, på Vigra i Giske kommune saman med Høgreleiar Erna Solberg. Begge deltek på Norges sjømatråd sin årskonferanse i Ålesund.
– Treng stabile forhold
Solberg meiner dagens regjering ikkje kjem til å betre situasjonen for oppdrettarane med skattelette.
– Dei kjem ikkje til å ordne opp i konkurranseforholda for næringa. I den forma at dei ikkje vil gjere noko med skattesystemet rundt næringa, eller formuesskatten. Det er ting som bidreg til ei betydeleg økt belastning, seier ho.
Erna Solberg besøker fiskeoppdrettsanlegget til Mowi på Vigra i Giske.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKGeir Ove Ystmark, administrerande direktør i Sjømat Norge, seier at dei meir enn nokon gong treng stabile forhold her heime.
– Vi må sette vår lit til at styresmaktene gjer sitt beste for at norske sjømatprodusentar ikkje blir ramma av ein eventuell beskyttelsestoll frå EU, seier han.
Ystmark peikar også på at dei store utfordringane i marknaden kjem i tillegg til at norske styresmakter alt har auka skattane.
Oppdrettsanlegget til Mowi ved Vigra i Giske kommune.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKTo grep
Bjørnar Skjæran deltek i debatten i Ålesund. Han er tidlegare fiskeriminister og parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet.
Skjæran lovar at dei skal gjere sitt for havbruksnæringa.
Han nemner spesielt to grep: havbruksmeldinga og at Ap-regjeringa jobbar for å vareta norske interesser internasjonalt.
– Den aller viktigaste jobben for regjeringa akkurat no er å jobbe internasjonalt mot EU, mot USA og fleire for å avgrense dei negative skadeverknadene av handelskrigen som er i gang, seier han.
Debatt under Sjømat Norge sin årskonferanse i Ålesund. Per Ivar Lied (Sp), Bjørn Skjæran (Ap), Sylvi Listhaug (Frp) og Erna Solberg (H).
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKKva som står i havbruksmeldinga, vil ikkje bli offentleg før torsdag, men Skjæran meiner den vil vere positiv for oppdrettsnæringa.
– Vi vil i havbruksmeldinga legge fram tydelege grep for å sikre at det framleis kan vere vekst og utvikling i ei næring som er så viktig for Noreg.
Publisert 08.04.2025, kl. 15.10 Oppdatert 08.04.2025, kl. 19.24