Underskriftskampanje etter OL-drama - blir samanlikna med kjempeskandale

2 hours ago 2



Det franske paret Laurence Fournier Beaudry og Guillaume Cizeron tok gull – hårfint framfor Madison Chock og Evan Bates etter den avsluttande fridansen onsdag.

BBC kallar dei «kontroversielle meistrar», og det har blitt oppretta ein underskriftskampanje for å starte ei etterforsking av dommarane - som har fått 13.000 underskrifter i skrivande stund.

Samtidig betyr OL-gullet at det franske paret kom seg gjennom ein bokskandale før leikane, beheldt roa og klarte å prestere sitt beste.

Gulldramaet har ifølge Newsweek fått fleire fans til å trekke ein parallell til dommarskandalen under OL i 2002, da ein fransk dommar først innrømte å ha blitt pressa av eige forbund til å sette eit spesielt par først, men seinare trekte tilbake uttalen.

Eit nytt poengsystem blei oppretta som følge av denne kontroversen.

Seierspallen i isdans i OL.

PALLEN: Dei tre medaljepara samla. Frå v.: USA, Franrkike og Canada.

Foto: Stephanie Scarbrough / AP / NTB

– Vi er framleis i sjokk, forklarte Cizeron om gullet på pressekonferansen etterpå.

Vanity Fair kallar det «ei merkeleg avgjerd» av den franske dommaren i Milano. Chock og Bates blei torsdag spurt om dei vil vurdere å komme med ein anke rundt dømminga.

– Eg antar vi vil vurdere det. Eg tenker at det er ein veldig subjektiv sport, men eg tenker også at rettferd er bra når ein vurderer arbeidet til dommarane. Ikkje berre etter denne konkurransen, men til alle konkurransar, for å sørge for at det er rettferdig og at alle har like moglegheiter, sa Chock ifølge Access.

Den vanlegvis så forsiktige kunstløplegenda Scott Hamilton går ifølge Vanity Fair så langt at han er «overraska» over resultatet: «Den såg eg ikkje komme».

Til NBC seier ein talsperson i Det internasjonale skøyteforbundet (ISU) at det er normalt at det er forskjell i poengivningen.

– ISU har full tiltru til skåren som er gitt, og jobbar fullt for rettferd, seier talspersonen.

Laurence Fournier Beaudry og Guillaume Cizeron tok gull i isdans

– Vanskeleg å seie at det blei dømt skeivt

NRK-kommentator Fredrik Island Gustavsen forklarer kontroversen slik, som primært handlar om rytmedansen måndag:

– Den franske dommaren gav Cizeron/Fournier Beaudry nesten åtte poeng meir enn Chock/Bates, sjølv om Cizeron kom ut av skjer på twisslene sine.

Fredrik Island Gustavsen i rød jakke

NRK-KOMMENTATOR: Fredrik Island Gustavsen.

Foto: NRK

Twisler er raske roterande piruettar i fartsretning på eit bein

NRK-kommentatoren er likevel varsam med å antyde at det blei dømt til fordel for det franske paret.

– I det vi kallar programkomponentane skårar dei franske jamt over betre frå nesten alle dommarar. Ut frå det er det vanskeleg å seie at det blei dømt skeivt.

– Det kjennest nok ekstra surt for amerikanarane, som berre mangla det individuelle OL-gullet i medaljesamlinga si, mens franskmennene berre har gått saman i knapt ein sesong, seier Gustavsen.

Chock og Bates i isdans.

SØLV: Chock og Bates var favoritt hos mange, men enda opp med sølvet.

Foto: Natacha Pisarenko / AP / NTB

– Samtidig var Guillaume regjerande OL-meister med Gabriella Papadakis frå 2022 og Laurence ein særs habil isdansar, så heilt overraskande var ikkje denne sigeren.

BBC fastslår at «om dømminga i kunstløp faktisk er objektiv, er ein debatt som har gått føre seg like lenge som dei olympiske leikane har eksistert». Det er jo ganske rett: Norske Sonje Henie blei bortdømt i 1924-OL, fordi ho berre var elleve år gammal.

Evan Bates og Madison Chock måtte nøye seg med sølv.

Dommarkabal

Mange vil nok spørje korleis det kan ha seg at dommarar frå land som er med i medaljestriden får lov til å dømme i konkurransen. NRKs ekspertkommentator Espen Røtterud Runås forklarer at nasjonar som har kvalifiserte løparar er med i ei loddtrekking.

– 13 nasjonar får da med dommarar. Nasjonane vel sjølv kva dommar dei vil sende. 45 minutt før rytmedansen blir ni trekte ut til å dømme rytmedansen. Dei fire som ikkje blir trekte ut der får automatisk plass i fridansen. Av dei ni som dømte rytmedansen blir det trekt ut fem stykke 45 min før fridansen startar.

– Så for eksempel her hadde både Canada og Frankrike med dommar i begge program. USA og Italia hadde også med dommar i fridansen, men blei ikkje trekt ut i rytmedansen. Det er rein og skir loddtrekking, forklarer NRK-eksperten.

Publisert 13.02.2026, kl. 12.03 Oppdatert 13.02.2026, kl. 12.12

Read Entire Article