USA tar opp at leveransar av våpen til Ukraina

17 hours ago 5



Det melder den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj på Telegram.

Han opplyser vidare at det skjer etter samtalar med militære leiarar og USAs spesialutsending til Ukraina, Keith Kellogg.

– Vi har fått gode politiske signal, også frå USA. Ifølgje alle rapportar er leveransane i gang att, og vi jobbar vidare med nye avtalar, skreiv Zelenskyj.

Han understreka at meir luftvern, fleire våpen og rask gjennomføring av avtalane er høgaste prioritet for Ukraina.

Amerikanske myndigheiter har ikkje kommentert utsegnet.

USA stansa våpenleveransane til Ukraina tidlegare i juli etter ei avgjerd frå forsvarsminister Pete Hegseth. Ifølgje CNN skjedde det utan at president Trump blei varsla på førehand.

USA stansa våpenleveransane til Ukraina tidlegare i juli etter ei avgjerd frå forsvarsminister Pete Hegseth. Ifølgje CNN skjedde det utan at president Trump blei varsla på førehand.

USAs spesialutsending for Ukraina, Keith Kellogg, kjem til Kyiv 14.juli, og skal vera i landet i ei veke. Kellogg var også i Kyiv i februar, ein månad etter at USAs Donald Trump tok over som president.

Den ukrainske avisa Kyiv Independent skriv at vitjinga skjer samstundes med funderingar på om Trump skal bruka sin autoritet som president til å gi Ukraina ei ny militær hjelpepakke.

Publisert 11.07.2025, kl. 19.33 Oppdatert 11.07.2025, kl. 19.57

Read Entire Article